Tidsskriftformidling på bergensk

Skjermbilde 2019-09-18 22.36.02
Tidsskrift? Nei, men Bergen: Utsikt frå Trollhaugen

På Bergen offentlige bibliotek har dei slett ikkje ignorert tidsskrifta. Dei har relativt fyldige presentasjonar på heimesida, som til dømes av tidsskriftet Numer. Og her er det fleire.

Og for nokre år sidan hadde dei fysiske arrangement der dei presenterte tidsskrift.

Har fleire bibliotek noko liknande? Skriv om det i kommentarfeltet.

>> Sjå artiklane her på bloggen i serien «Hugs tidsskrifta».

 

Snakke til bibliotekkatalogen?

Blant alle dei spennande arrangementa på Nasjonalbiblioteket i Oslo kom vi tilfeldig over eitt i morgon som ikkje har fått mykje blest: Talegjenkjenning på norsk. Dette er er viktig og handlar om den nære framtida, også i biblioteket. Stikkord: Tilgjengelegheit.

Ser ikkje at det blir handsama spesielt, men dei har vel også tenkt på at vi har to, eller fleire, skriftspråk, og alle dialektane?

Det står at møtet blir sendt direkte, men vil det også kome på video?

Lettlest for barn er ikkje kva det var

Skjermbilde 2019-09-17 11.27.31Klassekampen held fram med serien om Lesing i Bokåret, der vi i går fekk høyre korleis barn og unge har mista evna og lysta til å lese lengre tekstar. I dag er avisa på skolebiblioteket på Hauketo skole i Oslo og snakkar med ein lærar som gjerne vil lære ungane vanleg lesing igjen, og med Marte Blikstad-Balas, professor ved Institutt for lærerutdanning og skoleforskning på Universitetet i Oslo, som «ser at det er korte tekster og utdrag som får mest plass i skolehverdagen.»

Og ho set skulda på den nye læreplanen som «sier at tekstene som leses, skal overordnes konteksten. I norskfaget er mange store verk blitt lest kjapt som utdrag for å representere en bestemt litterær periode. Det kan gi mange utdrag og lite dybdelesing.»

Også forfattar og ex-biblioteksjef på Nesodden, Jon Ewo, blir intervjua om lettlestbøkene hans om «Otto Monster» som no blir korta ned for å kunne vere lettleste anno 2019: Les mer «Lettlest for barn er ikkje kva det var»

– Barn orker ikke å lese langt

Skjermbilde 2019-09-16 20.33.47Klassekampen i dag er dette overskrifta på hovudoppslaget på kultursidene. Denne veka varslar avisa at dei skal sjå på korleis det står til med lesinga i Bokåret 2019. Artikkelserien held fram i morgon, og vi kjem til å leggje til litt om dei neste oppslaga nedanfor.

Men i dag er det først Bjørn Sortland, forfattar og professor i skrivekunst ved Norsk barnebokinstitutt, som kjem med inntrykka sine etter å ha vore saman med skoleungar og lese med dei og for dei. Vi siterer:

«I presentasjonen [av Bokåret] framholder Nasjonalbiblioteket, som står bak prosjektet, at «det er en enorm leseglede i det norske folk». Men stemmer det? Les mer «– Barn orker ikke å lese langt»

Bibliotek og katastrofeberedskap

Den internasjonale bibliotekorganisasjonen IFLA har ei spesialgruppe for Evidence for Global and Disaster Health. Dei har hatt det tredje webseminaret sitt, med foredrag om korleis bibliotekarar kan få kontakt og påverknad når det oppstår slike situasjonar.

Særleg i USA er det fleire gode døme på at bibliotek går sterkt inn med hjelp til offer for naturkatastrofar (typisk orkanen Katrina, 2005) og sosial uro (typisk Ferguson, 2014). Og i Charlottesville i 2017, etter den høgreekstreme demonstrasjonen, var også biblioteka sterkt engasjerte både på universitetet, der mykje av dette fann stad, og i folkebiblioteka. Her har sosiale tiltak vore viktigast, men no skal helsekunnskapen løftast fram som biblioteka sit med.

