Dei som har følgt Craig Murray sine rapportar frå Julian Assange-saka i London, eller stoff basert på rapportane hans, vil ha sakna rapporten frå den siste dagen. Les her på bloggen hans korleis det rett og slett blei for mykje «evil paraded in the centre of London, under the panoply of Crown justice». Men det kjem etter kvart.
Kategori: ytringsfrihet
Linné igjen

Vi forsøkte oss her om dagen med eit kompromiss i høve til bydelsutvalet i Oslo som ville fjerne «Linné-benken» i Botanisk hage. No var det Naturhistorisk museum som skulle avgjere dette, og dei vedtok ingen endringar, men er opne for å diskutere kva som skal stå på skiltet ved benken.
I går hadde Khrono eit godt og viktig intervju med professorane Torgeir Skorgen og Dag O. Hessen om Linné. Hessen seier blant anna: « … Linné [var] likevel ingen praktiserende rasist. — Han gjorde denne ene inndelingen av mennesker, men hans livsgjerning forøvrig handlet ikke om dette. Det finnes vitenskapsmenn som har hatt det som sitt viktigste mål, og dem bør det ikke settes opp minnesmerker for, … Hessen synes og det er interessant at Linné framhever samer som forbilder med eksemplarisk levesett. — Han hadde ikke spesielt negative tanker om urbefolkninger».
Men i heimlandet Sverige meiner mange at Linné må ned frå soklane. Og i Växjö ligg Linnéuniversitetet, der nokre foreslår nameendring.
Assange-rettssaka nestan usynleg i norsk presse

Endeleg har Aftenposten kome til at Julian Assange må slippast fri. Men eit søk i Atekst på «Assange» sidan starten på rettssaka mot han i London 7. september gir fram til i dag (20.9.) berre 9 treff i andre aviser enn Klassekampen, som står for 28. Og KK er aleine om å følgje heile denne rettssaka. Som ifølgje Rune Ottosen i Norsk PEN er «et anslag mot ytringsfrihet i global målestokk. Alle som driver kritisk og undersøkende journalistikk må spørre seg om hvem som blir den neste».
Norsk PEN er der, men skriv ikkje kvar dag. Men Steigan.no overset dei skarpe og grundige blogginnlegga til Craig Murray.
Benkeforslag
>> Sjå kommentarfeltet for endå eit forslag!
Klart ein kan kjenne seg krenka om ein må oppleve gong på gong at noko ein står for blir rakka ned på, særleg i det offentlege. Men éin stad må grensa gå. Må dei verkeleg fjerne bøker av Steinbeck (!) og Harper Lee (!) frå pensum i Irland fordi, i romanane deira frå Sørstatane på 1930-talet, n-ordet førekjem i folkeleg daglegtale? Og må ein historikar bli nekta å halde foredrag på eit US-amerikansk universitet fordi han i ei bok ikkje berre heilt overflatisk granskar Ku Klux Klan-tippoldefaren sin, og fordi han ikkje istaden skriv ei bok med vekt på «oppløftande svarte stemmer»? (med eit visst atterhald; vi har ikkje lese boka).
For å ta eit par døme (så unngjekk vi det med Kunsthøgskolen i Oslo).
Så i staden for å gi etter for kravet om å fjerne ein benk med Carl von Linné sitt namn frå Botanisk hage på Tøyen i Oslo, er forslaget vårt, i bibliotekarisk ånd, å montere QR-kodar som desse, på benken, der ein får balansert info om opplysningsmannen – og rasisten – Linné.
Assange: « … vår tids Pentagon-papir-sak»

Klassekampen-redaktør Mari Skurdal skriv i dag om eit støttearrangement for Julian Assange på Litteraturhuset i Oslo onsdag (sjå video), men elles om den manglande merksemda rundt Assange-saka som no pågår i London. Der USA krev å få han utlevert for brot på spionasjelova: «Selv om presse- og ytringsfrihetsorganisasjoner som Pen og Reportere uten grenser gjentatte ganger har bedt om at Assange må løslates og at USA må droppe siktelsen, har ikke disse synspunktene noen sentral plassering i dekningen hos deres medlemsbedrifter, eller i den politiske debatten for øvrig. … Flere enn en håndfull venstresideaktivister må forstå at vår tids Pentagon-papir-sak utspiller seg i Old Baily i London akkurat nå».
Minnar om at i 2010 leverte dei norske bibliotekorganisasjonane ei viktig fråsegn til støtte for Wikileaks. No burde dei kunne fronte det nye oppropet her i landet.
Bibliotek med forbodne bøker
Ei sak på Svt.se i dag handlar om eit nytt bibliotek, ved Malmö stadsarkiv, med 1600 forbodne bøker: «Någon har någon gång velat att andra människor inte ska läsa dem, säger bibliotekarien Ulrika Ahlberg och nämner som exempel Da Vinci-koden där Jesus har ett förhållande med en kvinna och får ett barn». Biblioteket har fått namn etter etter den svenske journalisten Dawit Isaak som har vore fengsla i Eritrea i snart tjue år, utan lov og dom.
– Frykter at humor og satire blir krenkelses-ofret

