I går blei det holdt eit «stormøde for kultur- og folkeoplysningsaktører» i København for personar, grupper og institusjonar som vil vurdere å gå saman om ein ny radio- og tv-kanal. Bibliotek er ein av desse, ifølgje bloggen til direktøren for Danmarks biblioteksforening. I det vi kan lese er museumsektoren mest tydeleg. Samvirkerørsla står også i kulissane. Vi kjem tilbake når vi veit mer.
NB: I DAB-Noreg kan dei høge konsesjonskrava vere eit hinder, har nokon sagt?
Her på bloggen har vi skrive ein del om bibliotek som publiserer og som bør publisere, men ser at vi enno ikkje har ein tagg til det. Det kjem om ikkje lenge. Men sjølve konseptet som fødte denne bloggen, Biblioteket-tar-saka, handlar om publisering.
Vi registrerer også at det skal vere ein stor IFLA-konferanse i Dublin om få dagar, der blant anna OsloMet framstår med to innleiarar. Men det kan dessverre sjå ut til å bli lite om folkebibliotek: IFLA Special Interest Group (SIG) on Library Publishing. Kan hende nokon skriv om dette når dei kjem heim?



Bibliotekarforbundet har lenge hatt ei aktiv arbeidsgruppe for e-bøker, men som no går heilt opp i dei elektroniske lydbøkene. For denne litterære formidlingsforma har blitt ei stor sak i riksmedia dei siste par vekene. Det starta med at sjefane for storbybiblioteka ytra seg i Aftenposten 8.2. og
Rogalands Avis har (bak betalingsmur) hatt fleire oppslag den siste tida om at bibliotek i distriktet har late det såkalla Selvstendighetspartiet halde lokale stiftingsmøte i biblioteklokala.
Vitskapsjournalist Bjørn Vassnes i Klassekampen har i dag ei dobbelside der han oppsummerer forskinga rundt skjerm versus papir og korleis dei har ulik innverknad på lese- og dermed skriveevna og dermed kognitive, sosiale og fysiske evner. Og dermed på demokratiet. Undervegs er det ikkje fritt for at han då må kritisere mykje pedagogisk og politisk praksis rundt landet, der iPaddar og liknande har fått dominerande innpass i skoledagen.
