Atekst og søk i basar: Nedslåande frå Sandefjord

Skjermbilde 2019-08-05 23.41.43

Årleg publikasjon då biblioteka rula innan datasøking. NB: Finst ikkje i bokhylla.no. Kan nokon digitalisere dei??

>> Sjå viktige kommentarar nedanfor

Læringssenteret ved Sandefjord videregående skole har tatt eit godt initiativ, i nært samarbeid med Institutt for Arkiv, bibliotek og informasjonsfag ved OsloMet: Ved to høve dei siste åra har dei undersøkt kor mykje lærarane bruker databasesøk som er tilgjengeleg via læringssenteret (tidl. biblioteket), og meir spesifikt avisartikkelbasen Atekst. Men desse respondentane, altså ei gruppe med både fagspesifikk mastergrad og pedagogisk utdanning, ved landets største vidaregåande skole og med eit høgst oppegåande læringssenter (vi har vore der og sett), avslørte eit farleg lågt nivå:I utgangspunktet var det svært få, berre 5 prosent, som brukte basen jamnleg, og til og med i den nyaste undersøkinga, etter at Atekst faktisk blei lovleg som hjelpemiddel under eksamen, sa heile 22 av 31 lærarar i fag der det er naturleg å drive databasesøk, at dei aldri brukte han.

Her på bloggen har vi heile tida vore opptatte av kunnskapsbiblioteket og først og fremst urolege for at biblioteka si abdisering på tidleg 2000-tal i høve til Google-søking kan gje gjennomgripande følgjer både for biblioteka og for brukarar og ikkje-brukarar.

Dette må vere det mest alvorlege provet til no på at det går den vegen. I oppsummeringa av prosjektet, som omfattar ein god del meir, heiter det at dei må marknadsføre tenesta betre, men slik det er formulert i oppsummeringa får ein ikkje inntrykk av det vil gå glatt.

6 Responses to “Atekst og søk i basar: Nedslåande frå Sandefjord”

  1. Dette er urovekkende, og absolutt et område vi som bibliotekfolk i mange ledd må ta godt tak i og arbeide systematisk med for å bedre.

  2. Tja, hva dette beviser er jeg noe usikker på. Jeg for min del leser bruken av Atekst ved Sandefjord vg. mer som uttrykk for en arbeidsmåte hvor litteratursøk tydeligvis ikke er en del av det pedagogiske opplegget. At kunnskapsbibliotekene har abdisert i forhold til Google-søking stiller jeg meg også spørrende til. Ved OsloMet har vi f.eks. litteratursøketilbud på mange ulike nivå, fra nettveiledninger, faste veiledningspunkt og undervisning til systematiske litteratursøk for forskningsprosjekter. Vi ser av undervisningsstatistikken vår at omfanget av litteratursøk, som en del av studentenes undervisning, varierer veldig fra fakultet til fakultet. Særlig innenfor helsefagene hvor evidensbasert undervisning er en sentral arbeidsmåte, er etterspørselen etter bibliotekarens bidrag i perioder større enn kapasiteten. At bibliotekarene også gjør en forskjell kan vi f.eks. se i takksigelsen til denne fagartikkelen fra 2019: «We are indebted to our librarians Bettina Grødem Knutsen, Ingjerd Legreid Ødemark and Elisabeth Karlsen at the Learning Center and Library, Oslo Metropolitan University. Without their expertise this research would never have been accomplished.”

    • Mange takk for kommentar, Klaus Jøran Tollan.

      Til det første du kommenterer, så stør eg meg på rapporten som altså seier at dei spurde lærarar «som underviser i fag hvor bruk av Atekst kan tenkes å gi et spesielt faglig utbytte eller være faglig relevant: språkfag (herunder norsk), samfunnsfag, historie og service og samferdsel». Eg veit lite om pedagogikken i dag i den vidaregåande skolen, men er det muleg, i desse faga, å 1) ikkje ha behov for å hente kunnskap frå Nettet? Og då meir kvalitetssikra kjelder enn å Google? Og 2) det må vel også bety at lærarane ikkje legg inn kunnskap og oppmoding om litteratursøk i undervisninga? Er det muleg? Eller kan det vere «lovleg», i høve til mønsterplanar eller kva det heiter?

      Til det andre punktet ditt: Eg ser at kva lektorane gjer og ikkje gjer i Sandefjord ikkje nødvendigvis heng saman med kva læringssenteret gjer og ikkje gjer. Kjepphesten min om at biblioteka har abdisert handlar om opplevinga mi frå det tidlege 2000-talet. Fram til då hadde entusiasmen i bibliotekmiljøa vore stor særleg rundt å bidra til og bruke emnekatalogar (som BIBSYS emnekatalog og Detektor) til å formidle nettressursar aktivt. Då Google blei så dominerande blei dei etter kvart lagde ned, og ingenting sto att. Eg har skrive meir om dette her: https://bibliotekettarsaka.com/2019/02/05/folkebiblioteket-sine-domenetap/

  3. Det er riktig at resultatene fra Sandefjord vgs tyder på bruken av Atekst er svært lav blant de spurte lærerne. Det er vel grunn til å anta at det kan gjelde andre databaser som læringssenter og bibliotek i vgs tilbyr også. For å kunne øke oppmerksomheten rundt, kunnskapen om og bruken av slike ressurser, trenger vi mer kunnskap! Vi må vite mer om den faktiske bruken i dag, og kanskje finne eller skape de gode eksemplene på hvordan bibliotekarer, lærere og elever kan utnytte disse ressursene til det beste for skolen.

    Atekstundersøkelsen ved Sandefjord vgs inngår som er en liten del av et større kartleggingsprosjekt av bruken av Læringssenteret (https://sites.google.com/view/svgs-brukavlaringsenter/start). Kanskje tiden er overmoden for å sette i gang et nytt prosjekt, der nettopp (formidlings)arbeidet med denne delen av vgs-bibliotekets samling er i fokus? Noen som blir med?

    Heidi Kristin Olsen, ABI

Trackbacks

Leave a reply to Hildegunn Hestnes Avbryt svar