Sånn er’e blitt

Det er framleis fredag, og vi deler denne ingressen frå ei bokmelding i svenske Dagens Nyheter:

«Den mest utlånade boken på amerikanska bibliotek är en bilderboksklassiker från 1962: Ezra Jack Keats ”Den första snön”. När den kom var den ovanlig genom att ha en mörkhyad huvudperson, men i dag är det snarare snön som är överraskande».

Praktisk talt alle svenske aviser har betalingsmurar i dag, så det var alt vi fekk lurt til oss. Go hælj!

Lankes i landet

Bloggaren fekk ikkje med seg verken ALMPUB-sluttkonferansen eller referanse-evenementet i Tønsberg, og dermed ikkje amerikanaren R. David Lankes, eitt av dei hottaste namna i bibliotekverda dei siste åra. Men det finst jo strøyming, når vi får tid.

Men vi leser no ein fyldig European Trip Report på Lankes’ blogg og forstår at han var godt nøgd med alt han såg og høyrde her i landet, så vel som på kontinentet. Og vi nytter høvet til å gratulere Ragnar Audunson (og gjengen) med vel blåst prosjekt, og, etter det vi forstår, oppnådd pensjonering. Og med denne karakteristikken frå Lankes: « … the great Professor Ragnar Audunson of OSLOMet»!

Nasjonalbiblioteket no over alt. Nesten

Bloggaren er med ujamne mellomrom hundepassar i Sund på Sotra, sidan 1. januar i nye Øygarden storkommune (lang er han i alle fall, og smal). Så blir det turar i fjellet, mellom regnskylla og stormkasta. I dag fann vi, Pia (1) og eg, denne plakaten ved inngangen til fleire av dei flotte turstiane på øya som DNT og mange andre gode krefter står bak. Ved dette høvet også Nasjonalbiblioteket, sjå foto av plakaten. NB finst ftm. snart over alt!

Men er det så merkeleg? Ifølgje tildelingsbrevet deira for 2019 har dei eit budsjett på 0.58 milliardar. Det er over ein tredel av … Les mer «Nasjonalbiblioteket no over alt. Nesten»

Aukar meir enn nokon gong

Skjermbilde 2019-12-29 21.55.17Godt nytt år!

Trafikken på denne bloggen aukar endå meir enn førre året, som var eit rekordår. Over 45 000 nedlastingar i år mot 34 000 i fjor. Ein annan rekord er talet på følgjarar, som per nyttårsskiftet er 805, fordelt på nyheitsbrev straks det er noko nytt, pluss twitter og facebook.

Denne lista viser dei ti mest lesne bloggpostane i 2019. Den prosaiske notisen om plasting av bøker er på topp (sukk), men resten av lista er til dels sterkt kontroversielle bibliotekpolitiske saker.

Og dette er dei mest lesne artiklane gjennom dei tretten åra bloggen har eksistert: Les mer «Aukar meir enn nokon gong»

Tunge ting på topp

Skjermbilde 2019-12-13 22.56.47Vi har aldri lagt skjul på at vi generelt synst debattfora for bibliotekfolk ofte er tamme og dominerte av praktiske og kvardagslege spørsmål. Og talet på debattantar og innlegg aukar først når nokon har meint noko om uniform for bibliotektilsette.

Denne bloggen forsøker å løfte fram ulike mindre trivielle spørsmål, for ikkje å seie strategiske og reint ut sagt eksistensielle. Så det var ein nedtur å følgje statistikken over nedlastingar i føremiddag, då ei sak om plasting eller ikkje av bøker låg på topp. Men i løpet av dagen har Mikael Böök si skarpe åtvaring om ytringsfridomen og Assange-saka gått heilt til topps, og saka om det «ikkje-essensielle» biblioteket i UK har også passert plastinga.

Østfold på bånn og på topp

Skjermbilde 2019-11-19 12.30.07
Turboktilbodet hausten 2019. Meir er i vente i 2020.

Denne bloggen sine geografiske ståstader er to lokalsamfunn, begge omlag seksti kilometer frå hovudstadene i Noreg og Finland. Denne avstanden frå dei kulturelle og økonomiske tyngdepunkta i eit land kan vere stigmatiserande. I alle fall er østfoldingar takknemlege å mobbe, der NRK Østfold sjølv av ein eller annan grunn ligg i teten med ei stor nettsak for eit par veker sidan. Då gjorde det godt med eit tilsvar frå Sten Inge Jørgensen i Morgenbladet på nett: Østfold er trolig landets kuleste fylke.

