Leselyst, treng deg på, her skal du motstand finne

Lydboka er blitt det nye litterære mediet og truleg den leiande litterære forma fram til nokon lanserer fungerande nevro-litteratur (direkte innsprøyting). Men for ei veke sidan måtte eg minne om biblioteket og lånarane sitt totale nederlag i boklov-kampen om lydboka for to-tre år sidan.

Og gjennom eit dekret frå Nasjonalbiblioteket i dag er det definitivt at biblioteka skal stå på sidelinja og knapt nok det. For saman med Forleggerforeningen har NB no «blitt enige om en ny anbefalt utlånsmodell for digitale bøker i folkebibliotek». Modellen er ikkje berre nøyaktig slik (bibliotek-)pessimistane hadde tenkt seg seg, men i tillegg har vi fått ei formulering som denne: «Dersom boken leveres tilbake før utlånsperioden er over, er lisensen sperret for neste utlån inntil lånetiden for forrige låner er utløpt».

Lydbok-forsvinninga revisited

I eit blogginnlegg i 2023 følgde eg opp storbybiblioteksjefane som i Aftenposten hadde spurt: «Hva skjedde med det opprinnelige forslaget om leveringsplikt på digitale lydbøker til bibliotekene?«. I artikkelen «Høringsinstituttet og påvirkning gjennom den korporative kanalen» i Norsk statsvitenskapelig tidsskrift denne veka nærmar vi oss forklaringa på denne negativt paradigmatiske stadfestinga av den nasjonale politiske og juridiske aksepten for at delar av medievalet i biblioteka skal vere styrt av forlag og distributørar.

Biblioteka som høyringsinstansar er ein del av heilskapen, men ikkje hovudfokus i artikkelen. Dei tre forfattarane, to av dei velkjende frå ABI på OsloMet, er mest opptatte av at denne høyringa, til skilnad frå den førre, i 2013, «evner å mobilisere bredere politiske og felt-interne allianser». I 2013 var biblioteket ikkje tema i lovutkastet, i 2022 eit viktig element i høyringsutkastet, men så heilt vekk i den vidare prosessen.

Bibliotekjournalistikk – kor går du?

På elleve år har norsk journalistikk med bibliotek som hovudtema blitt redusert frå tre til eitt tidsskrift. Ja, kva så? Vi har jo sosiale medium! Men kva då med uavhengig, kritisk journalistikk?

Det heiderlege unntaket er sjølvsagt Bok og bibliotek. Men nyleg blei tidsskriftet Bibliotekaren nedlagt. I 32 år kom bladet, med mykje glødande fagforeiningsstoff, men også gode dosar uavhengig, viktig journalistikk. 

Forbundet vil no «utvikle nye måter å dele faglig og politisk innhold med medlemmene på». Vi må håpe på det beste. Men då Norsk Bibliotekforening fann å kutte ut tidsskriftet Bibliotekforum og nettjournalistikken sin i 2014, blei det berre «erstatta» av åtte «medlemssider fra Norsk Bibliotekforening», som bilag i Bok og bibliotek. Og mest med enkle kunngjeringar frå NBF-leiinga. Frå 2022 blei sidene berre to, og frå og med 2024 er dei vekk. På dei eigne nettsidene har NBF i år 25 artiklar til no, men mest høyringssvar og annonseringar.

Og apropos sosiale medium, så er det no over fem år sidan Nasjonalbiblioteket, på på ėin dags varsel, meldte at dei skulle leggje ned postlista Bibliotek-Norge, eit fagforum for bibliotektilsette og andre gjennom tjue år, der også politikarar og journalistar hadde heldt seg orienterte. Kva har vi i dag, eit brokete forum på NB, der det ikkje har vore liv sidan 29. september!? Om det finst lukka forum som fungerer, så fungerer dei ikkje for andre enn dei som er «innafor».

PS: I det nyaste nummeret av Bok og bibliotek ser vi at sosial uro på bibliotek er eit tema. Folk med interesse for slike «svenske tilstandar» kan med fordel lese det svenske Biblioteksbladet. Og for andre gode grunnar. I Sverige hadde vi også det erklært sosialistiske Bibliotek i Samhälle, som kom på papir og pdf fram til i fjor, men som no viser seg å vere ganske oppegåande på nett.

