Kong Harald og biblioteket

Skjermbilde 2019-06-30 09.11.09
Foto: Tor Atle Kleven, Flickr (utsnitt)

Vi vedgår at vi driv klikkhoreri i stor stil her på bloggen; fredag var det Sophie Elise og i dag er det Kong Harald (elles utan samanlikning). Til saka: Den utmerka, men ikkje mykje omtalte, nettstaden Virksomme ord inneheld norske talar ordna etter kronologi, talarens namn og etter organisasjon. Og dette er ikkje eit påfunn frå den virtuelle rennesteinen, men eit initiativ av forskarar ved Universitetet i Bergen.

Og sjølvsagt testa vi basen med ordet bibliotek, og der fann vi at … Les mer «Kong Harald og biblioteket»

CIA på bibliotekmøtet

I fleire medium i USA, blant anna på Common Dreams, kan ein lese om protestane mot at CIA fekk ha ein stand under bibliotekforeininga ALA sin store årskongress som fann stad i Washington DC helga som var. Eit forslag om utestenging fekk likevel ikkje fleirtal, med grunngjevinga at CIA ville bli nekta ytringsfridom…

Intitiativtakar til protesten var Alison Macrina, som alt er ein av dei Barske Bibliotekarane her på bloggen (sjå nr. 3). Ho argumenterte med at «Everything they stand for is a violation of the values of librarianship.» Og med at det finst ein viss tradisjon for rekruttering av bibliotektilsette til hemmeleg overvåking for styresmaktene. Noko vi skreiv om tidlegare i år, sjå avsnittet «Biblioteksporet i røynda». Då handla det rett nok ikkje om CIA men FBI.

Sommerles.no gjev gode resultat, men det er mykje meir å vinne

sommerles logoheimesida til Møreforsking les vi om evalueringa av kampanjen Sommerles.no:

«Analysearbeidet er ikkje ferdigstilt enno, men foreløpige resultat viser at det er mykje å vinne på betre samarbeid mellom skule og bibliotek.» Det handlar om at «born som deltek i Sommarles.no taper svært lite lesekompetanse over sommaren, medan born som ikkje deltek taper vesentleg meir».

Men dei 105 000 deltakarane (2018) er berre 26 prosent av elevane, så her er det eit stort uutnytta potensial. Alle fylka er med, men altså langtfrå alle kommunane.

Og for ungar som bruker andre språk enn norsk er det verkeleg mykje å hente.

Raknar e-bokavtalen? (1)

Blogginnlegget er skrive her

Ørjan Persen ved Bergen offentlige bibliotek er ein veteran med e-bøker. No har han rekna på kor dyre e-lyd bøkene kan bli etter den nye avtalen mellom Forleggerforeninga og Nasjonalbiblioteket. «Omtrent fem ganger så dyrt som lydbøker på CD» har han kome fram til.

Dette er eit reknestykke ein ferierande bloggar ikkje vil ta stilling til, men oppfordre til debatt om. Men Bergen er trass alt staden med Handelshøgskolen 🙂

PS: Overskrifta har vi sett spørjeteikn etter. Og sett nummer på. Ikkje utan grunn. Vi var alt inne på det i går.

Canada: Biblioteket i front for urfolket

I byen Thunder Bay (110 000 innb.) ved vestkysten av Dei store sjøane markerer folkebiblioteket seg som ein nøkkelinstitusjon når det gjeld integrering og i kampen mot rasisme. I ein større reportasje i riksavisa The Globe and Mail handlar det særleg om verknadene av kvite fordomar mot grupper av urfolk, også i den lokale politistyrken, men også her har biblioteket bidratt positivt. Eit av våpna er poesikveldar!

Dette er ikkje minst resultat at eit medvite arbeid av biblioteksjefen, briten John Pateman, ein bibliotekar vi har følgt i fleire år.

E-bøkene: – Mer informasjon kommer etter hvert

Sidan vi er i Sthlm: Ærverdige Nordstedts forlag blei kjøpt opp av Storytel. E-bøker og lydbøker er viktigare enn vi har trudd.

