I februar forsøkte vi i eit innlegg å lage litt rabalder om kor spesielt vanskeleg det kan vere på nb.no å søkje og finne stoff om bibliotek og bibliotekarar i skjønnlitteratur, ganske enkelt fordi Nasjonalbiblioteket også har skanna alle stempla og exlibrisane til dei opprinnelege eigarbiblioteka. Men i dag fann vi ei imponerande liste over slikt innhald på den britiske bibliotekbloggen Publiclibrariesnews.com: «Books which feature public libraries».
Mykje av dette er lenker til wikipediaartiklar (men denne hadde vore minst like viktig!), noko går til bokomtalar, noko til Goodreads og liknande litteratursosiale media, noko til pedagogiske nettstader, noko til forfattarnettstader og noko berre til nettbokhandlar (som vi ikkje bryr oss om å reklamere for, særleg éin).
I Noreg og for norsk litteratur ville vi jo brukt Nettbiblioteket.no og lenka til full tekst der det er muleg.
Skal vi starte ein dugnad? (her på bloggen har vi alt ei samling med seks titlar som vil høyre til på ei slik liste, men som dessverre ikkje er spesielt flatterande for verken bibliotekarane eller forfattarane (mest det siste)).
PS: I innlegget i februar skreiv vi at domenet Nettbiblioteket.no ikkje var i bruk. Men no er det det, og det er NB som har sikra seg det. Bra.
Leave a Reply