– Vi er «i praksis avskåret fra den nasjonale filmhistorien»

I Morgenbladet 4. mars skriv Olaf Haagensen under tittelen «Jeg vil ha muligheten til å se Vibeke Løkkebergs filmer» (bak betalingsmuren). Han har gjennom ei tilfeldig vising av filmen «Åpenbaringen» oppdaga ein av landets klart beste filmregissørar, heidra blant anna med Filmkritikerprisen i 1982 og Amandakomiteens Ærespris i 2015. Men samtidig har han oppdaga at filmane hennar er praktisk talt umulege å få sett: «Den eneste av langfilmene Løkkeberg har regissert som er tilgjengelig for hjemlån i biblioteksystemet, er Løperjenten fra 1981.» (Eit par dokumentarfilmar og ein kortfilm finst i tillegg).

Her på bloggen har vi vore inne på det same og stilt spørsmålet: «Kan biblioteket redde kvalitetsfilmen i Norge?» Der vi skisserer ei enkel løysing basert på fjernlån av DVD-samlingane i dei biblioteka som enno ikkje har skrota sine. Men dette ville vere ei tidsavgrensa naudløysing då DVD-ane no blir utfasa som medium. Det einaste «berekraftige» vil altså vere å utvide biblioteka si strøymeteneste Filmbib.no til å omfatte spelefilm, ikkje berre dokumentar og kortfilm.

Haagensen avsluttar med eit hint, som biblioteksektoren bør ta til seg: Les mer «– Vi er «i praksis avskåret fra den nasjonale filmhistorien»»

Sverige: Biblioteket ein del av totalforsvaret?!

Skjermbilde 2019-03-04 14.48.09
På et «klotterplank» på Malmös Högskola

Sjå også kommentarfeltet

I Svenska Dagbladets nettutgåve fredag 1. mars finn vi ein tittel vi aldri har sett maken til: Bibliotek kan få ny roll – i totalförsvaret: ”Kulturkrig” (bak betalingsmur, men ein har då bibliotekkontaktar også over Kjølen). Det handlar om den nasjonale svenske bibliotekstrategien som blir lansert torsdag denne veka. Bloggaren får dessverre ikkje høve til å følgje han opp før i neste veke, men dei mange som absolutt bør vere interesserte i Noreg kan sjå på SVT 2 torsdag kl 15.15–16.00.

Dei som har lese denne bloggen dei siste par åra har fått med seg ein god del om svenskestrategien. Arbeidet har pågått i over to år, og det er noko mykje meir ambisiøst enn dei norske strategiane, som mest handlar om Nasjonalbiblioteket sine oppgåver. Den svenske vil famne om alle bibliotekatypar, frå skolebibliotek, via folke- til fag- og forsking.

SD intervjuar blant anna Joacim Hansson, professor i bibliotek- og informasjonsvitskap. Han er klår på at strategien tar utgangspunkt i bibliotekets demokratiske rolle. Eit stikkord er kampen mot falske fakta, men her er dette også konkretisert til biblioteka sine bidrag i verklege krisesituasjonar, frå terror til miljøkatastrofar, då desinformasjon og kaos vil spreiiast aktivt frå ulike kjelder.

Hansson (ein kjend person for lesarane av denne bloggen) har vore sentral i referansegruppa og seier ifølgje SD at strategien handlar om … Les mer «Sverige: Biblioteket ein del av totalforsvaret?!»

Mot normalt i EU-parlamentet?

M24 pusher ei NTB-melding i dag om at «et flertall på 16 mot 9 EU-parlamentarikere stemte for å godkjenne forliket da det kom opp til komitébehandling tirsdag. Dermed er alt klart for det endelige oppgjøret i plenum. Der vil avstemningen finne sted under sesjonen som løper fra 25. til 28. mars.»

Men vidare er det klårt at «Motstandere av de nye reglene satser nå alt på å vinne denne plenumsavstemningen, som under normale omstendigheter ville vært en ren formalitet.»

