Endå meir kuriøst

Når no først bloggaren er på Voss stasjon, på veg heim med Bergensbanen, kan han unne seg å minnast at han på perrongen her, for første og einaste gong, 24. oktober 1987, i ovmot, veksla nokre ord med diktaren Olav H. Hauge. Og skrøyt av eit av dikta hans. Truleg var det Det er den draumen (flott dikt, men det som 99 prosent ville valt). Han svara høfleg og blidt. Han venta på nokon med toget frå Bergen. Kven? Kan Bodil C. ha vore ute på noko? Skal sjekke i dagbøkene hans (for ei gullgruve!)

For vår del var dette etter ein bibliotekkonferanse på Voss, truleg om videokassettar i biblioteka, som var hot då. Togturen mot Oslo bar mest preg av Brann-tilhengjarar som skulle til cupfinalen på Ullevål. Mot Bryne. Stemninga var nok ikkje så høg på toget heim. Bryne vann 1-0 etter skåring av Kolbjørn Ekker i første ekstraomgangen.

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: