På Nasjonalbiblioteket sin nettstad Bibliotekutvikling.no i dag finn vi viktig informasjon og instruksjon om «ny tilgang til pliktavlevert materiale i norske bibliotek». Til denne utvida bruken av digitalisert materiale i bokhylla.no har NB støtte i den reviderte pliktavleveringslova med nye forskrifter, og eit utvetydig brev frå Kulturdepartementet. Ei utviding som Kopinor og forleggjarane meiner er forkasteleg og som dei hevdar set stoppar for vidare forhandlingar om e-lydbøker i biblioteka (sjå 14.2.: Lars Egeland i Khrono).
Flyktig utlån

Peter Alsbjer, bloggarkollega aust for Kjølen, byr i dag på ein type utlånsmedium vi ikkje har sett før, nemleg ryggsekk med kikkert og fuglebøker, elegant videopresentert av eit bibliotek i Kanada.
Og så er det jo fredag, og vi kan ikkje stå imot freistinga å kople dette til ein ur-standup-komikar frå Peter sitt heimland. Som tilrår å starte fågelskådandet med utstoppa eksemplar. Her har, som tidlegare omskrive, Moss bibliotek eit potensial.
PS: Denne kategorien lånarar bør få info om fuglesong-appen Whatbird. PS: Heromskogs synst vi han gir vel mange treff på dompap i høve til kor få vi faktisk ser. Kva er det med dompapen?
Meir av og om kvinner på Wikipedia
Avisa Vårt Land skriv 29. juli (på papir og for nett-abonnentar) om prosjektet Rødlenke, «eit internasjonalt prosjekt som sikter på å auka mengda på kvinnelege biografiartiklar og på fleire kvinnelege bidragsytarar. Tittelen referer til korleis lenker til manglande artiklar på Wikipedia har fargen raud. Kvinnelege namn har ofte den fargen.»
Og vi les at «Tidlegare har Wikimedia Norge samarbeida med Oslomet og fått med studentar på bibliotekkarstudiet til å skriva kvinnelege biografiar. Daglig leiar i Wikimedia Astrid Carlsen fortel at det har hatt direkte innverknad på oppslagsverket.» Og vidare at «Pensjonist og tidlegare arkitekt og bibliotekar, Kjersti Lie, er ei av dei kvinnene som frivillig har skrive og redigert artiklar på Wikipedia over lengre tid. Arbeidet hennar på oppslagsverket medførte at ho i 2016 fekk prisen som årets norske wikipedianer.» Så bli med!
Yess! Bibliotekkrangel!
I dagens Dagsavisen (ikkje på nett) går Rina Mariann Hansen, AP sin kulturbyråd, sterkt ut mot Venstres Hallstein Bjercke, som i same avis 1. august annonserte at dei vil foreslå 100 % bibliotek i nybygget til Nye Deichman i Bjørvika i Oslo. Noko vi skreiv om på bloggen. I tillegg lova han «fem nye barne- og ungdomsbibliotek, Biblo, blant annet på Grorud, Holmlia, Stovner og Majorstua». Men vi gjekk gjennom partiprogramma og fastslo at AP og fleire parti lova varierande grad av styrking av biblioteknettverket i hovudstaden og enkelte nye filialar eller lokalbibliotek, som det no ser ut til (greit nok) å heite i Oslo.
Vi minner om at vi i blogginnlegget også såg på kor mykje meir bibliotek innbyggjarane i Helsingfors har til rådvelde, både i form av nytt, dobbelt så stort hovudbibliotek og dobbelt så mange filialar som i Oslo.
I DA kranglar dei to Oslo-politikarane også om kven som er mest truverdig utifrå tidlegare merittar (også Bjercke var i fleire år kulturbyråd). I denne samanhengen noterer vi ein av dei «beste» eufemismane for valflesk vi nokon gong har sett: Bjerke seier at då han styrte er det «mulig at det teoretisk lå et kutt i lokalbibliotekene langt inne i økonomiplanen». Vi gratulerer!
Atekst og søk i basar: Nedslåande frå Sandefjord

