Del med ein politikar nær deg!

Om du ikkje alt har gjort det. Eg snakkar om Nrk.no som nyleg har fanga opp ny statistikk og nye trendar som gjeld lesing og bibliotek.

Og som har vore på nye Sarpsborg bibliotek og fått vite korleis verda ser ut derfrå:

«– Det virker generelt som det har blitt mer «trendy» å lese enn det var før, sier bibliotekar ved Sarpsborg bibliotek, Merete Næss.

Næss har en helt egen teori på hvorfor lesing plutselig har fått et byks i popularitet:

– Menn som leser en bok på bussen, er jo mye kjekkere enn menn som nistirrer på en mobil. Dessuten kan du skrive at du liker litteratur på Tinder, så virker du litt intellektuell».

Jæ bara lurær

Vi ser i rapporten Kommunal organisering 2024 at 1,4 prosent av folkebiblioteka blir drivne som kommunale føretak. Med andre ord (eller tal) gjeld dette i 5 av dei 357 kommunane i landet (kva for nokre går ikkje fram).

Kan dette vere i harmoni med biblioteklova?

I Storenorske kan vi lese at «Kommunale foretak opprettes for å ivareta oppgaver med et forretningsmessig preg» (mi utheving). Og vidare at dei «har en mer fristilt status enn enheter som inngår i kommunens egen organisasjon». Og: «foretakets styre har myndighet til å treffe vedtak i alle saker som gjelder foretakets virksomhet».

Kva med eit SKILTSTUNT i 2025?

Dette skiltet stod i fleire år ved fylkesveg 119 og peika til det litt bortgøymte Rygge bibliotek, før innflyttinga i nye lokale i ungdomsskolen for ni år sidan. I dag kan ingen unngå å sjå biblioteket (opphavet til skiltet var mangeårig biblioteksjef og humørspreiar Svein Bendik Hansen (1949-2011)).

Kva om fleire bibliotek følgjer opp stuntet? For å vise at det faktisk ER eit bibliotek nær deg!

Men for mange er det verkeleg langt til det nærmaste biblioteket. For avstandane har sjølvsagt auka når vi veit at i 2023 var det 633 folkebibliotek i Noreg, mot 1263* i 1974. Altså ei halvering på femti år..

Så hadde ikkje brukarane protestert så kraftig mot nedlegging av Rygge bibliotek no i haust, kunne folk i småbyen Larkollen (1540 innbyggjarar) sett opp eit spydig skilt om 13908 meter til nærmaste bibliotek, i Moss sentrum.

Men det finst sjølvsagt endå lengre avstandar frå tettstader til nærmaste bibliotek. Bruk gjerne kommentarfeltet for å dokumentere slike døme.

PS: Og kva med slike skilt på litt overraskande plassar? Ved fotballstadion? Felleskjøpet? Badestranda? Og med QR-kodar som lenkar til Google-kartet og viser vegen. Og opningstidene.

  • Statens bibliotektilsyn: Årsberetning 1975.

Om det raude biblioteket – i Vårt Land

På bloggen har eg fleire gongar skrive om «Det raude biblioteket» på Rjukan. Men i dag finn vi ein omfattande reportasje om dette i kristenavisa Vårt Land. Dette folkebiblioteket i Tinn kommune blei reist i 1914, som eit ikkje berre stort og godt bibliotek på den tida, men med ei uvanleg omfattande venstreradikal mediesamling. Henrik Hjartøy blei biblioteksjef i 1917 og var opphavet til samlinga (seinare blei han kjend som sjef på Deichman).

«Målet til Hjartøy var å samle all venstresidelitteratur. Og han fikk tak i mye. Dette sies å være den tredje største samlingen i Europa med den type litteratur, sier Espeland, og legger til med et smil:

Du får ikke kommunestyret med på et slikt prosjekt i dag»

Jamfør kva som skjer i sørstatane i USA og i Sverige.

Vårt Land har også sett på kva som skjedde med dette og andre bibliotek under okkupasjonen. Blant anna kan vi lese at «Fra Kriminalpolitiets Oslo-avdeling ligger blant annet en fyldig rapport fra oktober 1942, som viser at de har hatt 41 kriminalbetjenter i sving med å beslaglegge litteratur hos ulike aktører». Og vi får innblikk i korleis dei blant anna på Rjukan gøymde unna «tvilsame» bøker også som langtidslån.

