Miles og Jensen med meir

Skjermbilde 2019-10-03 14.20.28

Frå ei skoleoppgåve av Axel Jensen frå 1948. Faksimile i Jazznytt

I serien blogginnlegg med taggen Hugs tidsskrifta tipsar vi om tidsskrift og idear om formilding av dei. Vi informerte Norsk tidsskriftforening om denne verksemda, og no er både e-postkassa og den fysiske fulle av leseeksemplar! Så må vi ta eitt av gongen. Denne veka det nyaste nummeret av Jazznytt, med blant anna små artiklar («minner») om Miles Davis, skrivne av folk som Bjørn Stendahl, Arild Andersen, Palle Mikkelborg … you name them.

Og ikkje minst ein forsmak på ein komande biografi om Axel Jensen av Torgim Eggen. Her om Jensen sitt tilhøve til jazzen. Som var nært. Jazzen var den første, av fleire, subkulturar han hadde kontakt med.

Kva med ei utstilling i biblioteket av bøker rundt dette nummeret av Jazznytt? Om og av Axel Jensen og Miles Davis? Og alle har vel ikkje skrota CD-samlingane? Jazzbøkene står vel der i alle fall.

PS: Kven trudde jazz var for gamlisar? Jazznytt har i alle fall dei minste fontane (10 eller 9-punkts?!) i norsk tidsskriftflora.

Leave a Reply