>> I botnen av artikkelen samlar vi i ettertid tal for bruk, økonomi osv. som gjeld bokhylla.no og som vi får tips om eller kjem over.
Dette har vi lenge lurt på og prata litt her og der med bibliotekfolk om. Men ingen har visst noko særleg og heller ikkje tenkt så mykje på det, for det har vel knapt vore tema i faglege samanhengar. Det kjem ein del info om kor mange hundretusen bøker, aviser, filmar og foto som blir digitaliserte ved Nasjonalbiblioteket, men burde ikkje bruken vere endå meir interessant?
For folk og politikarar må år etter år lese om stagnasjon i utlånet. Til barn og unge går det opp, men til vaksne ned. Men her har vi «gløymt» suksessen til Bokhylla.no, og den er det vel akkurat vaksne som bruker mest.
I går kunne vi lese at NB har starta ei grundig, uavhengig evaluering av heile den nasjonale bibliotekstrategien (2014-18), og kan vi då håpe at også bruken av Bokhylla.no kjem under lupa og blir offentleg kunnskap? Vi er ikkje trygge på dét, sjå nedanfor: Les mer «Kva har Bokhylla.no å seie for biblioteka?»
Vi er ikkje mange som bloggar om bibliotekpolitikk for tida, men her vil vi pushe ein verkeleg veteran: Karl Kalseth i Kunnskapsgartnerne. Han driv ikkje berre med arkiv, fagbibliotek og «fremtidsrettet informasjons- og dokumentforvaltning», men nyleg også med folkebiblioteket og det vi her på bloggen har kalla 

I eit heilt spesielt godt og spydig formulert 

2018 blei det hittil klart beste året for denne bloggen, i alle fall når det gjeld lesing av innlegg. Over 34 tusen nedlastingar er over 9 tusen fleire enn i 2017.