Men: «– Det er ingen historikere som virkelig har gått inn i dette. Og det er noe vi har tenkt endel på, at vi burde hatt mer kunnskap, og sett om samlingen faktisk er så spesiell som vi tror den er».

Lat oss banne litt i KIrka

Ekstrem skepsis. Dagens Næringsliv, 20. august 1996

Eg har lite kontakt med folk som eventuelt er «heilfrelste» på AI/KI/kunstig intelligens, så eg veit ikkje kva som skal til for å banne i kirka deira, men i går las eg vitskapsjournalist Bjørn Vassnes i Klassekampen si årsoppsummering om KI. Han er skeptisk til fenomenet frå fleire innfallsvinklar.

Han refererer blant anna til ein IT- og media-skeptikar heilt tilbake til 1980- og -90-talet, svenske Lasse Svanberg. Vassnes skriv: «… KI kan … bety at de mekanismene evolusjonen gjennom årtusener har utviklet for læring, kan bli forstyrret. Dette startet allerede med skjermenes inntog på barnerommene og i skolene, men med KI vil dette akselereres. Grunnen er at der snarveier kan tas, vil de bli tatt, som svenske Lasse Svanberg forutså i 1983 i boken «Bekvämlighetens triumf». Vi ser det allerede i dag: Når skoleelever og studenter får oppgaver, gidder de ofte ikke først tenke gjennom dem, men ber med en gang en KI om et forslag» (mi utheving).

Eg intervjua Svanberg for Bok og bibliotek i 1996, på eit tidspunkt då berre ti prosent av folket (det norske) hadde prøvd seg på Internett. Har du nokre ledige minutt til å lese intervjuet vil du faktisk kjenne deg igjen på mange punkt, og flire på ein del andre (eg fekk forresten kjeft frå kollegaer i 1996 for å ha bidratt slik til både skepsis og pessimisme).

PS: Så er det tida for litt banning på juletradisjonane sitt område. Høyr denne versjonen av verdas verste/beste julesang! Med ein artist (R.I.P.) som du aldri ville trudd skulle synge denne.

Nb.no – berre 26% av bøkene er skanna

40-års jubileumsutgåva til Nytt Norsk Tidsskrift (nr. 3-4, 2024) kjem med sjeldan kritikk av Nasjonalbiblioteket vårt. Kort oppsummert: Trass i hyppige påstandar om at den verdsberømte digitaliserte tenesta deira er altomfattande når det gjeld bøker, er dette positivt feil. Til dømes er berre 26% av bøkene utgitte mellom 1814 og 1905 digitaliserte der.

Den elleve sider lange artikkelen Den digitale litteraturarven og myten om «alt» er skriven av Frode Lerum Boasson, Anders Skare Malvik og Knut Ove Eliassen, høvesvis førsteamanuensis og professorar i nordisk litteraturvitenskap ved NTNU. Dei blei medvitne om dei store manglane under arbeidet med eit tekstkorpus for å kunne drive digital forsking på norsk 1800-tal.

For dei som ikkje har fri tilgang til NNT siterer eg eitt av fleire oppsiktsvekkjande avsnitt:

“Målt opp mot registrene representerer titlene i Nettbiblioteket Bøker ca. 26 % av «alle» registrerte titler i Alma / Oria, mens samlingen rommer ca. 53 % av titlene i Norbok. Siden Nettbiblioteket Bøker inneholder en hel del materiale som burde vært registrert i Norbok, men altså ikke er det, synliggjør sammenligningen at Norbok-registeret for perioden er ufullstendig, og samtidig at digitaliseringen av «norske bøker» er langt fra komplett. Det er dermed vanskelig å fastslå hvor mye av «alt» norsk materiale fra perioden som egentlig er digitalisert. Det vi imidlertid kan si med sikkerhet, er at 13 446 titler utgitt mellom 1814 og 1905 som er registrert i Norbok, ikke er representerte i den digitale boksamlingen. Legger vi også til at det ikke finnes absolutte data for hvor stort samsvar det er mellom de registrerte utgivelsene i Norbok og den faktiske utgivelseshistorikken i perioden (det kan ha blitt utgitt bøker på 1800-tallet som ikke har blitt registrert), blir det klart at vi i realiteten umulig kan fastslå den digitale samlingens representativitet”.

Forfattarane vedgår at “Institusjonell hybris kan være en ressurs …”, men funna deira samsvarer dårleg …

Les mer «Nb.no – berre 26% av bøkene er skanna»

Betre stengt bibliotek enn frivillig!

I Klassekampen i dag er hovudsaka på kultur bibibliotek-kutta rundt i landet. Her i landet vil Bodø truleg vere den første kommunen i landet som tyr til dette i nyare tid. – Da er det bedre å holde stengt enn å drive frivillig, seier Elin Fostvedt, hovedtillitsvald for Bibliotekarforbundet i Bodø.

Tidlegare i haust skreiv eg om korleis Det er fullt muleg å rasere bibliotektilbudet. Dømet er Storbritannia, der løyvingane til biblioteka er halverte sidan 2010. Mange hundre bibliotek er nedlagde, men mange er også «overtekne» av frivillige, ofte kalla partnership libraries, i regelrett nytale. Men med resultat at dei fort går dukken, dei også.

I mange norske kommunar er frivillige engasjerte for biblioteket, men då i venneforeiningar. Det er ikkje uvanleg at desse står for arrangement, forfattarbesøk og liknande, som det strengt tatt burde vore pengar til på bibliotekbudsjettet. Men i tider som desse, med trugsmål om store nedskjeringar, er foreiningane nyttige å ha som forsvararar av bibliotektilbudet, sjå til dømes skjermdumpen her frå Moss Avis i dag.

OBS: Tid for bibliotektriksing!

Før nye Rygge ungdomsskole med folkebiblioteket var på plass for åtte år sidan, peika dette skiltet til biblioteket på Breisand (faktisk!). No blir det snart over ei mil til bibliotek for folk på Larkollen, sør i Moss kommune.

For fem år sidan gjekk kommunesamanslåingane over landet. No når velferdsrasering har kome på moten, har styresmaktene fått seg eit effektivt middel for sparing på bibliotekfeltet: Nedlegging av hovudbibliotek som for fem år sidan blei reduserte til filialar i dei nye storkommunene. Og dermed ikkje lovpålagde.

Bernhard Ellefsen skriv om nedlegginga av tidlegare Rygge bibliotek i Moss i Morgenbladet no på morran:

«Alle norske kommuner skal ha eget folkebibliotek. Her bidrar kommunesammenslåingen til å trikse med loven: Det er en administrativ endring som gjør det mulig å frata befolkningen et tilbud de inntil for fem år siden hadde lovfestet rett til. Og man kan si det mindre byråkratisk: Det er jo for jævlig å frata folk biblioteket! Norges mest populære kulturtilbud!»

Moss/Rygge blir ikke det einaste forsøket i nye storkommunar. Her på bloggen tar eg imot tips om fleire. Skriv til frilanders @ gmail.com.

PS 30.11.: Styringsfleirtalet i kommunen har forstått – litt av – alvoret og seier at Rygge bibliotek skal halde fram, men i staden skal 2,95 stillingar vekk.

Kor finst dei bibliotekpolitiske debattane?

Skjermdump frå Veggen på Bibliotekutvikling.no. I raudt, dato påført for dei nyaste innlegga.

Denne bloggen har sidan starten i 2006 vore eit forsøk på å starte debattar om bibliotekpolitikk. Eg auka aktiviteten særleg etter at Nasjonalbiblioteket i 2020 på arrogant vis presterte å ikkje berre leggje ned postlista biblioteknorge, der omlag 3000 bibliotektilsette var med, men i tillegg slette heile arkivet for all fremtid.