I overskrifta siterer vi frå dagens nyheitsbrev frå Bokbasen om appen Allbok for det nye eboktilbodet til norske folkebibliotek. Og dei gjer nok klokt i å skrive dét. Fleire frå bibliotekhald, blant anna i Bibliotekarforbundet, er urolege for avtalane biblioteksektoren må inngå med kvart av forlaga, for det som står i dag i tilrådinga er ikkje forpliktande for dei.

Kulturminister Trine Skei Grande og nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre nemner ikkje denne utfordringa. Men her veit dei neppe meir enn oss.

Ser som Solstad (bloggaren på tur, 2 )

Det er snart 50-årsjubileum for «Arild Asnes 1970»: «Arild Asnes i Stockholm. Han skulle reise hjem om noen timer, ruslet oppover Drottninggatan, uten noen som helst grunn, drev som det heter. Hva så han da? Han så, midt i Drottninggatan, midt i Stockholms hjerte, et kjempebygg reise seg, et forretningsbygg, så stort at man knekker nakken når man ser opp på det. Og man blendes, ja man tør ikke se opp på det, for det er dekket med aluminium. Det skimrer. Blinder. En skyskraper dekket med skimrende … Les mer «Ser som Solstad (bloggaren på tur, 2 )»

Plan S: – Kritikerne har fått et visst gjennomslag

plan s logoDette kan vi lese i eit oppslag hos Bibliotekarforbundet 31. mai. Lanseringa av ein revidert versjon av Plan S fann stad i London to dagar tidlegare. Den største skilnaden er at innføringa av Plan S blir utsett i eitt år til 1. januar 2021. Noko som betyr at dei første publiseringane finn stad rundt 2024, jamfør svenske Universitetsläraren. Men på Forskningsrådets heimeside seier blant anna Nina Karlstrøm frå Unit at «– Vi merker en større endringsvilje hos forlagene nå enn tidligere. Avtalene vi inngikk med Wiley og Elsevier tidligere i vår er eksempler på dette. Det viser at det internasjonale trykket for åpen publisering har påvirket holdningene hos forlagene.»

BF-medlemmar og abonnentar på Bibliotekaren si trykte utgåve kan i det blodferske nr. 2, 2019, lese eit intervju underteikna gjorde med Nina Karlstrøm med overskrifta: «Spillet bak kulissene. Hun forhandlet fram Elsevier-avtalen».

På bloggen har vi p.t. 11 artiklar om Plan S.

Hugs tidsskrifta (1)

På bloggen har vi vore opptekne av lagnaden til tidsskrifta, både i og utafor biblioteka. Frå no av (men kanskje ikkje i juli) vil vi ein gong i veka presentere ein ny artikkel i eitt av dei norske kulturtidsskrifta som til kvar tid har open tilgang gjennom Idunn.no, og som vi meiner bør ha interesse for mange lånarar i folkebiblioteka.

Denne veka tar vi føre oss ein artikkel i Norsk medietidsskrift nr. 2/2019: «Et varslet folkemord? Dekning av Holocaust i norsk og svensk presse» av Rune Ottosen, professor i journalistikk ved Oslomet.

I innleiinga heiter det: Les mer «Hugs tidsskrifta (1)»

Pavens skjegg og bibliotek

Det gjeld å bruke biblioteket når ein har det, noko Vatikanet har, men ikkje bruker, meiner nokre. Dei fleste har kanskje ikkje fått med seg at det pågår ein debatt om kvinnelege prestar og diakonar i den katolske kyrkja, men i avisa Vårt Land er dette eit tema. I ein artikkel av Ingebjørg Nesheim 12. juni kan vi lese:

« … en pavelig kommisjon som ble nedsatt i 2016 for å utrede spørsmålet … hadde [ikke] greid å komme til enighet. Dermed er saken er stilt i bero: «Videre forskning er påkrevet,» sa paven.

En institusjon som reagerer sterkt på dette er Wijngaards Institute for Catholic Research, som i lang tid har kjempet for ordinasjon av kvinnelige prester og diakoner. I et svar til paven hevder instituttet at kommisjonens funn er i strid med historisk bevismateriale som viser at riten for å ordinere kvinner til diakonatet var identisk med den som ble brukt for menn, og påpeker at et av manuskriptene som bekrefter dette, er oppbevart i Vatikanets bibliotek: «Så kanskje paven kunne finne ut av det ved selvsyn?»