Dette kan vi lese i eit oppslag hos Bibliotekarforbundet 31. mai. Lanseringa av ein revidert versjon av Plan S fann stad i London to dagar tidlegare. Den største skilnaden er at innføringa av Plan S blir utsett i eitt år til 1. januar 2021. Noko som betyr at dei første publiseringane finn stad rundt 2024, jamfør svenske Universitetsläraren. Men på Forskningsrådets heimeside seier blant anna Nina Karlstrøm frå Unit at «– Vi merker en større endringsvilje hos forlagene nå enn tidligere. Avtalene vi inngikk med Wiley og Elsevier tidligere i vår er eksempler på dette. Det viser at det internasjonale trykket for åpen publisering har påvirket holdningene hos forlagene.»
BF-medlemmar og abonnentar på Bibliotekaren si trykte utgåve kan i det blodferske nr. 2, 2019, lese eit intervju underteikna gjorde med Nina Karlstrøm med overskrifta: «Spillet bak kulissene. Hun forhandlet fram Elsevier-avtalen».
På bloggen har vi p.t. 11 artiklar om Plan S.
Folk tenkjer kanskje at interaktivitet mellom lånar og bibliotek er noko som starta med Nettet og 
Så er Barbro gått ur tiden, så altfor tidleg. Ein verkeleg framifrå, prisvinnande svensk bibliotekar og aktivist, særleg for det fleirkulturelle biblioteket. Ei som vi utan atterhald for nokre år sidan førte opp på lista vår over 

