Hugs tidsskrifta (1)

På bloggen har vi vore opptekne av lagnaden til tidsskrifta, både i og utafor biblioteka. Frå no av (men kanskje ikkje i juli) vil vi ein gong i veka presentere ein ny artikkel i eitt av dei norske kulturtidsskrifta som til kvar tid har open tilgang gjennom Idunn.no, og som vi meiner bør ha interesse for mange lånarar i folkebiblioteka.

Denne veka tar vi føre oss ein artikkel i Norsk medietidsskrift nr. 2/2019: «Et varslet folkemord? Dekning av Holocaust i norsk og svensk presse» av Rune Ottosen, professor i journalistikk ved Oslomet.

I innleiinga heiter det: «Hovedhensikten med denne artikkelen er å vise på hvilken måte norsk og svensk presse i sann tid dekket utsendelsen og senere tilintetgjørelsen av en stor del av den jødiske befolkningen i Norge i november 1942.»

Kor mange ti-tusen biblioteklånarar har ikkje lånt Marte Michelets bok Hva visste hjemmefronten? Desse burde bli tipsa om artikkelen, som er både positiv og kritisk til boka. Korleis? Gjennom katalogen. På heimesida som eit lestips. Eit ark i boka for nye lesarar. Det er muleg. Vi må styrke kunnskapsbiblioteket.

One Trackback to “Hugs tidsskrifta (1)”

Leave a Reply