– «Norske tilstande» i Danmark?

debattmøte øvre eiker Bibliotek_13_03_15440
Eit faktisk debattmøte i Øvre Eiker bibliotek i 2015

Generalsekretær Michel Steen-Hansen i Danmarks Biblioteksforening har ein aktiv blogg, og under tittelen Debatter, der batter på biblioteket, lufter han spørsmålet om dei bør «overveje at indføre ’norske tilstande’ i Danmark og få skrevet debatskabende aktiviteter ind i en eventuel ny bibliotekslov?» (ih, så fik vi brug for vor Nudansk Ordbog, bd. 1: Batte betyr å forbetre eller hjelpe).

Innlegget var intro til eit møte i Odense 7. mai. Vi har enno ikkje funne strøymingar eller noko referat frå møtet.

Til lykke, kan vi berre seie, men samtidig minne om at dessverre har ingen enno kunna dokumentere nokon klar suksess for det norske «debattbibloteket». Møtefrekvensen tok seg kraftig opp dei første åra etter lovendringa, då Nasjonalbiblioteket delte ut millionar til dette, men langtfrå alt gjekk til debattmøte. Vi skreiv derfor i fjor ein serie artiklar med tittelen «Hvor ble det av debattbiblioteket?» der vi blant anna gjorde ei enkel undersøking av … Les mer «– «Norske tilstande» i Danmark?»

Sthlm: – De kämpar för att rädda biblioteken

Skjermbilde 2018-09-29 23.40.09
Frå Stadsbiblioteket på Sveavägen

Siste >> Ifølgje avisa Proletären var det 1000 demonstrantar på demonstrasjonen mot kutt i bibliotekbudsjettet: «De som redan har allt går inte på bibliotek.»

ETC har fanga opp demonstrasjon i Stockholm i dag mot store kutt og 34 færre stillingar: – Alla aktiviteter blir lidande, bokcirklar, språkcafeér, babysång, digital extrahjälp. Internationella biblioteket blir i princip nedlagt när lokalen sägs upp och det ska trängas ihop i Kungsholmens lilla bibliotek.

Det nye blå fleirtalet i Stockholm viser seg å ikkje vere kulturkonservativt, for å seie det mildt. 45 millioner skal sparast inn, truleg for å kutte i skattar og avgifter, noko dei rike tener mest på. Bibloteket er blant dei største taparane.

Bokbane-bluse

På Atekst gjev søk på «bokbane» 68 oppslag i norsk presse den siste månaden. Det handlar sjølvsagt om kronprinsesse Mette-Marits litteraturné på T-banen frå Kolsås i Bærum til Stovner i Oslo og med stopp på fleire bibliotek langs ruta, med ulike program på kvart av dei.

Klassekampen har berre eitt oppslag, ein kommentar til VG si dekking av evenemanget:

«VG fulgte reisen tett, med flere nyhetsartikler underveis. Men det er heller tvilsomt om avisa delte kronprinsessas ønske om litteraturformidling. Her er overskriftene til de fire VG-sakene som ble publisert på nett: «P3-Silje om å snakke om skjeden og anus med kronprinsparet på første rad: – Litt rart», «Kronprins Haakons ekskjæreste spøker med likheten til Mette-Marit», «Kronprinsesse Mette-Marit tok til tårene på ‘Bokbanen’» og «Mette-Marit gjenbrukte bokbane-bluse – her er alle detaljene».

Endå meiropne bibliotek i Buskerud

bjørnson ringerike bibliotekHos Buskerud fylkesbibliotek på Facebook heiter det no: «Hele 19 bibliotek i Buskerud ligger nå som 3D-modeller på Google Street View og er tilgjengelige via Google Maps. Ta gjerne en titt på bibliotekrommene i vårt langstrakte fylke.»

Vi har aldri, dei siste par ti-åra, vore i tvil om at fylkesbiblioteket i landets nest mest langstrakte fylke (Nordland er klart lengst, også etter at Buskerud er blitt Viken, i påtvunge kompaniskap med Akershus og Østfold) også har vore eit av dei kulaste, i den grad eit fylkesbibliotek kan vere kult. Og no lover dei vidare: «Fylkesbiblioteket kommer til å jobbe videre med 3D-funksjonalitet fremover.» The sky is the limit, tenkjer dei vel, der dei også har biblioteket med størst høgde over havet, på Geilo? Eventuelle protestar frå Røros eller Hovden filial i Bykle tar vi imot i kommentarfeltet.