Det kjente og kjære, men ignorerte biblioteket

I Klassekampen dei siste vekene har biblioteket vore ein gjengangar på debattsidene. Der brukarar, fagfolk og stortingspolitikarar har støtta kvarandre i kampen mot alvorlege kutt i bibliotekbudsjetta. Men når til dømes kulturminister Jaffery presenterer Nasjonal strategi for eit ope og opplyst offentleg ordskifte, er biblioteket berre ein liten parentes og ingenting er konkret.

Så det er heilt på sin plass når Norsk Bibliotekforening foreslår «en nasjonal bibliotek­satsing der stat og kommuner samarbeider for å sikre framtidens bibliotek».

Biblioteket og redningsplankane

Klassekampen og Morgenbladet har nyleg vekt bloggaren i meg. Det handlar om KKs reportasje 23. oktober om Deichman som møteplass for unge, men som blir rasert når meirope blir kutta i budsjettet. Og i MB Bernhard Ellefsens kulturpolitiske «manifest» ei veke seinare.

Biblioteket som møteplass, studiestad osv. er sjølvsagt relevant og viktig, men er det nok til å redde biblioteket – som bibliotek? 

Universitets- og høgskolebiblioteka har ei klar hovudoppgåve å sortere og levere kunnskap. For førti-femti år sidan, i den før-digitale tida, var det slik også for dei kommunale folkebiblioteka. Men for dei har det seinare handla om å kompensere på forskjellig vis for det sviktande utlånet av papirbøker. 

Biblioteket som møteplass har berre vore éin av dei forsøksvise “redningsplankane”. Biblioteket som studiestad ein annan. Universiteta i Oslo har “mista” hundrevis av studentar til stolar og bord i det nye, kule Deichman i Bjørvika, eit døme på kor viktig det er med arkitektur og sentral lokalisering. 

Og vidare: Biblioteka trudde dei kunne halde tritt med utviklinga av digitale medium, men forlagsbransjen, med hjelp av staten, har sett grenser for biblioteka når det gjeld tilgangen til e-bøkene og dei stadig meir populære digitale lydbøkene. 

For tjue år sidan satsa biblioteka sterkt på kvalitetssikra, handplukka kunnskapsportalar på nett, for å konkurrere med Google, men som kjent er kunnskapen i dag heilt overtatt av dei nettbaserte internasjonale konserna, no også av KI-ane deira. Snøgg levering er blitt mykje viktigare enn kvalitet. 

For ti år sidan skulle biblioteka bli offensive debattforum, men forsking viste at berre i nokre store kommunar har dei ressursar til dette. Enklare arrangement som foredrag og opplesing har auka bibliotekbesøket ein del, men på tjue år har likevel talet på dei i landet som bruker biblioteket gått ned frå 54 til 48 prosent. 

Det same med talet på bibliotek. Lova krev berre eitt bibliotek i kvar kommune, og det blir spanande å sjå kor mange av dei nye samanslåtte  kommunane som no kvittar seg med bibliotekavdelingar utanom det eine sentrale.

Korleis kan det ende? I Storbritannia, eit nesten-granneland med sterke kulturelle tradisjonar, har dei femten siste åra, med eit bastant høgrestyre, men ikkje ultrapopulistisk, redusert biblioteka sine driftsbudsjett med 18% og bokutlånet med 40. Kvart femte bibliotek er nedlagt. Frivillige lånarar har “redda” eit halvt tusen, men få av desse amatørdrivne boksamlingane har pengar til nytt innhald. Og andre bibliotek er reduserte til community hubs, det vil seie “kreative” samanslåingar av bibliotek med alt frå skattefuten til politiet (og då går biblioteket som uavhengig aktør fløyten, jf Merete Lie i kronikken i Klassekampen, også 23. oktober).

Det er ikkje tal på kor mange bibliotekfaglege og -politiske konferansar dei siste åra som har hatt biblioteket som demokratisk aktør som hovudtema. Men kva kjem det ut av det? I dei nasjonale bibliotekstrategiane som Nasjonalbiblioteket og departementet har stått bak, har demokrati vore sentralt, men forskarar har oppsummert at dei inneheld “ingen konkrete eksempler på hvordan bibliotekene skal gjennomføre dette, utenom generelle målbeskrivelser”. Kan vi håpe på ein forløysande augneblink under  “demokratiworkshopen” i regi av Norsk bibliotekforening på Litteraturhuset i Oslo 7. november?

I Morgenbladet denne veka vågar Bernhard Ellefsen å vere visjonær om kulturpolitikken over ni sider. Han skriv at “kulturpolitikkens reelle subjekt igjen [må] være folket. Det er effekten som må styre bruken av disse dyrebare kulturkronene”. Ikkje institusjonane. 

Ei ekstra utfordring er at det bibliotekfaglege miljøet er så lite at det ikkje når fram med krav og synspunkt. Det blir ofte “gløymt” i viktige samanhengar, til dømes i det nye dokumentet “Ytringsberedskap : Nasjonal strategi for eit ope og opplyst offentleg ordskifte”, lagt fram 23. september av ingen annan enn bibliotekas eigen minister Lubna Jaffery. I den grundige gjennomgangen av 9 slag infrastruktur for ytringsfridom er biblioteket berre nevnt, nærmast i forbifarta, under “Kunst og kulturliv”. Ikkje eitt ord under “Språk, leseferdigheiter og leselyst”. Og ingen andre stader.

Men kan andre, utanforståande, forsøke å gjere noko med det? 

Konkret forslag: I kommunane før budsjettdebattane kan fagrørsla, minoritetsgrupper, interesseorganisasjonar osv ta Ellefsen på alvor og gå saman om å stoppe kutt på biblioteket. Og i neste omgang vere med på å utvikle det til ein verkeleg demokratisk ressurs.

Politikarbiografien Noreg ikkje har sett

Dette er ein «annonse» som bloggaren ikkje vil bli rik av, for annonsøren er bloggaren sjølv, eller forlaget hans. Det handlar om ei ny og spesiell bok i norsk samanheng. Rett nok i sjangeren politikarbiografiar, men ikkje om ex-statsministrar eller landsfedrar/-mødrar, men om to lokale ytre-venstrepolitikarar frå RV, eit marginalt parti som no er nedlagt, men som held fram som partiet Raudt.

Biblioteka i heimkommunen, Moss, treng sjølvsagt denne boka, men også fleire, for dette er historia om det politiske livet i ein mellomstor industriby, og dei finst det mange av her i landet. Men ingen av dei andre har ei slik bok, det eg kan sjå.

Trykkinga blir finansiert med ein Spleis, der det er to prisar etter om boka blir henta i Moss eller om ho kjem i posten. Om dette harmonerer dårleg med offentlege bibliotek sine rekneskapsrutinar, kan eg vel alltids ordne med faktura osv. Skriv til frilanders @ gmail . com.

Draumesyn? Illusjonsmakeri? Tilsløring? Tale med to tunger? Løgn?

Oppslag i Fagbladet.no i dag

Regjeringa seier i sin ferske «Strategi for å styrke motstandskraften mot desinformasjon» om biblioteka:

«Dei siste åra har det vore retta stadig meir merksemd mot truslar mot demokratiet, som politisk polarisering, digital utanforskap og desinformasjon. Biblioteka skal vere ei motkraft til dette. Som arena for kunnskap og folkeopplysning skal biblioteka gi tilgang til forsking og kjelder, leggje til rette for meiningsbryting og bidra til utvikling av kritisk tenking og digital dømmekraft i befolkninga. Biblioteka er ein viktig arena for å auke den kritiske medieforståinga i befolkninga. Denne funksjonen bør styrkjast og gjerast tydeleg« (mine uthevingar).

Men statlege strategiforfattarar, som desse om desinformasjonen, har no skjønt at dei ikkje lenger kan nemne ordet debatt i samband med bibliotek. Til dømes heller ikkje Ytringsfrihetskommisjonen for to år sidan. Det er no tolv år sidan debattbiblioteket var det heilt nye og store.