Det er ikkje fyrste, men heller ikkje siste gongen vi skriv om EUs opphavsdirektiv.

PS: Følg bloggen via epost, saman med p.t. 747 andre: Gå til kolonna til høgre og skriv inn e-postadressa di.

Viktig om ytringsfridom og arrangement i biblioteka

Tidsskriftet Bibliotekaren nr. 1/2019 har nærmare tjue sider og seks artiklar om ytringsfridom, debattar i bibliotek, utleige av møterom til ulike «ubehagelige eller utålelige» organisasjonar. Aller viktigast er nok redaktør Bergans gode oppsummering av korleis biblioteka har takla det redaksjonelle, juridiske og praktiske i samband med utlån av møterom til «vanskelege» organisasjonar.

Det har vore lite dramatikk samanlikna med … Les mer «Viktig om ytringsfridom og arrangement i biblioteka»

Bibliotekets eigenart

Frå Moss bibliotek og ut

Dette kjem tydelegare enn nokon gong fram i denne annonseringa i dag av ein «biblioteksjefplakat» frå dei tre fagforbunda som organiserer bibliotekarar og Norsk Bibliotekforening. Initiativtakarane «har sett seg lei på at et økende antall biblioteksjefer opplever at de mister myndighet over eget fagområde eller at de blir tillagt andre fag- eller ansvarsområder som en utvidelse av biblioteksjefstillingen. Områder som i utgangspunktet ikke defineres som bibliotekfaglige kjerneoppgaver.»

PS: Her kunne ei eksempelsamling vore på sin plass. Eventuelt anonymiserte. Vi opnar for dette i kommentarfeltet nedanfor.

Dette dokumentet kjem i rett tid, for aldri har bibliotekfeltet vore så dynamisk, på godt og vondt. Ta berre dette med … Les mer «Bibliotekets eigenart»

Surprise! Det ER samanheng mellom mediebudsjett og utlån

«An Absence Of Conflicting Views Is Harmful To Social Processes And Leads To A More Superficial Democracy». Klikk og sjå fleire av Magnus Bjerk sine foto frå Deichman.

Folkebiblioteket i hovudstaden er alt ute med bibliotekstatistikken for i fjor, og i Dagsavisen i dag (26.2.) kan vi lese om auke både i besøket og utlånet: «I 2018 økte nemlig utlånet med 5,7 prosent. Av årsrapporten går det frem at tallet har vært nedadgående hvert år siden 2014. Resten av landet har også hatt den samme trenden.»

Og biblioteksjef Knut Skansen gjer det klårt at dette ikkje skjer tilfeldig: Les mer «Surprise! Det ER samanheng mellom mediebudsjett og utlån»

Fjernmagasin med smell

Er det berre eksentrisk eller egosentrisk eller også dystopisk (om Jorda går under osv.)? Første eksemplar av The Lunar Library skal landast på Månen i april i år. Dei mange milliardar bitane av kunnskap om Jorda er ekstremt komprimerte og lagra i fleire analoge og digitale format. Solsystemet skal «peprast» med mange fleire eksemplar, så sjansen aukar for at etterkomarane våre, eller andre, skal kunne finne eit av dei. Om dei er interesserte.

Innteningskravet må vekk

Hovudoppslaget på kultursidene til Klassekampen 25.2. handlar om purregebyr eller ikkje i folkebiblioteka. Dei fleste som er intervjua har anten kutta det ut eller vurderer å gjere det, anten til barn eller også vaksne.

Nokre meiner likevel gebyr har ein funksjon og er i tvil om det rammar sosialt.

Mest tvilsamt meiner vi det likevel er at bibliotek må halde på gebyr fordi dei har pålegg om inntening. Sandnes, som viser til dette i ei bisak i avisa, er ikkje det einaste.