Sidan det er fredag vel vi ein litt uhøgtideleg illustrasjon; Bjørnstjerne Bjørnson i Google Street View på Ringerike bibliotek.

Motiv for privat bibliotekdrift?

privat psVed Lunds universitet har Sofia Berg gjort ein master om kvifor kvifor i all verda konsernet Axiell går på «bibliotekmarknaden», no ikkje berre med datasystem, men også med drift av folkebibliotek. Til tidsskriftet Bibliotek i samhälle (Bis) seier ho at ho ikkje trur det er for å tene pengar, men for å oppnå makt og posisjonere seg for framtida:

« … att driva folkbibliotek låter inte som en av de mest lukrativa affärsidéerna genom tiderna. Vad är deras egentliga drivkraft? Jag gissar att det snarare handlar om makt. Axiell är förvisso redan betydande, till exempel levererar de bibliotekssystemet BOOK-IT till en stor del av Sveriges folkbibliotek [og Quoria i Noreg, vår merknad]. Men landskapet kring bibliotekssystem håller på att förändras. Fler bibliotek väljer att använda fria bibliotekssystem med öppen källkod istället. Ett exempel på ett sådant system är Koha – ett fritt internationellt bibliotekssystem som idag används av 33 bibliotek i Sverige. Bland dessa finns stora bibliotek som Stockholms universitetsbibliotek och Lunds universitetsbibliotek.»

Det liknar på korleis den største private «drivaren» i Storbritannia tenkjer; GLL (Greenwich Leisure Ltd). Dei satsar også på fleire hestar, særleg på drift av kommunale fritids- og sportsentra i tillegg til bibliotek.

Men det er ikkje umuleg for dei å tene pengar på bibliotek, … Les mer «Motiv for privat bibliotekdrift?»

Babels bibliotek?

babel y0utube
Jonathan Basile meiner å ha løyst Borges’ flokar. Klikk og kikk 

Botkyrka er ein forstadkommune og ein del av Stor-Stockholm og utgjer mykje av det fleirkulturelle ved den svenske hovudstaden (dei har ikkje, som i Oslo, noko fleirkulturelt Tøyen eller Grønland i eller nær sentrum). Ifølgje nettstaden Botkyrka Direkt tar biblioteka i kommunen konsekvensen av mangfaldet og stiller no opp faglitteraturen på dei elleve viktigaste språka – saman. Altså ikkje etter forfattarnamn og ikkje i språklege avdelingar. Arabiske bøker står først, for det kjem jo først i alfabetet. Svenskspråklege bøker kjem langt uti, med berre tyrkisk etter seg.

– Så det blir som på Netflix, spør journalisten?

– Ja lite så. Vi har sänkt trösklarna och verkar läsfrämjande så att man blir intresserad på ett helt annat sätt. Det gamla systemet har inte varit så lätt för folk att förstå. Nu ska besökarna själva hitta det de efterfrågar eller inte visste att de vill ha.

Debatten går heit på svenske Biblist, med påstandar om nett-trolling bl.a.. Men vi får sjå korleis det fungerer. Så gale som i Borges’ sin bibliotekvisjon kan det vel ikkje gå (men sjå illustrasjonen og videoen over).

 

Ikkje kasserte klassikarar

Skjermbilde 2019-05-07 23.23.38
Anlegg med låg Cervantesfaktor. Klikk og kikk

Ifølgje norsk presse er kassering av bøker noko av det mest pirrande ein kan skrive og lese om når det gjeld bibliotek. På bloggen kommenterer vi ein del slike oppslag under stikkordet Samlingsutvikling. No har den US-amerikanske biblioteksentralen OCLC sett saman ei liste over dei 100 romanane i verda som er minst kasserte, for å seie det slik.

På toppen av lista står … Les mer «Ikkje kasserte klassikarar»

… en romliggjøring av diskusjonene og ideene fra flere års praksis i skjæringsfeltet mellom kunst og arkitektur

Her på bloggen har vi ved fleire høve skrive kritisk, for ikkje å seie harselert, med ulike former for minibibliotek i både offentleg og privat regi. Dei offentlege er ofte måtar å spare på og løpe frå ansvaret for skikkelege bibliotektenester. Dei private uttrykker gjerne ein trong i dei øvre mellomlaga til å demonstrere kulturell kapital.

