Fem år har faktisk gått sidan føremålsparagrafen i biblioteklova blei utvida med setninga: «Folkebibliotekene skal være en uavhengig møteplass og arena for offentlig samtale og debatt.»
På denne bloggen har vi brukt ein god del krefter på å påvise at dessverre har det gjennomsnittlege norske folkebiblioteket likevel ikkje blitt eit aktivt «debattbibliotek». Det blei ikkje så mange «Debattar som det sprutar av» som NBF-leiar Mariann Schjeide ønskte seg. Berre 44 bibliotek, eller kvart tiande, arrangerte i 2017 ti eller fleire «samtale- og debattarrangement», slik det er definert i bibliotekstatistikken frå Nasjonalbiblioteket.
Klassekampen spør i dag, 20. februar, nasjonalbibliotekar Sira Myhre om satsinga på møteplass og debattar kan «ha gitt mindre plass til bøker og litteraturformidling?» Han svarer: «Forutsetningen for å kunne formidle litteratur er at det er noen i biblioteket, så det er en falsk motsetning. Mitt inntrykk er at det er svært få i Bibliotek-Norge som mener at denne satsingen går ut over utlån.»
I går blei det holdt eit «stormøde for kultur- og folkeoplysningsaktører» i København for personar, grupper og institusjonar som vil vurdere å gå saman om ein ny radio- og tv-kanal. Bibliotek er ein av desse, ifølgje bloggen til direktøren for Danmarks biblioteksforening. I det vi kan lese er museumsektoren mest tydeleg. Samvirkerørsla står også i kulissane. Vi kjem tilbake når vi veit mer.
NB: I DAB-Noreg kan dei høge konsesjonskrava vere eit hinder, har nokon sagt?
Her på bloggen har vi skrive ein del om bibliotek som publiserer og som bør publisere, men ser at vi enno ikkje har ein tagg til det. Det kjem om ikkje lenge. Men sjølve konseptet som fødte denne bloggen, Biblioteket-tar-saka, handlar om publisering.
Vi registrerer også at det skal vere ein stor IFLA-konferanse i Dublin om få dagar, der blant anna OsloMet framstår med to innleiarar. Men det kan dessverre sjå ut til å bli lite om folkebibliotek: IFLA Special Interest Group (SIG) on Library Publishing. Kan hende nokon skriv om dette når dei kjem heim?
Vi har skrive mykje om dei ulike sidene ved bibliotekkrisa i Storbritannia. Ei av sidene heiter konkurranseutsetting. No har bystyret i York inngått avtale med ein av dei mange private drivarane av bibliotek. Sukringa av pilla er at avtalen sikrar vidare drift av alle biblioteka i femten år framover. Dei er ikkje dumme korkje dei næringsdrivande eller det politiske høgrefleirtalet. I York har nok protestane mot biblioteknedlegging stilna.
Den norske kulturministeren har etter både Jeløya og Granavolden forsikra oss om at formuleringa at dei skal satse på «nye modeller for drift av bibliotek» ikkje tyder konkurranseutsetting etter britisk eller svensk modell. Men kor lenge vil dei blåblå sjå på «suksessen» i grannelanda utan å opne døra på gløtt?
Debatten om dei elektroniske lydbøkene som finn stad no er eit sjeldan døme på at media nærmar seg eit verkeleg avgjerande spørsmål for biblioteka og ikkje berre kosepratar med kulturministrar som elskar barndomens bibliotek. Vi har derfor oppretta ei eiga side på bloggen der vi lenkar til alt vi finn i media. Pluss stoff om e-lydbøker meir generelt, til dømes frå grannelanda.
>> Oppdatering 18.2. kl. 21.25: Retting av lenka til videoen.
Høyringa på Stortinget om kulturmeldinga som vi varsla om i går er no ferdig. Norsk Bibliotekforening og Biblotekarforbundet tok opp viktige saker som e-lydboka og manglande statleg initivtiv til formidling av kulturfondbøker. I innlegga deira, som startar kl 14.34 i denne videoen, blei det ikkje sagt så mykje som det bibliotekfaglege miljøet ikkje kjenner frå før. Men då Åslaug Sem-Jacobsen frå Senterpartiet utfordra bibliotekarane til å seie noko meir om kvifor ein avtale om e-bøkene ikkje kjem på plass, minna NBFs nestleiar Lars Egeland om at politikarane har dei verktøya som trengst i verktøykassa: «Når ingen vil gå tilbake til forhandlingsbordet så må de bruke dei verktøya.» Egeland kjem frå fagbibliotek: «Fagblioteka er alt digitale. Papirutlånet utgjer jo nesten ingen ting, så dette handlar om å vri økonomien og lage i stor grad nasjonale løysingar, så kan også folkebiblioteka ha ei framtid.»
