Biblioteksektoren må no utgreie digital beredskap på eiga hand

IMG_7497Kommunal- og moderniserings- departementet kom 3. april med ei pressemelding om at «Det er høy aktivitet og god fremdrift i arbeidet med å lage sammenhengende digitale tjenester i offentlig sektor. Det viser handlingsplanen for digitaliserings- strategien som nå er klar».

Handlingsplanen byggjer på strategien «Én digital offentlig sektor» frå juni 2019. Her gir søk i teksten seks treff på «bibliotek». Men alle står i såkalla «boksar», altså er det å rekne som litt småinteressant tilleggsinformasjon. Og det handlar berre om samlingar, nærmare bestemt om Nasjonalbiblioteket og bruken deira av kunstig intelligens i samanheng med samlingane. Pluss litt om Språkbanken, som ligg på NB. Ikkje uinteressant dette, men digitale bibliotektenester er faktisk meir enn samlingar, noko denne krisa har synt oss.

Og talentløysa tar ikkje slutt med dét: Les mer «Biblioteksektoren må no utgreie digital beredskap på eiga hand»

Snart opning av biblioteka?

Skjermbilde 2019-03-20 17.58.37
Ikkje heilt relevant, men den beste ope-dør-scena i filmsoga. Klikk og kikk

Om ikkje opninga av barnehagar og «småskolen» osv. fører til ny oppblomstring av Koronaen, kan det bli snakk om å opne biblioteklokala igjen i løpet av mai eller noko. Men det bør ikkje skje utan ei spesifikk rettleiing for korleis bibliotek skal te seg.

Sjå også «Sju forslag for den nære framtida».

Førebels har vel ingen land opna biblioteka sine igjen, så vi må sjå på kva dei gjorde før dei stengde. Og der dei enno ikkje har stengt, med andre ord Sverige. Og truleg i Antarktis, til dømes på den australske forskingsbasen.

Her fann vi ei tilråding til Korona-opne bibliotek i Iowa, USA, datert 13. mars: Les mer «Snart opning av biblioteka?»

Virtuell lesesirkel!

Den svenske avisa Aftonbladet oppmodar til lesing av Albert Camus’ roman «Pesten» frå 1947 og innbyr til «samtal mellan Aftonbladets litteraturkritiker Carl-Michael Edenborg och kulturchef Karin Pettersson. Via en chatt med dem är alla välkomna att dela med sig av de tankar och infall boken ger upphov till».

Sånt kan vel bibliotek også få til.

Når det gjeld «Pesten»: Har akkurat lytta til boka på Storytel, på svensk. Må vedgå at ho var endå meir engasjerande no enn då eg las henne for snart femti år sidan. Men kva med ei bok som «Kvinne ved tidens rand» av Marge Piercy? Som handlar om forsøka på oppbygging av berekraftige og demokratiske lokalsamfunn etter ein global katastrofe. Heller inga ny bok, men …

Virtuell skranke

Skjermbilde 2020-04-11 11.16.42
Bibliotekskranke i 3D. Klikk og kikk

Tidsskriftet Knowledge Quest frå den US-amerikanske skolebibliotek- foreininga har ei sak med tittelen: Ten Ways to Change Our Physical Spaces into Virtual Libraries. Her finn vi blant anna dette forslaget: «Build a virtual desk. Completely update your school library landing page to include visual links to the most important things students and staff might need to access during this time. Consider including a new “Ask the Librarian” button that links directly to an Open Google Meet». 

Når informasjonen er «trygg og god»

IMG_7437
Berre 1 av 17 nettaviser bruker slike plakatar

   >> Sjå fleire innlegg om Korona og biblioteka.

Aldri har folk tileigna seg så mykje informasjon om eit emne som no. Koronakrisa dominerer alle kanalar og medieformer. Ved første augekast ser det ikkje ut til at kvaliteten er så galen heller. Det meste graviterer lojalt rundt regjeringa, med nokre avstikkarar til FHI, men norske aviser og medium har stort sett slutta å bruke konspirasjonsteoriar og falske nyheiter til klikkoptimering. Til dét er saka for alvorleg (unntaka er sånne som dette).

Så når informasjonsmengden er så lett tilgjengeleg og så homogen, så trengst vel ikkje lenger biblioteket med silinga si av kvalitet og aktualitet? Eller?

I går fann vi ein artikkel om flokkimmunitet som verka interessant, og på ein nettstad vi kjenner godt og som vel er så seriøs som nokon. Også i denne artikkelen vedgår sjølvsagt ekspertane at mykje er uvisst; søk i teksten på «tror» og «trolig» gjev seks treff. Men så spurde vi om artiklar som denne vil bli oppdaterte når det kjem ny kunnskap, … Les mer «Når informasjonen er «trygg og god»»

Kva med opning av biblioteka?

