Tur- og kulturbokbadturné [«Annonse»]

Mens sjøormane i Loch Ness og Seljordsvatn er blitt ganske utvatna etter fleire resultatlause sonarsøk, herskar det ingen tvil om Bokormen i Nordre Boksjø i Haldenmarka! Foto frå turboka.

Ein flunka (?) ny boksjanger blei fødd i fjor, men koronaen bremsa den sceniske marknadsføringa. Men no er underteikna og medforfattaren bedne til den andre bokbadinga av tur- og kulturboka «Kortreiste topper i høyreist skog : Guide til de østfoldske kommunetoppene». Sterkt inspirert av Roger Pihls «Guide til det danske høyfjellet». Litt humor inngår altså. Det skjer 21. oktober på biblioteket i Son, like nord for det tidlegare Østfold.

Vi kan klare nokre laug til, med eller utan bøker til sals og signering (vi har drygt hundre eks. igjen), rundt i det tidlegare eller snart gjenoppståtte Østfold med omland (jf Vedum m.fl.). Og det blir eventuelt ekstremt billeg for arrangørane, men refusjon av reisepengar seier vi ikkje nei takk til. Kontakt: frilanders at gmail.com.

Leave a Reply