Dette er overskrifta på ei sak på Khrono i dag. Det framgår blant anna at avisteiknar Marvin Halleraker «tror ikke at yrket hans finnes om ti år». Og så var det intervjuet i juli med Frode Øverli i Aftenposten. På tide med ein mot-aksjon!
Herverande bloggar har ikkje spesielt behov for å krenke, men å levere humor og spydige stikk når det er eit visst grunnlag for det, vil mange ha registrert at vi har ein trong til. Særleg stikk til dei oppover i ulike system, også biblioteksystemet.
Samtidig som årets klart mest spydige og ironiske turbok (!) sidan «Guide til det danske høyfjellet», kjem frå denne mac-en. Spydig mot konstruktørane av Viken fylke, mot ignorante byfolk i samanslåtte kommunar og litt mot Kartverket.
Slutt på Facebook

Slik fekk vi i ettermiddag vite at nokon er blitt fornærma og rapportert ting frå bloggen som vi har delt på bloggens Facebookside. Dei som anten ikkje blir krenkte, eller som toler det, kan i staden tinge nyheitsbrevet vårt, på linje med p.t. 828 andre. Sjå her nede til høgre >>
Nogle Mærkværdigheder forefundne i et underjordisk Bibliothek

I omtalen av boka «Bokhistorie. Bibliotekhistorie» 27. juli presenterte vi Øivind Bergs artikkel om presten og folkeopplysaren Jacob Nicolai Wilse og framtidsfabelen hans frå 1779, «Philoneus, eller Eftertiden i Norge», om eit underjordisk bibliotek og museum som skulle vise samfunnet i år 2000. Her nemner Berg også eit ikkje utgitt handskrift av Wilse, «Nogle Mærkværdigheder forefundne i et underjordisk Bibliothek», som delvis føregreip «Philoneus» alt i 1765. Sjå faksimilen av første side av teksten (takk til Eirik Juel, bibliotekar og lokalhistorikar i Spydeberg).
No har faktisk Øivind Berg transkribert den gotiske handskrifta frå notisboka og gitt oss løyve til å publisere dette, sjå nedanfor.
Kva kan vi seie om Wilses bibliotekdraum anno 1765? Tore Stubberud skriv i Wilse-biografien sin, «En opplysningsmann»:
Les mer «Nogle Mærkværdigheder forefundne i et underjordisk Bibliothek»– Krigsbrotsverk, imperiet og forfølginga av den frie pressa
Når no store delar av verda, med negativ vinkling, har markert 75-årsdagen for USA si atombombing av Hiroshima og Nagasaki, når vi no her på bloggen forsøker å få IFLA og nasjonale bibliotekorganisasjonar til å engasjere seg mot atomvåpen og når vi framleis er engasjerte for Assange og andre forkjemparar for ytringsfridom, kan det passe å lenke til nettstaden Derimot.no si omsetting av ein artikkel av Nozomi Hayase, «Krigsbrotsverk, imperiet og forfølginga av den frie pressa», opprinneleg publisert på den viktige nettstaden Consortium News.
Scene- og sokkelnekt?