Skjermbilde 2020-04-08 21.21.38
Lukka bibliotekdør i Vilnius. Foto: Mantas Indrašius (CC BY-SA 2.5)

Vi er jo vane med at biblioteket blir utegløymt i offentlege utgreiingar osv., men no når helsa til både lånarar og tilsette står på spel, burde vi kunne krevje noko meir. For no er «opninga av samfunnet» blitt temaet i alle kanalar. Men når må og kan biblioteka førebu seg på å opne? (I USA meiner nokre det bør ta ekstra lang tid).

I Danmark står biblioteka i alle fall på ei liste over framtidige opningar. Men det har alltid vore eit heilt anna bibliotekland. Med dei svært mange små norske folkebiblioteka er opning på kommando på éin dato vanskeleg å tenkje seg, for om det i alt er t.d. tre tilsette og éin har symptom og éin er i karantene …

Og dei fleste biblioteka fekk vel ikkje tid før 12. mars til å sjå på skjerming, reingjering og andre tiltak mot smitte (her får vi spørje svenskane, der mange framleis held ope. Dei har ei eiga Facebookgruppe for sånt, men fann henne ikkje i farta).

Og kva med skole- og UH-bibliotek? I det nyaste dekretet frå Erna & co. heiter det at «Fagskoler, høyskoler og universiteter åpnes delvis fra mandag 27. april». Og vidare: «Åpningen gjelder kun for de som trenger tilgang til øvingslokaler, laboratorier og ferdighetsrom for å fullføre denne våren.» Men bibliotek treng dei ikkje?

Stengde, men synlegare bibliotek

Skjermbilde 2020-04-08 12.03.32

I dag står denne heilsides annonsa frå Nasjonalbiblioteket i Klassekampen, og sikkert fleire aviser. Dei digitale tenestene både frå NB og lokale bibliotek (sjå lista vår over kreativiteten som finn stad) får stor merksemd (søk i Atekst gjev 1562 treff i mars 2020, mot eit snitt på 1145 per månad i 2019), og etter at Koronaen har sloppe taket vil folk ha ein auka medvit om bibliotektilbodet.

Og gjennomslaget for det digitale tilbodet vil ha funne stad. Vel å merke om dei ekstraordinære «opningane» av kunnskapskjelder blir permanente, gjennom utvida statlege vederlag til forfattarar og forlag. Kampen om dei reduserte kommunale budsjettkronene vil nok bli verre.

Ekstra lenge til bibliotek bør opne igjen?

Skjermbilde 2020-04-07 18.04.36
Kor mange har Chetham’s Library i Manchester smitta på 367 år?

Tidsskriftet American Libraries, utgjeve av den US-amerikanske bibliotekforeininga, hadde 27. mars ein artikkel med den ganske misvisande tittelen «How to Sanitize Collections in a Pandemic».

For det einaste sikre dei kan seie at har ein verknad, og som ikkje øydelegg bøker og materiale, er å la dei kvile i fred i fjorten dagar.

Sjå også: Snart opning av biblioteka? 

Og oppsummeringa er lite oppløftande (vår omsetting):

«Bibliotek kan utgjere ein risiko for spreiinga av sjukdommen, som utover dei direkte helsemessige konsekvensane kan redusere tilliten til biblioteka. Det betyr også at bibliotek bør planleggje å halde stengt til risikoen for offentlig infeksjon er eliminert».

 

Skråsikre Tegnell går på bibliotek

Skjermbilde 2020-04-07 10.57.47
Sosialt samvær på svensk. Klikk og kikk

Til svenske Bibliotekbladet i dag seier den, i alle fall i Noreg, omdiskuterte stats- epidemiologen Anders Tegnell at «Så länge rekommendationerna följs finns ingen anledning till att folkbiblioteken inte kan ha öppet».

Journalisten spør: «Om en låntagare som är sjuk i covid-19 lämnar tillbaka en bok, kan smittan föras vidare till den som sedan hanterar boken?

Nej, svarar Anders Tegnell, så fungerar inte den nya coronasmittan.

– Det finns inget som talar för att smittan sprids på det sättet. Den sprids från person till person. Så böcker som du petar in i något inkast någonstans och ligger där en stund kommer definitivt inte att smitta någon».

Kva med biblioteksteinen?

Skjermbilde 2020-04-07 10.19.50
Ferdig snudd stein i Trondheim. Frå museet om Klemenskirka

Kommunane er i full gang med å førebu revidering og saldering av budsjettet. Korleis vil det gå med folkebiblioteka?

Eit tidleg signal vil kanskje kome frå Trondheim. Kommunal Rapport skriv i dag at kommuneleiinga «må snu alle steiner for om mulig å spare kostnader som kan benyttes til å saldere inntektsbortfall og kostnadsøkninger som staten ikke fullt ut kompenserer.»

I ei orientering fra finansrådmannen til formannskapet heiter det at «kommunen forventer å spare «ikke ubetydelige beløp» på en rekke tiltak som ble presentert for formannskapet torsdag».

Dansk Korona-kreativitet

Danmarks Biblioteksforening har gjort ein PDF med «Bibliotekernes online corona-aktiviteter». Blant dei mest kreative og originale, der vi tidlegare ikkje har noko liknande på lista Kreativitet mot Korona, kan vi nemne: