
Vi skreiv tidlegare i dag om ein av følgjene av å ikkje utføre grundige analysar av statistikkdata frå folkebiblioteka. Endå eit teikn på at bibliotekstatistikk er blitt eit venstrehandsarbeid finn vi på side 109 i Kulturstatistikk 2018 (og tilsvarande i heftet for 2017 og 2016 osv, i alle fall tilbake til 1986). Då var det heilt naturleg, men i 2018-heftet skriv dei framleis om utfordringa med bibliotek som har «fotomekanisk utlånssystem» (mikrofilm + holkort, eventuelt foto også av lånekort)! Då måtte dei ta stikkprøver for å kunne innrapportere utlånsstatistikk.
Starten på den ganske brå slutten på historia om slike system og overgangen til digitale integrerte biblioteksystem i norske folkebibliotek fann stad i alle fall i 1982 om ikkje tidlegare (sjå side 23 ff).

Her på bloggen har vi fleire gongar klaga på det norske bibliotekmiljøet sin ivrige gang rundt dei fleste heite grautfat som finst og tendens til ikkje å fullføre faglegpolitiske debattar. Men no, mens dei fleste av oss har vore i kompakt korona-modus, har tidskriftet Bok og bibliotek og redaktør Odd Letnes gjort eit viktig forsøk på det motsette ved å ta opp det komplekse temaet
I Klassekampen i dag finn vi 


I eit debattinnlegg i 
Marion Stokes, radikal bibliotekar, forkjempar for sosiale rettar, tv-produsent, feminist og Apple-fan, starta 4. november 1979 opptak av US-amerikanske tv-program. Og slutta ikkje før ho gjekk ut av tida trettitre år seinare. Det blei 71 716 VHS-kassettar. Bakgrunnen hennar for denne private «pliktavleveringa» var uro over falske fakta i media.

I USA var (vel?) BCALA (The Black Caucus of The American Library Association) først ute på bibliotekfeltet med ei fordøming av