Som bibliotekbloggar burde ein ha gått grundig inn i desse debattane, men det får eventuelt bli utpå hausten. Og i utgangspunktet er jo folkebiblioteket soleklart for fri meiningsutveksling.
Når dét er sagt, er det grunn til å dele intervjuet Dag og Tid hadde med Rune Slagstad om desse tinga. Han «avviser kategorisk scenenekt som strategi», også når han blir møtt med påstanden at Sian (Stopp islamiseringen av Norge) «ikkje [skal] få ytre seg på offentlege bibliotek fordi andre brukarar kan verte redde». Men intervjuet tar utgangspunkt i boka til Fosli, der Slagstad er klar på at bokmeldinga burde ha blitt trykt i Prosa. Men samtidig påpeiker han at bladet har «bidrege med gratis PR til ei bok som alt har selt om lag 2500 eksemplar». Men les heile.
Så snubla vi også over to verkeleg omfattande artiklar på Wikipedia om både … Les mer «Scene- og sokkelnekt?»
Bibliotek- eller ytringsfridomsdebatt?
Her på bloggen har vi fleire gongar klaga på det norske bibliotekmiljøet sin ivrige gang rundt dei fleste heite grautfat som finst og tendens til ikkje å fullføre faglegpolitiske debattar. Men no, mens dei fleste av oss har vore i kompakt korona-modus, har tidskriftet Bok og bibliotek og redaktør Odd Letnes gjort eit viktig forsøk på det motsette ved å ta opp det komplekse temaet biblioteket og ytringsfridomen. Både spesielt, knytt til spørsmålet om ein framandfiendtleg organisasjon skal få leige lokale på Deichman, og meir generelt. Ved å søke stadig nye og kompetente intervjuobjekt har debatten blitt sakleg og hatt god framdrift, og ein har vore innom dei fleste sidene av saka.
Men det vil nok skje meir. I Morgenbladet denne veka ser vi at saka er på veg opp på kommunalpolitisk nivå: «Partiet Rødt har bedt byrådet om å nekte Stopp islamiseringen av Norge (Sian) og andre ekstreme organisasjoner å låne møtelokaler på biblioteket. «Folk skal ikke måtte risikere å møte Sian på biblioteket»».
Vil partiet fråta biblioteksjefen det avgjerande ordet i slike saker, ein rett ho/han faktisk har med støtte i biblioteklova av 2014 pluss ei presisering av dåverande kulturminister Widvey?
Den nye kulturbyråden i Oslo, SV-aren Omar Samy Gamal, svarer at han … Les mer «Bibliotek- eller ytringsfridomsdebatt?»
Fritt for fridom?
For Khrono.no i dag er det «Uklart kvifor ytringsfridom i akademia ikkje er tema for ny kommisjon». Professor Kristian Gundersen ved Universitetet i Oslo blir intervjua og følgjer opp kritikken av mandatet til Ytringsfridomskommisjonen med blant anna dette:
— Det er veldig pussig å diskutere ytringsfridom utan å ta inn forskarane si rolle. Det blir som å bygge eit hus med tre og ikkje fire veggar. Eg forstår det ikkje, … Han meiner forskarar har ei veldig sentral rolle i den opplyste offentlege samtalen, og meiner det difor er svært rart at akkurat desse sektorane er tekne ut av mandatet. — Det er som om opplysningsdelen av den offentlege samtalen ikkje skal sjåast på».
Wikipedia framleis stengt i Tyrkia
Den ubundne eksil-tyrkiske nettstaden Ahvar melder at trass i at høgsterett i landet med seks mot fire stemmer 26. desember vedtok at stenginga av Wikipedia sidan 2017 har vore i strid med ytringsfridomen, noko blant anna NRK siterte ei NTB-melding på, så er nettstaden framleis ikkje tilgjengeleg.
Og dei kan ikkje eingong skulde på juleferien.
Julian Assanges lagnad viser kor skjør pressefridomen er

>> I motsetnad til i Finland (jf Mikael Böök nedanfor) starta Klassekampen 14.12. ein omfattande artikkelserie om Assange og Wikileaks (få avisa gratis i 3 veker!)
Togna er øyredøyvande i hovudstraums media om Julian Assange sin prekære situasjon og fråveret av debatt om kva det vil seie for pressefridomen om Assange blir utlevert til USA. Med-bloggar Mikael Böök hadde eit innlegg om dette 10. desember i Hufvudstadsbladet (Helsingfors) si avdeling for kulturdebatt. Teksten kjem her, saman med nokre refleksjonar over rolla til bibliotekarane i denne samanhengen:
Julian Assanges öde visar hur skör pressfriheten är
«Utan yttrandefrihet finns ingen modern värld, endast en barbarisk värld!» –Ai Weiwei
När dissidentkonstnären Ai Weiweis inflytande växte åtalade Kinas härskare honom för skattebrott och utkrävde en väldig straffskatt. Men Ai Weiweis vänner lyckades skrapa ihop tillräckligt med pengar för att få domen uppskjuten. Då började makthavarna anklaga Ai Weiwei och hans kolleger för att sprida pornografi. På bilden «En tiger och åtta bröst» hade konstnären nämligen visat upp sig utan en tråd på kroppen i sällskap med fyra likaså helnakna kvinnor.
– «Om de ser nakenhet som pornografi så befinner sig Kina fortfarande på Qing-dynastins tid», kommenterade Ai Weiwei (enl Dagens Nyheter 19.11.2011).
I en rykande aktuell bok, redigerad av Tariq Ali och Margaret Kunstler och utgiven på förlaget OR Books, ingår ett samtal mellan konstnären Ai Weiwei och publicisten Julian Assange. Boken, som heter «In Defense of Julian Assange» (Till Julian Assanges försvar) erbjuder en …
Les mer «Julian Assanges lagnad viser kor skjør pressefridomen er»

