Archive for ‘Identitietspolitikk’

juni 7, 2021

Facebookforvising – ikkje berre enkelt

Bøker på nb.no som heller ikkje bibliotek kan formidle via Facebook

Facebook har no stengt ute ein kjend konspirasjonsteoretikar og oppviglar i to år. Det kan sjå ut som ei klok og rettferdig handling, men i Klassekampen 3. juni skriv Bjørn Vassnes meir utfyllande om «Det digitale tankepolitiet». Og han meiner ikkje statlege etatar. Han innleiar slik:

«Hva som er sannhet, falske nyheter eller konspirasjoner, kan endre seg raskt. Det viste seg nylig da Facebook endret sine sensurregler. Inntil nå hadde nemlig alle antydninger om at covid-19-viruset kunne være menneskeskapt blitt ansett som konspirasjonsteori, og Facebooks algoritmer var programmerte til å fjerne slike antydninger fra nettet så snart de dukket opp. Men så plutselig var slike hypoteser ikke lenger forbudte. Grunnen: President Biden hadde beordret nye undersøkelser i saken». Sjå til dømes på NRK.

Meir synst vi ikkje vi kan sitere, men anten du har eller ikkje har passord til avisa, finn henne fram og les dette.

Også bloggaren har i dag fått sitt første nei frå Facebook til å spreie ein bloggpost – publisert i september i fjor. Så anten har dei lagt inn i algoritmane sine ein tre hundre år gamal svensk botanikar eller dei har gjort det umuleg å uttrykke noko kontroversielt i tekst sjølv om du forvanskar det så godt du kan utan å gjere det heilt umuleg for lesarane å forstå noko.

Så blir det spennande å sjå om denne bloggposten passerer nålauget.

PS 1: Gode Mark Zuckerberg, underteikna har ingen trong til å bruke det ikkje (?) nemnde ordet i andre typar samanheng enn denne.

PS 2: Dette ordet er faktisk noko folk flest her i landet meinte var ganske greit å seie for berre fjorten år sidan.

september 24, 2020

Linné igjen

På Linnéuniversitetet er det bibliotekutdanning. Bloggaren var der i november og intervjua Joacim Hansson..

Vi forsøkte oss her om dagen med eit kompromiss i høve til bydelsutvalet i Oslo som ville fjerne «Linné-benken» i Botanisk hage. No var det Naturhistorisk museum som skulle avgjere dette, og dei vedtok ingen endringar, men er opne for å diskutere kva som skal stå på skiltet ved benken.

I går hadde Khrono eit godt og viktig intervju med professorane Torgeir Skorgen og Dag O. Hessen om Linné. Hessen seier blant anna: « … Linné [var] likevel ingen praktiserende rasist. — Han gjorde denne ene inndelingen av mennesker, men hans livsgjerning forøvrig handlet ikke om dette. Det finnes vitenskapsmenn som har hatt det som sitt viktigste mål, og dem bør det ikke settes opp minnesmerker for, … Hessen synes og det er interessant at Linné framhever samer som forbilder med eksemplarisk levesett. — Han hadde ikke spesielt negative tanker om urbefolkninger».

Men i heimlandet Sverige meiner mange at Linné må ned frå soklane. Og i Växjö ligg Linnéuniversitetet, der nokre foreslår nameendring.

september 24, 2020

Oppkalling ved Bergen Off

Plassen til Platou?

I Klassekampen i dag kan vi lese om prosjektet «Kvinner på sokkel» i Bergen. Målet er at kommunen skal «auka talet på gater og plassar som er kalla opp etter kvinner». Raudt-representant Sofie Marhaug hadde først foreslått å oppkalle plassen ved biblioteket etter Torborg Nedreaas, men bystyret vurderer i staden ei statue av forfattaren på plassen. Men så kom Marhaug med eit nytt forslag: Valborg Platous plass. Vi les: «Ho var født i 1839 og døydde i 1928. I kamp med tretten menn fekk ho i 1882 jobben som sjef for biblioteket i Bergen og blei då landets fyrste kvinnelege biblioteksjef. Platou var sjef ved institusjonen i 27 år, og gjennom desse åra vaks samlinga frå 30.000 til 100.000 bind».

På bloggen har vi faktisk vore innom henne tidlegare.

Men i desse dagar skal jo alle med hovudet på sokkel eller namnet på gateskilt og plassar gjennom nærmast inkvisitoriske godkjenningsprosedyrar. Av Valborg Platou har vi ikkje funne noko rasistisk i det offentlege, men, Raudt-representant, som mangeårig teatermeldar i ulike bergensaviser var ho rett og slett reaksjonær! Også i si samtid. Sjå fleire døme i Knut Nygaards bok «Gunnar Heiberg : teatermannen». Utan at vi på nokon måte er imot forslaget. Vi er trass alt i familie med dama. Inngifta og tolv ledd unna.

september 19, 2020

Benkeforslag

Knips eller klikk og kikk

>> Sjå kommentarfeltet for endå eit forslag!

Klart ein kan kjenne seg krenka om ein må oppleve gong på gong at noko ein står for blir rakka ned på, særleg i det offentlege. Men éin stad må grensa gå. Må dei verkeleg fjerne bøker av Steinbeck (!) og Harper Lee (!) frå pensum i Irland fordi, i romanane deira frå Sørstatane på 1930-talet, n-ordet førekjem i folkeleg daglegtale? Og må ein historikar bli nekta å halde foredrag på eit US-amerikansk universitet fordi han i ei bok ikkje berre heilt overflatisk granskar Ku Klux Klan-tippoldefaren sin, og fordi han ikkje istaden skriv ei bok med vekt på «oppløftande svarte stemmer»? (med eit visst atterhald; vi har ikkje lese boka).

For å ta eit par døme (så unngjekk vi det med Kunsthøgskolen i Oslo).

Eller denne

Så i staden for å gi etter for kravet om å fjerne ein benk med Carl von Linné sitt namn frå Botanisk hage på Tøyen i Oslo, er forslaget vårt, i bibliotekarisk ånd, å montere QR-kodar som desse, på benken, der ein får balansert info om opplysningsmannen – og rasisten – Linné.

Translate »