Men forsking stadfesta det alle visste, at dette både var for dyrt og for kompetansekrevjande for alle andre enn dei aller største byane. I den nasjonale bibliotekstrategien er ord-paret bibliotek + demokrati framleis sentralt, men slett ikkje konkretisert, ifølgje andre forskarar.

Og no venter 11 prosent av kommunene «et betydelig lavere kulturbudsjett» ifølgje Fagbladet. 44 prosent har alt kutta.

PS 25. juni: Saka i Fagbladet er basert på undersøkinga «Kutt, kutt, kutt over hele linja : Kommunal kultursektor 2025» frå Telemarksforskning. Det kanskje mest sårbare er stillingar. Ein tabell viser «Kutt i åpningstider på bibliotek»: Små bibliotek 19%, mellomstore: 22%, store: 34% og alle: 25%.

Falske litteraturlister: Tromsø 2025 – Belgia 1840

Forfattarane av rapporten «Ny barnehage- og skolestruktur» for Tromsø kommune gjekk nyleg i den elementære KI-fella og leverte ei litteraturliste med titlar som aldri har eksistert, jf blant anna nrk.no og bloggen til Mona Astrid Fonnes. Som prøver å gjere noko med det.

KI-verktøy fanst ikkje i 1840, men i Binche i Belgia var det ein slags parallell; ein bokauksjon av 52 sjeldne bøker, men så sjeldne at dei påståtte einaste eksemplara av dei heller aldri hadde eksistert. Til denne såkalla Fortsas-auksjonen baud dei inn bokhandlarar, bibliotekarar og bibliofile frå heile Europa. Problemet var berre at heile auksjonen var ein bløff, sett i scene av antikvaren og spøkefuglen Renier Hubert Ghislain Chalon (1802-1889).

Kathleen McCook, bibliotekskoleprofessor på The University of South Florida, skreiv i går om dette på bloggen sin. Ho skriv at Chalon «skal ha observert kaoset på avstand, og gledd seg over å sjå dei lærde og aristokratane bli lurte av sin eigen grådigheit etter eksklusive føremål» (mi omsetting).

Illustrasjonen viser rapporten frå Tromsø og katalogen til auksjonen i 1840, som ironisk nok er blitt eit stort samlarobjekt.

Del med ein politikar nær deg! 2

Eg brukte denne overskrifta for under ein månad sidan, men bruker henne igjen. For i desse utrygge tidene for offentlege kulturbudsjett, ja, for alle andre budsjett enn forsvarets, må vi løfte fram alt positivt.

Denne gongen handlar det også om Sarpsborg. For no har eg vore der og tatt desse fotoa av det nye biblioteket (om du saknar mengdene av publikum, så var eg der like før stengjetid på ein fredag).

Også Klassekampens Kåre Bulie har vore der, og 4. februar skreiv han om dette biblioteket og «En serie nye bygninger [som] understreker hvor markant landets bibliotekinstitusjon har endret seg etter år­­­­­tusenskiftet». Han nemner her Deichman i Bjørvika og biblioteket på Sand i Nord-Odal.

Bulie skriv blant anna: «Til felles har de … at de hver på sitt vis er utpreget moderne: Disse bygningene befinner seg alle på god avstand fra den reaksjonære «klassisismen» som for tiden har kulturell så vel som politisk vind i seilene».

Det nye biblioteket i Østfoldbyen er ei samansmelting av gamalt og nytt. Og det gamle var ikkje kva som helst. Bulie minner om dette. Sjå her artikkelen på Lokalhistoriewiki (som nokon må revidere no) og innslaget i Filmavisen frå opninga i 1942. Det meste av det vi ser i filmen er bevart.

<< Barneavdelinga er i hovudsak som før, saman med kunstnarlege element som denne veggen av Christian Christiansen «i sandblåst glass med bestemte markeringer av klipt glass».

Om inngangspartiet (sjå nedanfor) skriv Bulie:

«Det første besøkende møter en lørdag formiddag i januar, er en omfangsrik vrimlehall hvor en kaffebar angir tonen og det myldrer av både store og små. Slik er samtidens ideal blitt: Heller enn rekker av bøker og tause studerende er det typisk nok mat, drikke og samtaler som preger inngangspartiet til det nye biblio­teket i Sarpsborg».

