Beredskapssvikt på bibliotekfeltet

Skjermbilde 2020-04-05 19.11.32I danske Kerteminde er biblioteket Korona-kreativt med Book en online-bibliotekar « … i op til en halv time over telefonen». Dette er ikkje noko nytt tilbod i danske folkebibliotek, men ekstra viktig no. I tillegg har dei Biblioteksvagten.dk,

Ganske mange av oss vil hugse den norske digitale referansetenesta Biblioteksvar (lenka er til ein kopi på Wayback Machine). Denne fanst i Noreg i nesten ti år, først som prosjekt, faktisk to; eitt i Vestfold og eitt i Oslo, og så som éi nasjonal teneste. Men berre fram til 2012 då Nasjonalbiblioteket kutta den økonomiske støtta til administrasjon. Svartenesta blei utført av omlag 250 bibliotekarar på dugnadsbasis. Dei blei fristilte til dette nokre timars innsats i månaden av arbeidsgjevarane sine, dei rundt 60 biblioteka som deltok.

Mange sakna denne tenesta, men ikkje mange nok. Argumentet for nedlegging var at bruken gjekk ned. Men det var før det hadde vore økonomi til noka skikkeleg marknadsføring.

Vi (underteikna var med heile vegen, som konsulent) starta opp omtrent samtidig i alle dei nordiske landa. Og hos dei andre finst tenestene framleis: Den danske Biblioteksvagten.dk, den svenske Bibblan svarar og den finske Fråga bibliotekarien.

Noko å sjå på igjen?

 

Gladnytt …?

Sjølv om bystyret var splitta, må det vel vere ein opptur i desse tider at bystyret i ein mellomstor norsk by som Skien har valt arkitekt og stad for nytt bibliotek. Til 330 millionar. Så får vi sjå om det vil ta like lang tid, og med like mange omkampar, som i Oslo, eller om det går like glatt som i Drammen.

«Skulle din organisasjon vært her?»

Dette skriv mobilnettleverandøren ice.no på botnen av ei liste over nettstader der dei no gjev abonnentane «fri databruk [til] viktig informasjon under koronakrisen». Kvifor ikkje også biblioteknettstader?

Hadde vi hatt eit norsk bibliotek.dk, med alt som høyrer til (skråll nedover), hadde det vore eit naturleg «fritak».

Kor mykje, eller kor lite, i desse krisepakke-dagar, ville det kosta å lage noko slikt i Noreg? Basert på det vi alt har?

Og kva med endeleg å nasjonalisere alle mobilnettselskapa?

Enno ikkje Korona

Skjermbilde 2020-04-03 11.43.28Den delvis Open-Access norske tidsskriftbasen Idunn.no har under Koronakrisa opna seg heilt og fullt for alle. Vel å merke fram til biblioteka opnar igjen, men då kan du igjen, ved personleg oppmøte, få same tilgang.

Vi gjorde i dag eit søk i basen, men førebels utan spesielt notidsrelevante treff på «Corona» (men om alt muleg anna frå ølet til Ibsen), eller på «Korona». Og enno ingen på «Covid». Vi fekk 16 treff på «pandemi», men ikkje berre i medisinsk samanheng.

« … manglende dugnadsånd fra norske forlag»

Eit lesarinnlegg av Lars Egeland på Khrono tysdag startar slik:

>> Hege Gundersen i Universitetsforlaget svarer Egeland 3.4.

«Siden biblioteklokalene er stengt, får ikke studentene tilgang til de fysiske bøkene i bibliotekene. Dette har blitt møtt med en digital dugnad for økt tilgang. På OsloMet sitter nå bibliotekarer og legger inn tilgang til en mengde e-bøker som det åpnes for gratis tilgang til fra utenlandske forlag. Vi har også ønsket å gi studentene tilgang til e-bokutgaver av norske fagbøker der papirutgavene nå er utilgjengelig. Dessverre må vi konstatere at det ikke går. Vi er svært overrasket over det vi oppfatter som manglende dugnadsånd fra norske forlag».

