Bibliotekkriser – teikn på at samfunnsverdiar er svekte

Skjermbilde 2019-06-30 12.48.43

Innsamlingar må til for alt anna enn helse. Her frå biblioteket i Manchester

På den britiske nettstaden Politics.co.uk tar ein sabla god kronikk 25. juni utgangspunkt i at biblioteka har tapt i budsjettkampane. Men vinnarane etter snart ti år med reindyrka marknadsliberalt høgrestyre er ikkje som Carl I. Hagen alltid messa her heime: Eldre, helse og skole. Nei, helse har soleklår prioritet i dei politiske kampane i dronningriket: «Politicians have learned that it’s the service that matters most in public discourse.» Nedlagde bussruter på bygdene, hol i vegbanen og at lærarar må betale skolemateriell privat, er blitt heilt uinteressant.

Eit anna prov på dette …

er at mens styresmaktene i fjor feira 70-årsjubileet til NHS – National Health Service – i verkeleg stor stil, vil ikkje hundreårsjubileet til den nasjonale biblioteklova få noka som helst offentleg merksemd.

Men vi bør også reflektere over verdien av tenester som ikkje gjev så beinveges fordelar, meiner kronikøren. Bibliotektenestene minner oss om dei grunnleggjande verdiane i eit ansvarleg samfunn. Demontering av biblioteka er ikkje berre eit resultat av økonomisk innstramming, men av at desse verdiane er svekte.

Vi har skrive mykje om bibliotekkrisa i UK her på bloggen. Sjå stikkorda Storbritannia og Bibliotekkriser. Sjå fleire stikkord i kolonna til høgre.

 

One Trackback to “Bibliotekkriser – teikn på at samfunnsverdiar er svekte”

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: