Jæ bara lurær, som vi seier i Østfold: Bloggaren har no ganske bra greip om å snakkeskrive, altså å bruke innlesing som blir til skrift, som så blir justert på eit tastatur. Men kva då med jobbing på eit bibliotek? Den stille lesesalen er jo tilpassa og utstyrt for studium og anna grundig jobbing, men bør vel framleis vere ganske stille. Kva med andre areal? Og kva den dagen «alle» jobbar på denne måten?
Fotoet er frå verdas mest ikoniske lesesal (?), The Old Reading Room, ved tidlegare British Library i London, no British Museum. Men salen har vore stengd, for ikkje å seie hermetisert, i fleire år. Bloggaren knipsa der i 2004.
Leave a Reply