Og det sluttar ikkje med dét.

Ikkje aprilspøk!

Skjermbilde 2020-04-01 21.53.40I dag, 1. april 2020, blei det annonsert at bloggaren har fått Norsk Bibliotekforenings pris. Tildelinga skulle funne stad under festmiddagen under Bibliotekmøtet i Haugesund 19. mars, men som alle veit …  I talen ho skulle ha halde, dreg leiar Mariann Schjeide, som eg var i lag med i NBF-samanheng lenge før ho blei leiar, fram både journalistgjerninga mi i foreininga, blogginga og innsatsen min på NBF-juleborda (!).

Eg svarte i dag med ein takketale, men som det kanskje kan vere like greit at eg ikkje fekk høve til å halde under festmiddagen … Men stor takk, altså. Det er ikkje så verst å høyre til denne gjengen 🙂

«Biblioteka har meir enn tredobla utlånet av e-bøker»

Fylkesbiblioteka, i alle fall i Vestland, har ikkje somla med å følgje opp e-bokmillionane frå staten. For første gong, trur vi, har vi lese noko i Fjordenes Tidende (Nordfjord-blekke):

«Biblioteka merkar at etterspurnaden etter e-bøker har skote i vêret no når vi er i ein unntakstilstand. På slutten av dagen onsdag denne veka, etter at det var kjøpt inn mykje nytt, var det allereie lånt ut 1.500 bøker. Det er meir enn 1000 utlån meir enn i eit «normaldøgn»».

Bibliotekkrisa i Larvik

Formannskapet i Vestfold og Telemark-byen (!) stengde møtet då dei skulle avgjere lagnaden til biblioteket etter brannen i november. I dette lesarinnlegget i Østlandsposten meiner tre røynde bibliotekarar frå byen at «Det er oppsiktsvekkende og uhørt at en så viktig sak preges av hemmelighold og mangel på åpenhet». Og at å byggje biblioteket opp igjen der det stod er «å gå baklengs inn i framtida»:

«Biblioteklovens formålsparagraf legger som før vekt på samlinger, men stiller også store krav til nye medier og moderne formidling. Dette betinger … Les mer «Bibliotekkrisa i Larvik»

Internasjonalt e-bokeksperiment under Koronaen

4999651-M
Klikk og lån eller lytt til – maskininnlesen – lydbok 

I San Francisco har det ikkje-kommersielle Internet Archive eksistert sidan 1996, ein organisasjon i stor grad styrt av bibliotek-logikk og starta av Brewster Kahle, ein dataingeniør som til dagleg kallar seg digital librarian.

>> Sjå fleire innlegg om Korona og biblioteka.

I tenesta deira, Open Library, starta dei for nokre dagar sidan ein ny praksis når det gjeld formidling av e-bøker som kan sterkt utfordre det som bok- og mediebransen og nasjonale og internasjonale styresmaktar oppfattar som den ideelle balansen mellom bibliotekutlån og boksal.

Eller kanskje det kan ende med sameining på eit nytt og meir brukarvenleg nivå? Les mer «Internasjonalt e-bokeksperiment under Koronaen»

Sosiale media underlagde krise-kontroll

«Opne Instagram i desse dagar, og du kan bli bombardert med oppfordringar om at «Hald deg heime». På YouTube får du kanskje ei lenke til ein regjeringsnettstad om Koronaviruset. Eller gå til Twitter og søk på uttrykket «å halde avstand er ikkje effektivt». Det kan finnast der, men sannsynlegvis ikkje lenge – fordi Twitter har forbode setninga som skadeleg».

>> Sjå fleire innlegg om Korona og biblioteka.

Dette er innleiinga i ei sak på NBC News onsdag denne veka. Ikkje slik å forstå at vi meiner at meteren til nestemann er feil, men det er prinsippet det handlar om. Vi berre omset vidare, før vi tar laurdagskvelden: Les mer «Sosiale media underlagde krise-kontroll»