Ibsenbiblioteket i Skien: «- It cannot be a real library»

Arkitekturnettstaden dezeen.com har denne veka eit solid oppslag om det komande biblioteket i Skien, med fleire overveldande «arkitektteikningar». Det er mykje skryt å lese om alt frå val av materiale på yttertaket («sånt ville gode båtbyggjarar vore stolte av») til samspelet mellom bygget og parken («dette vil maksimere potensialet som møteplass»).

Men når det gjeld det funksjonelle er det tvil å spore i kommentarfeltet: «… stakkars dei forfattarane som vil vere umulege å nå på toppen av dei høge bokreolane». Og «har arkitektane høyrt om Dewey?». Ein konklusjon er at «dette kan ikkje vere eit verkeleg bibliotek». Noko ein annan kommentator stadfestar: «I dag er bøkene der berre berre for å dekorere» (vår omsetting).

Men det står ingenting om arkitektoniske følgjer av Koronaen. Under overskrifta Koronabibliotek på gang! samla vi i januar Skien og fleire andre planlagde bibliotek som i utforminga bør ta omsyn til denne og framtidige pandemiar.

Biblioteket og vaksineskepsisen

Vaksinemotstand i London i 1802. Klikk og les om bakgrunnen for karrikaturen

I Klassekampen i dag er redaktør Mari Skurdal klar på at det finst «Ingen snarvei» når det gjeld å hindre eller avgrense vaksineskepsisen i folket. Med solide referansar skriv ho at «Det eneste som hjelper, er å ta skepsis på alvor og besvare den så saklig som mulig».

Altså bibliotekarmat! Kunnskap skal vere biblioteka sin styrke, har vi høyrt. Og folk har stor tiltru til biblioteket.

Men kva kan biblioteket by på? På Biblioteksøk gir «Vaksineskepsis» null treff og «vaksinemostand» eitt, men dette er irrelevant. Men «Covid19» gir 64 treff i bøker og «vaksinasjon» 127. Det kan ein kanskje få gjort ei lita bokutstilling av.

Men kva så med heimesida og informasjonsskjermane? Då går vi sjølvsagt til Helsebiblioteket.no, der vi i alle fall finn lenker til to oppdaterte artiklar på FHI. Men med gode lenker vidare pluss referansar til fagleg stoff. Bokmåls-Wikipedia ser også ut til å ha ein god, i alle fall omfattande artikkel. Søk i Helsebiblioteket.no på «vaksine AND covid19» gir 93 treff som ser lesbare ut for dei fleste.

Litt meir prøving og feiling: I Google Scholar får vi 22 ferske treff (nyare enn 2016) på «vaksinemotstand» og 16 treff på «vaksineskepsis». Vi har ikkje søkt på andre språk.

Men så er jo biblioteket blitt eit debattbibliotek og skal også vere skeptisk til vaksineskepsisskeptikarane …

Dei danske biblioteka si teneste Faktalink.dk har sjølvsagt ein balansert artikkel om «Vacciner». Kvifor har ikkje norske bibliotek ei tilsvarande teneste?

NOK 1 699 380 000 i koronastøtte til bibliotek!

Frå NYPL på 5th Ave.

Okei, denne overskrifta er reinspikka klikkhoreri for å få folk til å lese om krisestøtta til US-amerikanske folkebibliotek. Det er CNN som melder at 200 millonar dollar av Joe Bidens pakke på 1,9 milliardar er øyremerkte til biblioteka.

Pengane kjem i stor grad til å gå til meir datautstyr for å hjelpe millionane av fattige som har biblioteka som einaste stad å gå for få registrert seg for å motta statlege dagpengar. Bibliotektilsette hjelper også folk å navigere på nettet og blant anna kommunisere på video med legane sine, gjennomføre jobbintervju og no registrere seg for vaksine.

For eit år sidan gjorde den norske regjeringa ein del digitale tenester lettare tilgjengelege for elevar og studentar, pluss nokre millionar til biblioteka for innkjøp av fleire e-bøker. Men no under den nye nedstenginga i nesten halve kongeriket får ikkje biblioteka eingong dét.

I september lista vi opp bibliotekutfordringar og -behov etter pandemien i 19 punkt under tittelen: Korona-omstillinga for biblioteka vil KOSTE, herr kulturminister!

Ny nedstenging, men kva med ekstratilboda?

Verdas mest populære Nasjonalbibliotek? Vel, dette var under ei brannøving i november 2008

Biblioteka er no stengde i store delar av Noreg; nemleg i Oslo og det såkalla Viken fylke, med rundt to millionar innbyggjarar i alt og fleire titusen skoleelevar, studentar, forskarar, forfattarar og andre kunnskapssøkjande. I første omgang varer det «berre» ein snau månad, men kven veit.