Men apropos «studerende»; slike detaljar set vi pris på:

Her er inngangspartiet sett ovanfrå:

Nybygget er i fire høgder, og du kan sanse alle, som her, nedanfrå. Dette er Lin Wang sitt kunstverk «Vannkraft», eit «fossefall av 1124 sylindriske kolber i porselen, montert som perler på snorer fra en sirkelformasjon i taket».

Dette var ein smakebit. Og Sarpsborg ligg berre ein time og tolv minutt med toget frå Oslo S.

Om det raude biblioteket – i Vårt Land

På bloggen har eg fleire gongar skrive om «Det raude biblioteket» på Rjukan. Men i dag finn vi ein omfattande reportasje om dette i kristenavisa Vårt Land. Dette folkebiblioteket i Tinn kommune blei reist i 1914, som eit ikkje berre stort og godt bibliotek på den tida, men med ei uvanleg omfattande venstreradikal mediesamling. Henrik Hjartøy blei biblioteksjef i 1917 og var opphavet til samlinga (seinare blei han kjend som sjef på Deichman).

«Målet til Hjartøy var å samle all venstresidelitteratur. Og han fikk tak i mye. Dette sies å være den tredje største samlingen i Europa med den type litteratur, sier Espeland, og legger til med et smil:

Du får ikke kommunestyret med på et slikt prosjekt i dag»

Jamfør kva som skjer i sørstatane i USA og i Sverige.

Vårt Land har også sett på kva som skjedde med dette og andre bibliotek under okkupasjonen. Blant anna kan vi lese at «Fra Kriminalpolitiets Oslo-avdeling ligger blant annet en fyldig rapport fra oktober 1942, som viser at de har hatt 41 kriminalbetjenter i sving med å beslaglegge litteratur hos ulike aktører». Og vi får innblikk i korleis dei blant anna på Rjukan gøymde unna «tvilsame» bøker også som langtidslån.

Men: «– Det er ingen historikere som virkelig har gått inn i dette. Og det er noe vi har tenkt endel på, at vi burde hatt mer kunnskap, og sett om samlingen faktisk er så spesiell som vi tror den er».

Morgonen etter boklovutkastet

Marknadsføring frå Gyldendal til folkeboksamlingene i 1927. Klikk for stort foto

Vi hadde ei sak om lovutkastet i går: Boklovforslaget: Leveringsplikt, men kva så? Nedanfor vil vi ei tid framover lenke til reaksjonar på lovutkastet, med vekt på der det også er snakk om biblioteket (ja takk til tips!). Det nyaste kjem først, men først reaksjonar frå bibliotekhald (noko vil nok vere bak betalingsmurar).

Aller først: Ingen har til no (19.8. kl 12.04) minna om kva biblioteksjefane i fleire større byar og fylke i februar sa i eit opprop: «Innkjøpsordningen må sikre oss flere eksemplarer av e-bøker og e-lydbøker». 

Om boklovforslaget frå bibliotekhald:

Bibliotekarforbundet 18.8:  «Vi er glade for at departementet i høringsnotatet tydelig anerkjenner bibliotekets rolle som en av de viktigste formidlerne av mangfoldet og bredden i norsk litteratur, og at de samtidig har notert seg utfordringene bibliotekene har med kjøp av digitale lydbøker. Vi skal nå gå nøye gjennom høringsnotat og lovforslag og se om det faktisk svarer ut bibliotekets behov, sier forbundsleder Veronicha Angell Bergli».

Norsk Bibliotekforening 18.8.: «Lovande utkast til boklov». På bloggen kommenterte vi dette i går slik: «Eg ser no at NBF-leiar Vidar Lund kjem til å krevje at «at ei minimumsløysing må inn i forskrifta». Men då burde vel eit signal om ei slik opning ha kome alt i dette dokumentet? Vilkåra har jo heile tida vore det springande punktet i lydboka-og-biblioteket-debatten. Og etter «50 møter med organisasjoner og aktører i bransjen» og «[r]undt 20 skriftlige innspill» må problemet opplagt ha vore drøfta (sjå side 6 i notatet)».