Kva visste Quisling?

unnamed-2Vi held fram med presentasjonar av den norske tidsskriftfloraen, for å vise at her er det mykje stoff å presentere for lånarar i kvart einaste folkebibliotek i landet (sjå berre på Facebook kor mange – også seriøse – interesser folk har!). I går kom Nytt norsk tidsskrift med sitt nr. 3 for året (dette er ikkje Open Access, men folk på UH-ane med passord i Feide, pluss dei med Norgeskorta sine registrerte på NB i Oslo eller Rana, har likevel tilgang).

Vi fokuserer her særleg på to artiklar blant mange svært interessante. Den første om noko som biblioteka fekk stor respons på i fjor i og med boka til Marte Michelet om jødetransportane frå Oslo, og den andre som grip midt inn i ein kjernediskusjon der UH-biblioteka er involverte:  Les mer «Kva visste Quisling?»

Bibliotekmetropolar

Skjermbilde 2019-09-12 17.51.23
På utlånstoppen? Klikk og kikk

Liker eigentleg ikkje slike overflatiske, TripAdvisor-inspirerte oppslag som dette, når det handlar om flottaste bibliotekbygg osv. Illustrasjonane er photoshoppa skrytebilete, men vi får vel stole på utlånstala. Og det er jo fredag.

Men så aner vi jo ikkje kva dei låner ut så ekstremt mykje av i Tokyo, Shanghai osv. Berre manga?

Har vore på britiske bibliotek med eigne avdelingar med hyllekilometer med dei aller billegaste seriebøkene, og som fekk utlånet til himmels.

Det var vekas fordomsfulle.

PS: I London låner dei ut 25,8 millionar. Dei er nesten dobbelt så mange lånarar som i Noreg. Her låner vi ut 17 millonar. Ikkje så gæli.

Nyheitsvanar på gli

I dag skriv MedieNorge, som Institutt_for informasjons- og medievitenskap i Bergen står bak, at i 2018 var 7 prosent av norskingane på 15 år eller eldre «helt enig» i at aviser var den viktigaste kjelda deira for nyheiter, mens Internett var viktigast for 47 prosent. Tilsvarande i 2003 var 23 og 7 prosent. Noko har skjedd, ja.

«Nyheiter» ser ikkje ut til å vere nærmare definert. Her på bloggen skil vi gjerne mellom falske og ikkje fullt så falske.

Forskarar til folkebiblioteket

Skjermbilde 2019-09-11 21.16.17
Foredrag av Chris Anderson om å halde foredrag. Klikk og kikk (ikkje USN dette)

Kunnskapsbiblioteket i praksis: Formidling av foredrag av forskarar har Universitetet i Sørøst-Norge (USN) og folkebiblioteka i Buskerud, Telemark og Vestfold alt halde på med nokre år: «Folkebibliotekene er selv ansvarlige for å gjøre en avtale med den aktuelle foredragsholderen. Universitetet i Sørøst-Norge betaler et honorar til foredragsholder, mens bibliotekene selv må betale eventuelle reiseutgifter og opphold for foredragsholderne de lager avtaler med.»

Sjå video-opptak frå nokre av foredraga.

Andre som har liknande tilbod og samarbeid kan skrive om det i kommentarfeltet nedanfor. Og gjerne om røynslene i folkebiblioteka.

Nordisk tankekross

Såg i ei svensk avis i juli at ein av dei aller mest kjende og elska forfattarane i Finland, Claes Andersson, var død. I norske aviser berre nemnt i Klassekampen, av den finske spaltisten som skriv om eit eller anna stort og smått frå .fi ein gong i månaden, ikkje i Bokmagasinet. Medbloggar Mika gjekk god for han i ein e-post. I norske bibliotek finst 6 av titlane blant dei i alt 9 romanane og 27 diktsamlingane hans. «Hjärtats rum. Valda dikter 1962 – 2012» blei fjernlånt frå Norges arktiske universitetsbibliotek. Snart ledig no.