Nasjonalbiblioteket annonserer at dei held ope på nett. Men vi finn ingenting tilsvarande dei fire ekstra tiltaka som NB og Kulturdepartementet lanserte for eit år sidan:

  • Ekstraordinære innkjøp av e-bøker. 
  • Midler til digital formidling via bibliotek. 
  • Tilgang til pliktavlevert materiale via Nasjonalbiblioteket til forskning og dokumentasjon og annen bruk.
  • Tilgang til alt digitalt pliktavlevert materiale for skoler, elever, og studenter. 

Det bør ikkje gå for lenge før dei friskar opp slike idear igjen.

Fleire nye bibliotek

For ein månad sidan blogga vi om behovet for å tenkje nytt – pandemisk nytt – når det gjeld bibliotekarkitektur. Og vi lista opp nokre kommunar med byggjeplanar. I løpet av ein månad har lista vekse (takk til tipsarane!) til heile 15 norske kommunar, pluss nokre svenske. Den siste nye er Heim (nye) kommune, med planar om nytt hovudbibliotek i Kyrksæterøra. Hallfrid Skimmeli, leiar i Norsk bibliotekforening Trøndelag, markerte i går dette med eit lesarinnlegg i avisa Sør-Trøndelag. Og det er plass til fleire bibliotekplanar. Bruk kommentarfeltet eller e-post.

Men her eit usakleg PS, til naud berre passande på ein laurdag:

Les mer «Fleire nye bibliotek»

Follow the Sun

4. februar er sola så «høgt» at ho akkurat kikker inn i stova til bloggaren. Før ho går ned.

Vi har tidlegare formidla forskingsresultat frå prosjektet REALM om levetida til koronaviruset på ulike bibliotekrelevante overflatar som bokomslag, papir, harde og mjuke DVD-omslag osv. No har prosjektet kome med to nye del-rapportar (nr. 7 og 8) (pdf-fil) der dei har samanlikna levetida til viruset på desse overflatene under ulike temperaturar. Og kort fortalt: Etter 6-8 dagar i varme omgivnader er det ikkje virusliv å spore.

Men samtidig skal vi hugse at virus på overflater betyr mykje lågare risiko enn dropesmitte i nærkontakt med koronasjuke.

Det varme miljøet i forsøka har vore 28 til 29 plussgradar og det kalde 1 til 4, framleis på plussida. Ingen av delane har vi nokon gong opplevd inne i eit bibliotek, men tendensen er vel grei.

Så her har vi endå ein grunn til å sjå framover mot sol og sommar.

PS: Vi har spurt REALM-folka om dei vil forske på dei nye, eksotiske mutasjonane, men ikkje fått svar.

– Bibliotekvektaren er komen for å bli

Ei åtvaring som har fått nytt innhald under pandemien

Den USA-baserte nettstaden «Ditto Press : Bold Ideas for Libraries» skriv no om «Designing for the Future — The Post-Pandemic Library». Her peiker dei på fleire tilhøve vi må ta omsyn til i bibliotekplanlegginga i tida som kjem. Det handlar om både ny kompetanse og nytt innhald og utforming av biblioteka. Arkitektur og design blir kopla med psykologi og antropologi.

«Ny relevans for territorialitet», heiter eitt kapittel. For første gong på hundre år har fysisk nærkontakt blitt eit eksistensielt trugsmål for folk. Med tape på golvet har bibliotek under pandemien merka skilje mellom inn- og utgang, og i framtida må dette bli permanent, eventuelt må ein byggje fysiske skilje. Men ved bibliotek der det er trangt må ein vurdere å byggje om eller byggje nytt. For éin ting er at det kanskje ikkje blir så ille på lang sikt som pessimistane spår, éin annan at angsten vil halde seg hos mange menneske og grupper.

Slikt har vi vore inne på tidlegare, til dømes: Koronabibliotek på gang! / «Pandemi-arkitektur» viktig også for biblioteket / Korona-omstillinga for biblioteka vil KOSTE, herr kulturminister!

Eit anna kapittel heiter «Vektaren (the consierge) har kome for å bli». Det same gjeld «take-away»-tilboda. Og i nybygg bør ein vurdere ei «drive-through»-teneste, heiter det. Og datasystemet må ha meir …

Les mer «– Bibliotekvektaren er komen for å bli»

Året det var så bratt (eller moro med Atekst)

Denne kollasjen viser til høgre Atekst si kategorisering av artiklar i norsk presse på søket «bibliotek*» dei siste 30 dagane, altså frå og med 6.1. til og med i dag, 5.2. 2021. Og kolonna til venstre viser same søk i same periode i fjor. Før koronaen. Kom til Noreg.