Artikkelen i Arkitektnytt om eit samisk, nomadisk arkitekturbibliotek på meiar, men som likevel ikkje kan gli på snøen, veit vi ikkje heilt kor vi skal plassere. Men til Chicago skal dei.

Vår mann i NYPD

Skjermbilde 2019-04-28 00.21.34
Klikk og kikk

Vi er ikkje blant dei ivrigaste når det gjeld seriefråtsing, men det var enklare før då det var mykje mindre å velje i. Mens vi jobba med årets påskekrim for bibliotekarar blei vi også minna om politiserien Lov og orden frå byrjinga av totusentalet. Då fekk vi ein viss sympati for Robert Goren, den på mange måtar uortodokse etterforskaren som blant anna erklærte at lånekortet på biblioteket var det viktigaste arbeidsverktøyet hans. Og då var det ikkje snakk om å bruke det til å opne dører eller skrape is av bilruter.

Avansert historieskriving ved hjelp av bokhylla.no?

Skjermbilde 2019-04-28 17.45.29
Venice Time Machine. Utsnitt. Foto: Jean-Pierre Dalbéra. CC BY 2.0

I Venezia har dei digitalisert bibliotek og arkiv på i alt 80 000 hyllemeter og brukt dette settet av stordata til å skape eit digitalt museum og kunnskapsbase der forskarar så vel som turistar kan «bla» seg att og fram i historia til den italienske byen, via bystaten frå mellomalderen til renessansen og endå lenger attende.

Sjefen for prosjektet i Venezia var alt i 2013 på TED med eit foredrag om dette, men ein nyare og meir omfattande presentasjon i åtte episodar ligg på den fransk-tyske tv-stasjonen Arte.

Kunstig intelligens brukt på mengdene med tekst, kart, illustrasjonar osv. kan på denne måten fylle hol i historieskrivinga til ein stad, ein person eller eit emne, og ekstrapolering av trendar kan stadfeste eller avkrefte lause teoriar. Med visse atterhald, sjølvsagt; det er viktig at historikarar og andre ekspertar kvalitetssikrar og ev. forkastar tvilsame resultat.

Ein skilnad mellom Venezia og til dømes Vennesla (for å ta ein tilfeldig, men bokstavrimeleg 🙂 stad i Noreg) vil sjølvsagt vere … Les mer «Avansert historieskriving ved hjelp av bokhylla.no?»

Heia Steinkjer bibliotek

Skjermbilde 2019-04-26 15.19.06I spalta «Klok på bok» (KPB) i Dag og Tid driv dei ein slags «Påskelabyrinten» heile året, med minst like kryptiske spor frå bøker som dei han Valle pønskar ut for reisene sine. Men her får folk ei veke på seg på å svare, og då går mange til biblioteket. Her ein smakebit frå avisa denne veka. Ein som fann rett svar skriv:

«Kpb gjer rare ting med utlånsstatistikken på Steinkjer bibliotek. For det er truleg lenge sidan dei lånte ut to amerikanske diktsamlingar på same dagen. Kan hende aldri. For eg måtte jo undersøke om sitatet kunne vere frå Nathaniel Farells Nykommar. Det stemde med originalutgåve i 2014 og norsk utgåve i 2018, men det var komplett umogeleg å finne ut når mannen er fødd. Og eg måtte undersøke om sitatet kunne vere frå Claudia Rankines Medborgar. Og det er det. Fin bok, så rikt illustrert med kunstverk at det også er ei lita kunstbok.»

Danske bibliotek har skjønt det med Nettet

Dette er eit døme frå danske @faktalink – ei digital, kvalitetssikra teneste frå biblioteka. Også norske bibliotek bør få seg noko sånt.

Det er snart tjue år sidan Google sin søkemotor fortrylla oss med raske, mange og – tilsynelatande – presise treff. Så kva er biblioteka på Nettet i dag? Nettkatalogane har jo stagnert på 1990-nivå. Vi har forsøkt å setje ord på det: Forvitringa av kunnskapsbiblioteket. Eit norskt Faktalink kunne snu trenden.