Dette blåruss-påfunnet frå 1980-åras tidlege New public management-epoke står i grell kontrast til heile bibliotekideen og til og med den blå-blå Granavolden-plattforma med dei mange godorda om lesefremming, skulle vi meine.

Biblioteksjefar som framleis slit med dette burde vel kunne få hjelp frå bibliotekorganisasjonane?

Saka i Klassekampen byggjer på ein artikkel i Bok og bibliotek nr. 1. Som igjen i stor grad byggjer på, og viser til, denne bloggposten vi hadde i desember.

Radikal innkjøpsvri

Også i Klassekampen i dag: «Boldbooks-gründer Kristin Over-Rein [sendte] Kulturdepartementet et nytt forslag til innkjøpsordning for ny norsk skjønnlitteratur. … I forslaget blir det blant annet foreslått at bøker skal meldes på anonymt og at bibliotekene selv skal få bestemme hvilke bøker de vil kjøpe inn.»

I desse Gisketider

NRK.no etter budsjettlanseringa i 2007. Klikk og kik.

For ti-femten år sidan var det raudgrøne tider i regjeringskvartalet, også på kulturfeltet med eit motig, sjølverklært kulturløft. Og med Trond Giske som sjølve kulturløftministeren dei første fire åra. Men underteikna, då i eigenskap av nettredaktør i Norsk Bibliotekforening, hugser korleis han heile tida avviste NBF-leiar Anne Hustad sitt krav om eit meir presist og ambisiøst bibliotekløft. I budsjettlansering etter budsjettlansering parerte han det med lovnad om ei storveges bibliotekmelding. Noko også Knut Olav Åmås kommenterte i den minnerike kronikken Blålys for biblioteket. Men bibliotekmeldinga skulle ikkje stoppe den markante bibliotek-nedturen, trass i kulturløftet, ifølgje Anne Enger-utvalet i 2013.

Men dette skal skal også seiast om Trond Giske og biblioteksaka: Les mer «I desse Gisketider»

Skolebibliotekutfordringar med meir

Håvard Rem skriv denne veka i Dag og Tid om masteroppgåva til Kristoffer Tyssøy Høisæther der lærebøkene i mellomalderhistorie for grunnskole og vidaregåande blir granska. Konklusjonen er kort fortalt som på denne forsida: Norske elevar lærer at europearane i mellomalderen var vonde og valdelege, medan muslimane var tolerante.

Professor Gjert Vestrheim går god for oppgava: Les mer «Skolebibliotekutfordringar med meir»

Til Sira Myhre og Persen: Bibliotek treng ikkje slite med jamlege debattmøte

Skjermbilde 2019-02-20 22.01.17
Betre høyringar ved hjelp av biblioteket

Vi refererte tidlegare i dag til motseiinga som Klassekampen ville ha fram mellom arrangement i biblioteka versus litteraturformidling og lesefremming. Men alle bibliotek treng ikkje jamleg stresse med dei krevjande og dyre debattarrangementa. Berre å få tak i gode nok møteleiarar kan jo vere eit sant h… . Men biblioteka, kvart stort eller lite bibliotek i Noreg, kan bidra vesentleg også til andres arrangement, til dømes kommunale høyringar, med kunnskap rundt dei aktuelle tema, i form av førebuande bokutstillingar i biblioteket, tematiske lenkesamlingar på heimesida, i sosiale media og i epost direkte til dei involverte partane.

Her høyringar som er aktuelle rundt i landet akkurat no.

I lovproposisjonen, i merknaden til føremålsparagrafen, noko som er viktig i alle lovtolkingar, finn vi utdjuping av dette: «Både den fysiske og digitale møteplassfunksjonen og formidlingsansvar for alle typer medier, omfattes av loven ved at bestemmelsen holdes teknologinøytral.»

PS: Følg bloggen via epost, saman med p.t. 747 andre: Gå til kolonna til høgre og skriv inn e-postadressa di.