
Ifølgje nettstaden Building Design & Construction har 62 prosent av US-amerikanarane jobba heimefrå under Koronaen. Og om lag halvparten av desse kjem til å halde fram med dette fleire dagar i veka. Men dei vil ikkje nødvendigvis «jobbe heimefrå» … heimefrå:
«Når offentlige rom bli opna igjen vil mange nytte høvet til å jobbe heimefrå på ein «tredje plass», der dei kan oppleve sosial tilknytning og få kjensla av å høyre til, samtidig som dei får roen dei treng for å få gjort jobben sin. Offentlege bibliotek vil kunne møte ein auka etterspurnad etter slike tredje plassar. Dei tilbyr ikkje berre WIFI, skrivarar, skannerar, kopimaskiner, informasjonsressursar og kunnskapsrike medarbeidarar, men også ulike område som passar for ulike typar arbeid (eller som passar skiftande stemningar) gjennom dagen».
Desse og fleire kvalitetar kan lett trumfe «alboge-til-alboge-sitjeplassar på Starbucks», heiter det til slutt.
Men det krev at biblioteka får re-designa lokala sine til låg smitte-risiko.

For eit drygt år sidan blogga vi, indignert, om krimforfattarar som lar detektivane sine 
Det er fredag og lov å ikkje vere heilt seriøs (sjølv om mange meiner denne bloggen er det heile tida, altså useriøs). Men til saka: Det er eit problem at debattane om innkjøps- ordningane, om formidlinga av litteratur og kunnskap versus kakeformer og fiskestenger, ja, om heile innretninga på det moderne folkebiblioteket, sjeldan eller aldri blir grundige. Debattane blir berre korte blaff.
Dei fleste lesarane av denne bloggen kjenner godt til historia om korleis det nyleg stengde hovudbiblioteket på Hammersborg i Oslo var blitt «umoderne» før det opna i 1935. Det bygde på ein elitistisk og lite fleksibel trapp-og-søyle-dominert bibliotekarkitektur som elles var forlate, til dømes fjorten år før i Stockholm då dei opna det nye hovudbiblioteket sitt.
Når vi no sit i heil- eller halv-isolat på snart fjerde månaden og ser på desse seriane på strøyming eller tv, så spør vi oss før eller seinare: Korleis blir dei fiktive samtidsskildringane etter pandemien, inntil vaksina, må vi håpe, blir allemannseige? Kjem politi og røvar til å halde ein meter avstand eller to? Og kva med dei romantiske scenane: Kyssing og slikt alt etter første daten vil gje publikum heilt feil idear, så det må vel bli av typen: Det var hyggjeleg å treffe deg, kan eg få mobilnummeret ditt og sjå koronatesten din?
I Kommunal Rapport i går var den «store» nyheita at «Et stort flertall av kommunene tror koronakrisen gjør det nødvendig å kutte i budsjettet når det skal revideres før sommeren …
I Dagens Nyheter (Stockholm) uppmanade signaturen «Anders Joost, ekonom» nyligen svenskarna att lämna läsningen av tryckta böcker bakom sig som ett avslutat kapitel. Läsning tillhör en förgången tid, idag gäller i stället Youtube-filmer, reklamsnabba textmeddelanden och Netflix-teveserier, menade Joost, och tillade:
Mens sjøormane i Loch Ness og Seljordsvatn er blitt ganske utvatna etter fleire resultatlause ekspedisjonar og sonarsøk, rår det no ingen tvil om bokormen i 