I Finland er Dag Solstad ein ikkje-forfattar. Medbloggaren er tipsa.

Den fantastiske litteraturen, Kjerstads siste m.m.

edda_2019_03_2xVi held fram med å promotere seriøse norske tidsskrift, for vi reknar med at folkebiblioteka no førebur seg på auka og betre formidling av denne typen aktualitetsinnhald, etter det leiaren i Norsk Bibliotekforening signaliserte i Dagsnytt18 nyleg.

Denne veka kom det nytt nummer av Edda, Nordisk tidsskrift for litteraturforskning, ein verkeleg veteran i den norske tidsskriftfloraen, med oppstart i 1914. Og her kan vi blant anna lese «hvordan Jan Kjærstads roman Berge (2017) er knyttet til 22. juli-terroren og hvordan den tar del i en pågående kollektiv bearbeidelsesprosess.» Og ei bokmelding av antologien «Fantastisk litteratur for barn og unge» som kom i fjor: « … en innholdsmessig rik og variert innføring i hva fantastisk litteratur for barn og unge er og kan være nå.» Og heile greia er Open Access.

Og hugs: No er tidsskriftartiklar søkbare i Oria.no. Gode, gamle Norart-basen skal vere integrert der, pluss løpande tilvekst.

 

Bokhylla.no og gratisprinsippet, ikkje så enkelt

ekkonrkI Ekko på NRK P2 i dag (10.9. 2019) kom første innslag i ein serie om Google. Innslaget har namnet Google – selskapet som ble et verb, og vi fekk høyre om oppstarten frå 1998 og utover og enda opp med Google Books, det himmelstormande prosjektet frå 2002, der dei ville samle og digitalisere all kunnskap i verda. Og tilby han fritt, gratis, til alle.

Men dette var, seier nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre i programmet, biblioteket sin idé. Hugs berre biblioteket i Aleksandria, om enn ikkje digitalt den gongen. Og han samanliknar Google Books med Bokhylla.no, som Nasjonalbiblioteket driv i dag. Til skilnad frå det monopol-søkjande, kommersielle Google skulle det i Noreg skje etter reglane for det norske litterære systemet; forfattarane skulle få betalt og det skulle skje under kontroll av biblioteka.

Men ein viktig del av det litterære systemet vårt er også at bibliotekutlån er gratis, noko også Bokhylla.no er. Men det kunne gått annleis: Les mer «Bokhylla.no og gratisprinsippet, ikkje så enkelt»

Patentar: Nils Pharo startar viktig debatt

I Khrono.no i dag er professor Nils Pharo ved Institutt for arkiv-, bibliotek- og informasjonsfag på OsloMet på banen og protesterer «mot forskning som gjør forskerne rike.» Han er for å gje meir av kontrollen med patentar til samfunnet, og ikkje til forskarane personleg.

Han er «bekymret for at utviklingen går i feil retning, der private legemiddelfirma utnytter offentlig finansiert forskning, for deretter å selge medisin så dyrt at mange ikke har råd til den. — Nå får vi også styringssignaler som sier at vi må tenke kommersielt. Men jeg synes det er interessant å reflektere over noe av det paradoksale ved det.»

Khrono intervjuar også professorar og direktørar som er «i utgangspunktet ikke uenig med Pharo.» Men …

Vi følgjer debatten ved blant anna å lenke til nye oppslag nedanfor her:

Ikkje falske, men veike

Journalistane her i landet er i liten grad falskenspelarar (det heiter visst ikkje dét, men eg lar det stå. Taskenspelar derimot …). Men mange er veike. Blant anna er det «altfor få journalister [som] spør politikerne hvor pengene skal komme fra og hva som må vike.» Det same har bloggaren tenkt fleire gongar særleg dei siste vekene med valkampdominans i media. Og her kan vi lese det i Journalisten sitt intervju i dag med Hilde Øvrebekk Lewis, journalist og kommentator i Stavanger Aftenblad.

Så når eit bibliotek formidlar nyheiter, er det veike dei er. Nyheitene.