Dei samla treffa i perioden i fjor var 2256 artiklar, i år 2176, altså ingen stor skilnad. Go hælj 🙂

Kalabaliken i Kungsbacka

Ikkje Kungsbacka dette, men Linköping i juni. Klikk og kikk

Kor blei det av «folkhemmet»? Kan ein spørje seg når det blir ei sak til og med på NRK.no at svenske kommunar ikkje vil gi bibliotektilsette munnbind på jobb og meiner dei ikkje treng det. Tillitsvald på biblioteket i Kungsbacka fortel: «Mange av mine kollegaer er urolige fordi vi kommer for nære. Vi har et skilt, men det er ikke alltid avstanden respekteres. Det kan bli trangt mellom hyllene. Vi har også noen små bibliotek der det er trangt». «Ifølge bibliotekarene har de flere ganger kommet med ønsker om å få bære munnbind når de er på jobb. Det hevder de har blitt avvist av arbeidsgiveren».

Nytta av munnbind er omdiskutert, men noko av problemet i biblioteket er at nokre brukarar ikkje respekterer avstandsregelen: «Flere har fortalt hvordan de har blitt spyttet på og trakassert fordi de har båret munnbind».

Det er ikkje noko nytt for lesarar av denne bloggen kor kaotisk det siste året har vore for tilsette og brukarar særleg i svenske folkebibliotek. Det handlar om samfunnsoppgåva eller tryggleiken.

Møteplass 2.0 eller var det 3.0?

Ein annan type bibliotekarisk telefonbruk

I tida med redusert tilbod ved biblioteket i Toronto har tjue tilsette brukt arbeidstida til å ringe dei eldste i byen, både brukarar og ikkje-brukarar. I utgangspunktet berre for å «fortelje at vi tenkjer på dei», heiter det på den lokale bibliotekbloggen. Men også for å skryte av bibliotektilbodet før og etter gjenopning. Nokre har fått hjelp til digitale tenester, bruk av e-bøker «og til og med veret». 22 tusen innbyggjarar over 70 vil ha fått ei oppringing når dei bibliotektilsette er ferdige.

Og sånt kan vel brukast mot «ureglementerte beordringer og permitteringer»?

«Mange bibliotek over heile verda har starta ei liknande teneste», heiter det også. Har ikkje høyrt om sånt her i landet, men kommentarfeltet er ope for heimlege rapportar.

Koronabibliotek på gang!

Det blir spennande å følgje med på nye bibliotekprosjekt i inn- og utland og særleg korleis arkitektar og utbyggjarar, for ikkje å seie utstyrsleverandørar, tar omsyn til den nye situasjonen etter koronapandemien. Og for framtida, for ifølgje WHO er pandemien «likely to become endemic and the world will have to learn to live with it».

Mange av dei 19 punkta i denne artikkelen handlar om fysiske pandemi-relaterte forbetringspunkt i eksisterande og nye biblioteklokale.

Her på bloggen vurderer vi å opprette ei fast side med oversikt over prosjekt, planar og idear. Om ingen andre og meir ressurssterke gjer det.

Her ein smakebit; døme på bibliotekprosjekt ein bør følgje med på (tips oss gjerne i kommentarfeltet eller til frilanders @ gmail.com om fleire … alt etter éin time, takk for tre nye tips!):

OBS: Etter 7. mai 2021 held vi ikkje lenger denne lista ved like her. Men flyttar henne til ei side på bloggen: https://atomic-temporary-446487.wpcomstaging.com/nye-bibliotekbygg/

Fagfellefeil

The Scientist skriv om ei metaundersøking av koronaforskinga som blei publisert den første tida etter utbrotet. Faktisk mangla fleirtallet av dei tidlege kliniske studia originale data, og dei som hadde, var forserte, og forfattarane kompenserte ikkje for metodefeila.

Undersøkinga omfattar 10 000 artiklar på engelsk og kinesisk til og med mai månad. I dei fagfellevurderte artiklane mangla 56,1 percent nye data, og mange av dei første artiklane kan berre karakteriserast som gode råd («advice») og personlege synspunkt («personal reactions»). Berre 9,6 prosent inneheldt pasientdata.

Mange viktige koronatiltak blei baserte på denne typen forsking, og det var fleire døme på at forsking måtte trekkast tilbake, jamfør blant anna «the Lancet Gate».