NB baud i staden inn til ulike tematiske forum på Bibliotekutvikling.no (krev passord), noko som skulle vere mykje betre og sjølvsagt moderne. Men når eg i dag, 23.11.2024, går inn på «Veggen» deira, finn eg to innlegg frå oktober som dei nyaste, elles to frå september og eitt frå juli og eit frå mai. Det nyaste innlegget i til dømes delforumet Litteraturformidling i folkebibliotek, som ein skulle tru var viktig og populært, er frå september 2023.

Tidsskriftet Bibliotekforum (NBF) blei nedlagt i 2014 og Bibliotekaren (BF) er redusert til «tre-fire» nummer i året.

Det finst FB-grupper, men i den største (?), Bibliotekarer i folkebibliotek (berre bibliotekarer kan bli medlem) er slett ikkje bibliotekpolitikk det som dominerer.

Men så er det vel spenstige debattar på fysiske samlingar; konferansar og seminar?

Men ein leiarartikkel i tidsskriftet Bok & bibliotek 29. oktober heiter Mangelen på meiningars mot blant tilsette i norske bibliotek. Her skriv redaktør Arne Olav Hageberg frå Biblioteklederkonferansen 2024: «Temaet var «Demokratiet – en tapt sak?», og frå scenen blei det presentert den eine utsegna etter den andre om bibliotek som demokratiske institusjonar avgjerande for ytringsfridomen. Alt dette snakket blir fort hult om dei tilsette ikkje sjølv har mot til å ytra seg».

Akkurat dette har vore eit hovudtema her på bloggen (bak taggen Demokrati finn du fleire ti-tals innlegg). Til dømes har eg referert …

Les mer «Kor finst dei bibliotekpolitiske debattane?»

Bibliotekar-romanpersonen med stor B?

Søkjer du på fictional librarians, blir lista med rangeringar lang. Men på engelsk er det lite nordisk her, ikkje eingong «T. Singer» av Dag Solstad (for boka er ikke omsett; faktisk berre 9 av dei 30 bøkene hans har kome på engelsk). Same kva – no i november er det 25 år sidan boka kom ut. Og det same sidan eg intervjua Solstad om boka for Bok og bibliotek.

Det mest minneverdige frå boka, meinte fleire av oss i bibliotekfaget den gongen, er denne passasjen på side 211 i førsteutgåva (mine uthevingar):

«Men det var noe gåtefullt over hans eksistens, det ville han framholde. Han var en gåte overfor seg selv, det kunne ingen nekte ham å hevde. Hans liv befant seg i metaforisk forstand i kjelleren på Deichmanske bibliotek hvor han voktet bøkene. Der satt han i alvorlige, litt surmulende diskusjoner med likesinnede (kolleger) om arkiveringsteknikker og alternative katalogiseringssystemer, labyrintsimulatorer og bokstabelberegningskatalysatorer, og hvorvidt disse på en meningsfull måte kunne innpasses i datasystemer. Diskusjoner på et høyt, ja sublimt nivå, men dessverre komplett uinteressante og komplett uforståelige for andre enn dem, de innvidde bibliotekarene i Deichmanns djupe hvelv. Overfor dem, de innvidde, kunne Singer endelig foreta sitt lille triks med å holde bokryggene fram, og ned, for på den måten å åpne boksidene, og lufte dem idet han lukket dem med et lite, tørt smell, dette triks han hadde gjort så liten lykke med overfor et levende, stillferdig barn for noen år siden, men nå: De andre, de innvidde, hans kolleger, humret anerkjennende til ham. Singer var i sitt ess».

Andre kan meine at Jørgen Brekke si Siri Holm er ein viktigare roman-bibliotekar, ho som ruskar godt opp i bibliotekar-stereotypien som blant anna Solstad var med på å sementere.

Folkebiblioteket = lokalt campus?

Nye Deichman i Oslo har heilt sidan opninga vore ein viktigstudiestad for mange studentar, sikkert også fjernstudentar.

På Khrono 8. november er ei overskrift: Utdanning over hele landet — styrk samarbeidet med bibliotekene. Forfattar er NBF-leiar Helene Voldner og bakgrunnen er at «Regjeringens ferske budsjett slår fast at det skal satses på et fleksibelt utdanningstilbud. Universiteter og høyskoler skal styrke det desentraliserte tilbudet og møte regionale kompetanse­behov. Fylkeskommunene har ansvaret for kompetansepolitikken i sin region, og foreslås i statsbudsjettet for 2025 å fordele midler til studiesentrene rundt omkring i landet» (mine uthevingar).