Men dette er mest for å signalisere at tidenes mest spesielle norske, eller i alle fall østfoldske, toppturbok, som underteikna i nokre kanalar har skrytt av skulle bli årets julegåve, likevel ikkje kjem ut før på nyåret.

Murica t’day

Freedom America New York City Statue Of Liberty

Dette merkelige USA, med ein president som lyg for open mikrofon fleire gongar i veka, mens eit arrangement 16. oktober på eit universitetsbibliotek i Greenwich Village, NYC, blir introdusert med desse orda:

«Libraries have long played a crucial role in cultivating the intellectual life of communities. They serve as a refuge for revolutionary ideas and all forms of creative expression. They document the evolution of society and culture to help us better understand the world around us. And they spark our creativity, enabling us to imagine better futures.» (H. Austin Booth, Dean of NYU’s Division of Libraries).

Dette kan vere ein tekst i festtale-sjangeren, men når festtalarane begynner å snakke om revolusjonære idear, er det kan hende noko på gang?

Om Nettet tok kvelden

Skjermbilde 2019-10-07 08.48.45Nettstaden Gizmodo har ei sak om kva som ville skje om Internettet over heile verda berre brått slutta å virke. Dei har spurt eit knippe ekspertar (!) på dette emnet og fått … svar. På plussida noterer vi at vi ikkje treng å dra på jobben, for der vil ingenting virke, og at kloakksystema vil virke, i alle fall ei stund, for der er det tyngdekrafta som gjeld. Dei fleste er einige i at bankane vil bli historie før du får sagt ordet kollaps, mens fiskarane kan få tatt ein siste tur til fiskebankane så lenge dei har drivstoff på tanken. Nord-Korea vil truleg klare seg best. Men det vil vi aldri få vite noko om, ikkje no heller. I alle fall ikkje no.

Men alle er faktisk ikkje like pessimistiske på mellomlang og lang sikt. Ein professor, som her blir presentert som oppfinnaren av pakkesvitsjinga, ein føresetnad for Internett (men som dei «eigentlege» oppfinnarane, dreg i tvil), seier slikt som at «People would start thinking again. Libraries would thrive

Interessant nok vil vel meiropne bibliotektilbod … Les mer «Om Nettet tok kvelden»

Snakke til bibliotekkatalogen?

Blant alle dei spennande arrangementa på Nasjonalbiblioteket i Oslo kom vi tilfeldig over eitt i morgon som ikkje har fått mykje blest: Talegjenkjenning på norsk. Dette er er viktig og handlar om den nære framtida, også i biblioteket. Stikkord: Tilgjengelegheit.

Ser ikkje at det blir handsama spesielt, men dei har vel også tenkt på at vi har to, eller fleire, skriftspråk, og alle dialektane?

Det står at møtet blir sendt direkte, men vil det også kome på video?

Nordisk tankekross

Såg i ei svensk avis i juli at ein av dei aller mest kjende og elska forfattarane i Finland, Claes Andersson, var død. I norske aviser berre nemnt i Klassekampen, av den finske spaltisten som skriv om eit eller anna stort og smått frå .fi ein gong i månaden, ikkje i Bokmagasinet. Medbloggar Mika gjekk god for han i ein e-post. I norske bibliotek finst 6 av titlane blant dei i alt 9 romanane og 27 diktsamlingane hans. «Hjärtats rum. Valda dikter 1962 – 2012» blei fjernlånt frå Norges arktiske universitetsbibliotek. Snart ledig no.

I Finland er Dag Solstad ein ikkje-forfattar. Medbloggaren er tipsa.

1630 km felles grense og praktisk talt same språk, men …

… likevel kjem denne nye svenske dokumentaren om noko av det mest ikoniske av svensk humor – og alvor! – først til å dukke opp på norske skjermar om ??? år. Og aldri på ein norsk kino. Dette er ein filmatisk og kulturhistorisk tankekross av tredje grad, som gjeld mange andre nordiske kulturuttrykk: Les mer «1630 km felles grense og praktisk talt same språk, men …»