Regjeringa seier i sin ferske «Strategi for å styrke motstandskraften mot desinformasjon» om biblioteka:
«Dei siste åra har det vore retta stadig meir merksemd mot truslar mot demokratiet, som politisk polarisering, digital utanforskap og desinformasjon. Biblioteka skal vere ei motkraft til dette. Som arena for kunnskap og folkeopplysning skal biblioteka gi tilgang til forsking og kjelder, leggje til rette for meiningsbryting og bidra til utvikling av kritisk tenking og digital dømmekraft i befolkninga. Biblioteka er ein viktig arena for å auke den kritiske medieforståinga i befolkninga. Denne funksjonen bør styrkjast og gjerast tydeleg« (mine uthevingar).
Men statlege strategiforfattarar, som desse om desinformasjonen, har no skjønt at dei ikkje lenger kan nemne ordet debatt i samband med bibliotek. Til dømes heller ikkje Ytringsfrihetskommisjonen for to år sidan. Det er no tolv år sidan debattbiblioteket var det heilt nye og store.
Men forsking stadfesta det alle visste, at dette både var for dyrt og for kompetansekrevjande for alle andre enn dei aller største byane. I den nasjonale bibliotekstrategien er ord-paret bibliotek + demokrati framleis sentralt, men slett ikkje konkretisert, ifølgje andre forskarar.
Og no venter 11 prosent av kommunene «et betydelig lavere kulturbudsjett» ifølgje Fagbladet. 44 prosent har alt kutta.
PS 25. juni: Saka i Fagbladet er basert på undersøkinga «Kutt, kutt, kutt over hele linja : Kommunal kultursektor 2025» frå Telemarksforskning. Det kanskje mest sårbare er stillingar. Ein tabell viser «Kutt i åpningstider på bibliotek»: Små bibliotek 19%, mellomstore: 22%, store: 34% og alle: 25%.




