>> Sjå viktige kommentarar nedanfor
Læringssenteret ved Sandefjord videregående skole har tatt eit godt initiativ, i nært samarbeid med Institutt for Arkiv, bibliotek og informasjonsfag ved OsloMet: Ved to høve dei siste åra har dei undersøkt kor mykje lærarane bruker databasesøk som er tilgjengeleg via læringssenteret (tidl. biblioteket), og meir spesifikt avisartikkelbasen Atekst. Men desse respondentane, altså ei gruppe med både fagspesifikk mastergrad og pedagogisk utdanning, ved landets største vidaregåande skole og med eit høgst oppegåande læringssenter (vi har vore der og sett), avslørte eit farleg lågt nivå: Les mer «Atekst og søk i basar: Nedslåande frå Sandefjord»
Kommunevalet i Oslo: Filialnettet står sterkare enn eit «reint» Nye Deichman

I Oslo er valkampen i gang, og biblioteket kan faktisk bli ei sak. I Dagsavisen i går las vi at partiet Venstre, om dei kjem i byråd til hausten, vil gå imot at kommunen leiger ut 40 prosent av arealet til private firma. Hallstein Bjercke, Venstre sin tidlegare kulturbyråd, meiner posisjonen sitt forslag til innsparing blir småpengar:
«– Når vi bygger et nytt hovedbibliotek til 2,5 milliarder er det en investering i kultur- og kunnskapsbyen Oslo. Når man leier ut deler av bygget for å tjene 13 millioner i året er det et dårlig regnestykke for kommunen, og det er i praksis å kaste vekk det kulturpolitiske formålet med bygget.»
I valprogrammet sitt vil Venstre «Gjøre nye Deichman hovedbibliotek til et av verdens beste bibliotek», men også «Etablere fem nye barne- og ungdomsbibliotek, Biblo, blant annet på Grorud, Holmlia, Stovner og Majorstua.»
Heile bygget er på 13 900 kvadratmeter. Når 40 % går vekk til utleige står det att 8 340. Til samanlikning er det nye HB i Helsingfors 16 000 (sjå meir nedanfor) og det nye biblioteket i Århus, Dokk1, som Nye Deichman ofte blir samanlikna med, på 17 500. Så utan dei 40 prosenta blir Nye Deichman berre halvparten så stort.
Dagsavisen har enno ikkje intervjua andre parti om dette, men her på bloggen har vi kikka på alle partiprogramma: Les mer «Kommunevalet i Oslo: Filialnettet står sterkare enn eit «reint» Nye Deichman»
Kva meiner EIGENTLEG bokbransjen om bibliotek?
Del denne tweeten, eit forsøk på å få kulturredaksjonar forlag, bokhandel og forfattarorganisasjonar til å ta den verkelege bibliotekdebatten. Slutt med festtalane!
Meir litteraturpolitikk
Mens professorane Slaatta og Rønning har skrive bok om litteraturpolitikk der biblioteka framstår nærmast uinteressante, seier forlagssjef Gerd Johnsen i Res Publica dette til Bok365 på spørsmålet «Hvis du fikk være kulturminister for en høst – hva er det første du ville gjort?»:
– Som kulturminister ville jeg økt bevilgningene til innkjøpsordningen for ny norsk sakprosa – det skrives så mange gode bøker i Norge som fortjener å bli kjøpt inn til bibliotekene og få lesere landet rundt!
Litteraturpolitikk utan sans for bibliotek

>> Oppdatert på eit par punkt 16.8.2019
6. juli blogga vi om oppslaget i Klassekampen om boka «Litteraturpolitikkens verktøykasse» av Helge Rønning og Tore Slaatta. Verken vår eller (truleg) Ragnar Audunsons kritikk av karakteristikkane deira av biblioteket var basert på lesing av den blodferske boka. Men no har vi endeleg fått direkte innblikk i verktøykassa. Likevel utan å bli imponert.
NB: Forfattarane sin påstand om biblioteket som ein slags urimeleg, skattepengefinansiert konkurrent til litteraturhus og anna privat fremming av litteraturen, kjem vi ikkje til å ta opp igjen her, då Audunson og Sira Myhre avviste påstanden solid i Klassekampen, jf lenkene ovanfor.
Boka burde vore viktig, då lite blir skrive om dette i bokform, i alle fall ikkje til eit litt større publikum. Og denne stiller ikkje spesielt høge krav til lesaren gjennom dei små 131 sidene pluss godt noteapparat. Men det er ingen mangel på ambisjonar, for lanseringa av boka har forlaget kopla til Noreg som gjesteland under bokmessa i Frankfurt denne hausten. Det må vel bety at boka heilt eller delvis skal brukast internasjonalt, noko som ikkje blir mindre sannsynleg når forfattarane er dei dei er.
Nytt 4.8. >> Vi ser i dag at boka også har kome ut på engelsk.
Men då blir det endå viktigare å få meir debatt om boka enn her på bloggen og dei to tekstane i Klassekampen, pluss éin stutt omtale i Vårt Land (per 25.7. på Atekst). Les mer «Litteraturpolitikk utan sans for bibliotek»
Gløymt bibliotekutsmykking