Voldner peikar på at fleire bibliotek, blant anna «Senja bibliotek har sammen med UiT og studiesenteret etablert tilrettelagte studenttjenester, som har vist seg å være svært vellykket. Trøndelag fylkesbibliotek har prosjekter i gang og biblioteket på Høyskolen Kristiania lage skreddersydde bibliotektjenester for fjernstudenter». 

Dette er slett ingen ny ide, men med IT-utviklinga både når det gjeld kommunikasjon mellom lærar og student og digitalisering av læremiddel og akademisk litteratur, er potensialet eit heilt anna enn til dømes i 1995, då www var heilt i barndomen. Jamfør rapporten frå dette året av Østlandsforskning, Fjernstudentars bruk av bibliotek, der dei tok føre seg 300 fjemstudentar knytte til Høgskulen i Lillehammer og bruken deira av folkebibliotek.

Det nøytrale biblioteket – gløym det!

Her held bibliotekstudia og -forskinga til i Växjö.

Under overskrifta Självcensuren kan få konsekvenser för hela bibliotekssektorn” kan vi i «Magasin K» denne veka lese om den omfattande undersøkinga, «Canaries of Democracy«, gjort på Linnéuniversitetet i Växjö, der dei har intervjua biblioteksjefar og tilsette i 77 svenske folkebibliotek om det vi kort kan oppsummere som «debattbiblioteket». Som fleirårig bloggar om emnet og nærliggjande herlegdomar er dette det viktigaste eg har lese sidan Elin Golten si ph.d.-avhandling for to år sidan. Og sjølv om det svenske politiske konfliktnivået i dag er høgare enn det norske, er alt dette relevant for oss.

Her står dei verdifulle poenga i kø, men langt ifrå alltid oppmuntrande. Som avtroppande bibliotekbloggar bryr eg meg ikkje om å sitere meir enn dette nedanfor, men oppmodar alle til sjølv å lese artikkelen i Magasin K.

Eg har terpa på dette fleire gongar; gløym nøytralitets- og konsensus-strevet: «– Ett centralt resultat är hur biblioteken kan uppfattas som en demokratifrämjande mötesplats. Tidigare har det handlat om att man velat nå någon form av konsensus i rummet. Men demokrati kanske inte handlar om att komma överens, utan att passionerat få uttrycka olika åsikter …».

PS: Joacim Hansson er ein av forskarane bak denne undersøkinga. Eg intervjua han grundig for Bibliotekaren nr. 4, 2019, side 12 ff.

«Å bekjempe desin­for­masjon»

For sju år sidan spreidde IFLA denne plakaten på mange språk

Under denne tittelen i Klassekampen i dag forsøker mediefaglærar Lars Audun Bråten å starte debatt om dei 100 millionane i statsstøtte som Faktisk.no foreslår for utvide verksemda si. Tidlegare omtalt her på bloggen 7. september. Bodskapen hans er: «Det finnes likevel bedre måter å bruke 100 millioner statlige kroner på, og det beste er noe flere av landets skolebibliotekarer og lærere allerede har tatt til orde for: Skaff norske skoler abonnementer på et bredt utvalg av redaktørstyrte medier». Med løyve frå forfattaren legg eg ut heile innlegget:

«Redaktør i Faktisk.no Stian Eisenträger blir intervjuet i Klassekampen 5. oktober, der han gjentar kravene om statlig finansiell støtte til det mye omtalte senteret for kildekritikk. Eisenträger hevder – med rette? – at behovet for flere midler til å kontre falske nyheter og desinformasjon er svært stort, selv om omfanget vanskelig kan dokumenteres. Faktisk-redaktøren ber om 100 millioner kroner i statsstøtte til et slikt senter, som da skal komme i tillegg til hans egen redaksjon, som er eid av flere av de store mediehusene i Norge.

I intervjuet understreker Eisenträger at disse millionene …

Les mer ««Å bekjempe desin­for­masjon»»