Archive for ‘Bibliotekstatistikk’

mars 10, 2020

Jättebra om NPM

På Bis-bloggen i går skreiv Nick Johnson Jones ei innhaldsrik og utfyllande, men høgst lesbar sak: «En berättelse om tjänstepersonen och NPM». Altså New Public Management.

Har ikkje tid no til å gje denne ein fortenestefull omtale, men du bør bruke 15-20 minutt på å lese denne om du har tenkt tanken at måten dei offentlege velferdstenestene blir styrte på, til dømes folkebiblioteket, ikkje er ideell. Som at fokuset på utlån og besøk er så stort, jamfør Sunniva Evjen og Ørjan Persen i Klassekampen i går.

Dette er den tredje bloggposten vår med taggen NPM.

mars 9, 2020

«En litt breiere diskusjon av hva det innebærer at bibliotekene er ‘demokratihus’»

Hovudsaka på Klassekampen sine kultursider i dag tar utgangspunkt i Ørjan Persen sin kritikk av departementa sin bruk av tal for bibliotekbesøk i den nye bibliotekstrategien, som vi her på bloggen forsøkte å gjere dei ansvarlege merksame på for ein snau månad sidan. Det kom, som vanleg, ingen respons, men i dag må dei faktisk svare i Klassekampen.

Avisa intervjuar først bibliotekforskar Sunniva Evjen ved Oslomet, og ho seier seg langt på veg einig med Persen: «Det er grunn til å gå tallene etter i sømmene for å se hva som kan gjøre at de er så ulike».

Avisa spør Evjen om det har vore ei einsidig satsing på arrangement: «Det kan hende. Det har vært en nødvendig satsing, samtidig som at det å satse på arrangementer kan skygge for en del andre behov, som kompetanseutvikling hos bibliotekarene, oppgradering av samlingen eller å sikre gode lokaler for ulike aktiviteter … Jeg ønsker en litt breiere diskusjon av hva det innebærer at bibliotekene er «demokratihus». Det er ikke bare arrangementer og debatt som danner grunnlag for det».

Jau, de på ABI på OsloMet har forskarar og kvart år nye masterstudentar som kunne gjere delar av arbeidet og sikre eit godt fagleg nivå. Tenkjer eg.

Klassekampen har også intervjua dei ansvarlege, Nasjonalbiblioteket og Kulturdepartementet, men om dei hadde noko å melde kunne dei imøtegått Persen meir konkret.

PS: På Bibliotekutvikling.no svarer Nasjonalbiblioteket velvillig på alle innlegg og spørsmål, men enno ikkje på det eg skreiv om dette 20. februar. Det er framleis muleg for NB å utdjupe forsvaret sitt for talbruken her.

februar 20, 2020

Optimisme-biletet av møteplassen

Oppblåsen møteplass i Chicago

«Pumpet opp teatertall» var hovudsaka på kultursidene i Klassekampen 14. februar. Det er BI-professor Anne-Britt Gran som meiner SSB sitt tal for teaterbesøk «brukes i et optimisme-bilde», då dei «inkluderer … alle deltakere på omvisninger, konferanser og ulike formidlings- aktiviteter, uten at dette er opplyst om».

Og SSB lagde seg flate. Til skilnad frå då Ørjan Persen presenterte på Medium ein, etter mi meining, godt underbygd påstand om «Oppblåste tall i nasjonal bibliotekstrategi». Då fekk han ikke eit einaste svar.

I motsetnad til saka i KK har kanskje dette gått langt under radarane til både Kultur- og Kunnskapsdepartementa, så dei får få ein ny sjanse. Vi skal i alle fall tvitre dei om dette. Og poste det i statistikkgruppa på Bibliotekutvikling.no.

Persen viser til at feilen oppsto i evalueringa av den førre bibliotekstategien, men på kort tid har dette optimisme-biletet spreidd seg til fleire viktige fora, blant anna i regi av Nasjonalbiblioteket.

Kommentér gjerne her, og/eller hos Ørjan.

januar 31, 2020

På barometertoppen

Her på bloggen har vi fleire gonger åtvara mot å juble for høgt for biblioteka sine årvisse topplasseringar på innbyggarunder- søkingane til Difi. For gratis tenester som heller ikkje krev noko av deg, er det umuleg å ikkje skåre høgt på slike målingar. Men i NOKUT sine Studiebarometer, som måler «opplevd studiekvalitet på studieprogrammer som tilbys av norske høyere utdanningsinstitusjoner», blir det litt annleis. Her konkurrerer UH-biblioteka med meir likeverdige tilbod og tenester.

Rapporten for 2019 er alt klar (!). I oppsummeringa om reaksjonane når det gjeld læringsmiljø heiter det:

read more »

januar 9, 2020

BI-rapporten: MYKJE interessant også om bibliotekbruk og «Bokhylla.no»

>> Oppfølging 10.1.: Bokbransjen vil ha ny lesepolitikk, men kva med biblioteka?

I Klassekampen i dag er hovudsaka på kultursidene at «Forlagene hevder nordmenn leser 13,6 bøker i året. En ny undersøkelse kommer fram til tallet 8,5.» Og forsidehenvisninga har vi som ingressbilete her, med tittelen «Knuser bokorm-myten!»

Det handlar om «Bokforbruk, bibliotek og lesing i digitale tider«, rapport nummer 4 frå BI sitt forskingsprogram «Digitisation and Diversity» (som vi har skrive om i tre tidlegare bloggpostar.)