Biblioteket er blant anna omtalt som «nasjonens hukommelse». Men det gjeld ironisk nok ikkje biblioteket i Nasjonspalasset i Genéve. Torild Skard skriv i Klassekampen i dag om eit gedigent måleri av Henrik Sørensen som dei ikkje berre hadde «gløymt», men også rota vekk identiten til (les: metadataen 🙂 ). Men no er alt på plass. For bibliotekturistar: Location and Opening Hours.
Nedskjeringar med betre samvit
I gårsdagens theguardian kan vi lese om stordatabaserte analyseprogram som ikkje berre kommersielle, men no også det offentlege tar i bruk for å kunne planleggje betre, meiner dei. Blant anna også planleggje kva for nedskjeringar som vil vere minst uakseptable for folk. Kor kjem biblioteket på lista då, etter helse, omsorg og skole?
Kulturpolitikk, lissom
Steffen Kverneland på bok365.no: Slutt «å mase på kunstnere om at de skal være «entrepenører». Og: «Gaveforsterkingsordningen … er skjult subsidiering av de superrikes smak.»
Ikkje i bokhandelen, men …

I Klassekampen i dag står Åse Dragland fram som «usynleg forfattar»: «Vi som gir ut bøker som aldri blir anmeldt. Som ikke finner igjen bøkene våre hos bokhandlerne. De ligger nemlig aldri i bunkene på utstillingsbordene». Skriv ho, før ho kjem med ei etterlysing: » … hadde det ikke vært OK med et lite bord i bokhandelen der du fant noe annet enn bestselgerne og alle dameromanene? Der det lå små bøker med titler du aldri hadde hørt om og forfattere du aldri hadde sett omtalt i avisene?»
Det vil ikkje skje der marknadskreftene rår, og særleg ikkje i Noreg med den vertikale bokbransjen sin. Til skilnad frå i det ikkje-kommersielle biblioteket. Som her i Århus. Norske bibliotek bør følgje opp.
Apollo 11 og norsk språkhistorie – i Bokhylla.no
20. juli er det altså 50 år sidan den første månelandinga. I ei sak på NRK.no i dag er det sørgjelege hovudpoenget at TV-opptaket frå sendinga frå Marienlyst er sletta. Då videobanda mange år seinare blei overførte til Nasjonalbibloteket i Mo i Rana, var blant anna eit program med Ingrid Espelid om brødbaking lagt «oppå» måneferda.
I tillegg får vi vite at historikaren Henrik Grue Bastiansen er ute med ei ny bok om det norske både medie- og språkhistoriske ved denne dagen, eller natta. Denne blir det interessant å sjå på etter kvart, men vi har sett på det NBs Bokhylla.no alt har. Det er mykje spennande å lese, men ikkje minst det språkhistoriske:
Ryggsekklån med prioriterte mål

I førre veke hadde vi ein on the spot reportasje om bibliotekkampane i Stockholm. Denne prosessen viser seg å ha fleire fasar. No midt i juli er ein låneaksjon i gang ved avdelinga Internationella biblioteket (IB), og denne får i dag god dekking i riksavisa Dagens Nyheter.
DN på Nett har betalingsmur, men med vener i bibliotekvesenet er slikt problemfritt. Vi les i oppslaget blant anna at bøker som ikkje har vore utlånte på fem år skal prioriterast i kasseringa som trengst når IB skal flytte til nokre mykje mindre lokale. Så svarer aksjonistane med å oppmode folk til å låne med seg akkurat desse bøkene.
Vi siterer vidare DN om IB-alvoret: Les mer «Ryggsekklån med prioriterte mål»