I USA arrangerer bibliotekforeininga ALA «Banned Book Week» kvart år på denne tida. Altså ein kampanje der dei gjer omverda klar over sensur og forsøk på sensur av det bibliotek har i samlingane sine. I desse tider kan vi ikkje unngå å bli minna om skilnader mellom USA og Noreg og Norden, for ikkje å seie det meste av Europa, men her er altså endå eit felt med store kontrastar. Men slik har det ikkje alltid vore.
Først USA: I år har ALA i kampanjeveka si oppsummert dei hundre mest «fordømte» bøkene i ti-året som gjekk. Dei tre viktigaste grunnane til fjerning eller forsøk på fjerning var:
- the material was considered to be «sexually explicit»
- the material contained «offensive language»
- the materials was «unsuited to any age group»
Dei fleste titlane er lite kjende her i landet, men blant anna ser vi kjende, aktuelle titlar av Toni Morrison og Khaled Hosseini høgt oppe. Vi finn også Harper Lee. Romanen hennar «Drep ikke en sangfugl» kom i 1960 og blei heilt sentral i kampen mot rasefordomar, noko mange ikkje likte. Men i dag har n-ordet, sjølv om ho legg det i rasistanes munnar, også skapt fordøming frå den motsette kanten. Noko liknande gjeld vel John Steinbecks «Om mus og menn».
Men lat oss sjå nærmare på 26. plassen: «Vidunderlige nye verden» av Aldous Huxley. Denne framtidsromanen har faktisk vore forbode her i landet også! Dette er ei sak med fleire interessante sider:
Les mer «Bannlyste bibliotekbøker i USA og Noreg»









Det er Olsok 29. juli og 990 år sidan Heilag Olav blei heilag. Nærmare bestemt sidan han la grunnlaget for heilagskapen sin ved å stupe på Stiklestad denne dagen (meir presist var det Kalv Arnesson og Tore Hund som sytte for stupinga). Det tok eitt år og fem dagar for Olav å bli helgen, men det kan ha vore verdsrekord (Peter av Verona slog ham i 1253 då han fekk tittelen alt etter 337 dagar). Mykje er skrive om Olav sidan Snorre og frametter, men lesetipset denne veka er likevel
Juli betyr færre nyheitssaker og dermed tid til langlesing. Men i bokhaugen ligg det også titlar vi lenge skulle ha omtalt på bloggen, til dømes ein overliggar frå i fjor: «Bokhistorie. Bibliotekhistorie : en jubileumsantologi fra Norsk bok- og bibliotekhistorisk selskap». Dette er den fjerde publikasjonen 