Den dramatiske skilnaden i boklesing per nordmann kjem av at forlaga sine undersøkingar ikkje tar omsyn til utdanningsnivå. Dette meiner Anne-Britt Gran, leiar av programmet. Ho seier til avisa: «Begge undersøkelsene er vektet på kjønn, alder og geografi. Vi har i tillegg vektet på utdannelse, siden kulturforbruk i så stor grad korrelerer med lengden på folks utdannelse.»

Men verken Klassekampen eller dei som (i løpet av torsdagen) har sitert avisa eller publisert NBT-meldinga som byggjer på henne, nemner noko som helst av det svært interessante i rapporten om både bruken av «Bokhylla.no» og generell bibliotekbruk. Blant anna om lån i ulike former og på ulikt leseutstyr (framleis klår førsteplass til papirboka) og om ventetider på dei ulike boktypene (få klagar på nokon av dei).

Interessant er det også kva bibliotekbrukarane trur om bibliotekframtida:

read more »

januar 6, 2020

Kampen mot bestseljarane (nytt om gammalt frå Fredrikstad)

3D72CF0D-05A7-4C96-AB8C-8787DB094B13Folkebibliotek har få gode grunnar til å etterlikne bokbransjens besteseljarlister, slik som til dømes Deichman til gangs gjer her (no skal det seiast at Deichman gjer mykje anna veldig bra med litteraturformidling).

Å auke og dermed skape endå meir fokus på utlånsstatistikk er ein typisk dårleg grunn. For det finst måtar å pense folk over på både nytt og gammalt som er viktig lesing. Éin metode er «Kikkhullet», som blant anna Bergen Offentlege har på sentral plass, der ein til dømes kan velje «tilfeldige, ledige faglitterære titler for voksne».

Aktuelt no er at Fredrikstad bibliotek har lansert ein lesekampanje og bokutstilling som oppfordrer til lesing av bøker frå eitt tiår per månad, rekna frå og med 2010-talet og attende gjennom heile 1900-talet;

read more »

november 21, 2019

Gjesp

Skjermbilde 2019-11-21 12.46.20Så er vi kome til haustens mest sjølvoppfyllande eventyr, Difi si Innbyggarundersøking. Og her er biblioteket, igjen, den mest populære offentlege tenesta, saman med brannvesenet. Og like sjølvsagt plan- og bygningskontoret, NAV og barnevernet på botnen.

Vi siterte Anders Kirkhus ved SINTEF sin kritikk av dette tidlegare i år og tilbyr her ein reprise på dette, som vi utan å ta kjeften for full kan kalle falske fakta frå statsapparatet.

I alle fall når, som Kommunal Rapport i dag, igjen slår det opp ganske ukritisk og den øvrige pressa i dagane som kjem vil gjere det same (men KR siterer faktisk Difi på følgjande (ikkje på ope Nett): «- Det knytter seg derfor en viss usikkerhet til skårene, … Svarene som omhandler omsorgsfeltet knytter det seg også en viss usikkerhet til. Mange av dem som har svart har latt være å gi sine vurderinger av de ulike tjenestene eller svarer «vet ikke»).

I reknearket med detaljar frå spørjeundersøkinga er det på ny litt meir fornuftig kunnskap å hente, om ein då ser bort frå den store veit-ikkje-prosenten, sjå ovanfor. Blant anna har talet på svararar som har «personlig erfaring» fra bruk av biblioteket …

read more »

september 13, 2019

Bibliotekmetropolar

Skjermbilde 2019-09-12 17.51.23

På utlånstoppen? Klikk og kikk

Liker eigentleg ikkje slike overflatiske, TripAdvisor-inspirerte oppslag som dette, når det handlar om flottaste bibliotekbygg osv. Illustrasjonane er photoshoppa skrytebilete, men vi får vel stole på utlånstala. Og det er jo fredag.

Men så aner vi jo ikkje kva dei låner ut så ekstremt mykje av i Tokyo, Shanghai osv. Berre manga?

Har vore på britiske bibliotek med eigne avdelingar med hyllekilometer med dei aller billegaste seriebøkene, og som fekk utlånet til himmels.

Det var vekas fordomsfulle.

PS: I London låner dei ut 25,8 millionar. Dei er nesten dobbelt så mange lånarar som i Noreg. Her låner vi ut 17 millonar. Ikkje så gæli.

august 20, 2019

Biblioteket mest populært?

Skjermbilde 2019-08-20 11.18.44

Ikkje juble for tidleg

Vi kjenner det alle saman frå Difi sine «Innbyggerundersøkelser» omlag anna kvart år, at biblioteket er den klårt mest populære offentlege tenesta, nærmare bestemt; med størst «brukertilfredshet». Det gjeld ikkje berre for brukarane, men også for innbyggjarane, der ikkje-brukarane er medrekna. Her er det «inntrykk av tilbudene» folk får uttale seg om.

Og lenger nede og på botnen kjem alltid sånne som kemneren, NAV og plan- og bygningskontoret.

Også i den nasjonale bibliotekstrategien, den som gjekk ut på dato i fjor, gjorde Kulturdepartementet og Nasjonalbiblioteket eit poeng av at biblioteket er «den mest populære offentlige tjenesten i landet.»

Sjølvsagt er biblioteket populært, men slik kåringane til Difi møter oss i pressa, er det like sjølvsagt ein illusjon å tru på desse rangeringane. Noko seniorrådgivar Anders Kirkhus ved SINTEF Byggforsk sette ord på i ein kronikk i Kommunal Rapport i juni:

read more »