Frå andre organisasjonar og media (8 stk oppdaga per 19.8. kl 18.30):

Les mer «Morgonen etter boklovutkastet»

Lesing ved sommarleite

Bloggaren er i sommarmodus og har funne attende til blant anna Sandemose, Karin Fossum og Kerstin Ekman. Og den ganske nye romanen hennar, «Löpa varg». Om livet etter søtti. Sitat frå denne: «I min En jägares dagbok [Turgenjev, min merknad] slog jag opp den oerhörda berättelsen om sången i Kolotovka. När jag läste irrade tankarna iväg. De var livegna de flesta som fågeljägaren råkade på när han strövade omkring med bössan. Men ibland sjöng de alltså. Gör vi det fast vi inte är livegna? Inte fan gör vi det. Det behövs ju inte. Vi har ju Melodifestivalen».

Facebook utan filter

Nettstaden Gizmodo.com er no i gang med å rulle ut, bit for bit, interne, avslørande dokument frå Facebook. I dag er det dei sterkt omdiskuterte algoritmane som kjem «under kniven». Algoritmane som rangerer kva du skal sjå av nyheiter på kanalen. Vi omset konklusjonen: «Det desse dokumenta viser oss, er at trass i Facebook sine utflukter om kva dei meiner er «meiningsfullt» for brukarane, eller «verdt tida» internt, ser tilsette i FB på rangeringa som altfor kompleks og uforståeleg til at dei nokon gong kan få gjort jobben gjort forsvarleg. Dei veit også at dette er eit system som er ein føresetnad for Facebook si framtid».

…en sårbarhet som särskilt präglar landsbygden

Denne boka av Jo Straube blei kåra til Årets vakraste i 2017. Men ho er ganske avslørande om biblioteka i Bygde-Noreg. Klikk og kikk
  • Kulturanalys Norden (etablert på oppdrag av Nordisk ministerråd) kjem no med ein rapport om ei side ved kulturlivet i dei nordiske landa som sjeldan får merksemd i media, nemleg den store skilnaden på tilbodet i by og bygd; meir presist mellom tettbefolka kommunar og dei med spreidd busetnad. Dette overraskar ikkje oss her i Noreg, men så får vi også stadfesta at i Norden er det vi som har aller mest «glesbygd».

Mykje handlar om å slå inn opne dører i rapporten «Kulturens geografi i Norden», men nokre ting kan vi merke oss:

I alle landa ser det ut til at folkebiblioteket er den einaste institusjonen som finst i kvar kommune. Og det finst eit underkapittel med den ambisiøse tittelen «Biblioteken utgör en grundstruktur för kultur» (side 27). Men kva ligg i dette?

Det einaste vi kan finne er: «Det har också konstaterats att bibliotek idag ofta står för en breddad verksamhet som erbjuder fler kulturaktiviteter än enbart utlån av böcker och medier. Biblioteken intar i dessa skepnader hybrida former av kulturverksamhet där det är vanligt att den fysiska lokalen används till allt från utlån av media och informationssökning till utställningar och publika arrangemang. Den fysiska lokalen får betydelse för att arrangera även annan kulturverksamhet och att fungera som en kulturell mötesplats».

På denne bloggen har vi likevel tillate oss å tvile på kor omfattande og vellykka dette har vore.

Her om dagen skreiv ein fortvila biblioteksjef i ei austnorsk bygd på lista Biblioteknorge at ho har fått i oppgåve å «utrede muligheten for meråpent bibliotek (…) og se på aktuelle selvbetjeningsløsninger som kan kutte ytterligere i driftsutgiftene ved biblioteket». Og samtidig produsere eit notat om «hva bibliotekloven beskriver av hvilke tjenester en kommune må tilby». Og dette er ikkje det einaste teiknet på at dyrtida vil råke kulturlivet ekstra sterkt. Mange bibliotek må no slå seg saman med innbyggjartorg for å overleve. Korleis då utgjere «en grundstruktur för kultur»?

Rapportforfattarane tar ei viss høgde for dette og skriv at det «finns överhängande risker att graden av variation kan inskränkas om resurserna krymper – det finns en sårbarhet som särskilt präglar landsbygden».