>> nytt 20.2.: NBF og Egeland utdjupar dette på heimesida 18.2.:
» … forlagene bør ha en plikt på å selge bøker i alle formater, om de ønsker å dra nytte av offentlig støtte på et av formatene. Derfor bør f.eks. momsfritak på papirboka være knyttet til at de også vil selge boka som lydbok til biblioteket.«
Ikkje muleg lenger å skilje ein lesar frå ein musikk-fan
Rapporten Boken 2018 – marknaden, trender och analyser som Svenska Bokhandlareföreningen og Svenska Förläggareföreningen står bak, inneheld ein del interessant om lydboka. Vi har lese på skrå og funne blant anna dette sitatet av direktøren for BookBeat, ein av lydbok-appane i Sverige:
«Tillväxten av främst ljudböcker gör att bokmarknaden står sig stark i konkurrens med annan digital media som Spotify och Netflix och lyssnarna visar en ännu högre betalningsvilja för böcker, upptill 200 kronor per månad. Även grupper som tidigare kanske inte läste så mycket böcker har nu börjat lyssna. I snitt lägger våra användare cirka 20 timmar på ljudböcker, vilket motsvarar strax över två böcker, per månad. På ett helår blir det rätt höga siffror. Jag har svårt att se att det någonsin har funnits så många svenskar som lagt över 2 000 kr och 240 timmar på böcker per år som de gjorde under 2017. Känns som ett styrkebesked för hela branschen som är mitt i en stor omställning där vi inte bara konkurrerar mellan branschens egna kanaler».
Sjølv har vi nyleg, for ein femtilapp ekstra i månaden, oppgradert ein av desse straumetenestene til «Familie» og gjort ein av etterkomarane til relativ storlesar etter nokre år å lege under for tv-serie-syndromet. Og småbarns- tilsvarande …
PS: Ein skilnad mellom dei to grannelanda våre, som vi må sjå nærmare på, er at Noreg no må ha ein overetablering av fysiske bokhandlar, med typisk to kjedebokhandlar i kvart kjøpesenter, mens du til og med i storbyar i Sverige må leite lenge etter ein skikkeleg bokhandel. Sånt har nok innverknad på lesevanane.
13. februar blei det i lukka møte inngått eit kompromiss mellom EU-parlamentet og Rådet om opphavsrettdirektivet. Men gjer det nokon skilnad frå det høgst tvilsame direktivforslaget vi skreiv mykje om i sommar og haust?
Ifølgje Julia Reda, leiaren av opposisjonen i parlamentet, tyder det siste vedtaket at «This law will fundamentally change the internet as we know it – if it is adopted in the upcoming final vote». Før ho legg til: «But we can still prevent that!» Og i Tyskland og andre stader er demoane alt i gang.
Bibliotekarforbundet har lenge hatt ei aktiv arbeidsgruppe for e-bøker, men som no går heilt opp i dei elektroniske lydbøkene. For denne litterære formidlingsforma har blitt ei stor sak i riksmedia dei siste par vekene. Det starta med at sjefane for storbybiblioteka ytra seg i Aftenposten 8.2. og som vi blogga om (under denne bloggposten legg vi no inn lenker til dei seinare oppslaga i ulike media).
>> Måndag 18. februar er det høyring om kulturmeldinga på Stortings-TV.Ørjan Persen skal snakke for BF kl. 14.34. Det heiter seg at han vil bruke «alle» dei tre minutta sine på e-lydboka. NBF kjem 14.31. Dei hadde eit e-lydbokinnlegg i Dagsavisen laurdag.
BF sitt tidsskrift Bibliotekaren intervjua 14. februar Ørjan Persen som er leiar av arbeidsgruppa. Overskrifta er tydeleg: «- Har ventet lenge nok på e-lydbøkene». Persen presenterer ein grundig analyse av stoda og kan ikkje sjå hindringar for at konstruktive forhandlingar skulle kunne starte mellom forleggarane og Nasjonalbiblioteket. For mens e-boka går treigt for tida, er e-lydboka ein suksess: Les mer «E-lydboka – sanningas augneblink for biblioteket?»→
Rogalands Avis har (bak betalingsmur) hatt fleire oppslag den siste tida om at bibliotek i distriktet har late det såkalla Selvstendighetspartiet halde lokale stiftingsmøte i biblioteklokala.
Anne Torill Stensberg, bibliotek- og kulturhussjef i Stavanger, forsvarte vedtaket deira om å leige ut lokalet i eit leserinnlegg 8. februar. Ho viser til Sivilombodsmannens konklusjon i ein tilsvarande sak i 2014 i Kristiansand: «Sivilombudsmannen sa … at bibliotekene kan vise skjønn i situasjoner hvor det er snakk om å «framsette ytringer som grenser mot det straffbare og som vil oppfattes som grove krenkelser, ikke minst for andre brukere av biblioteket», men en generell henvisning til organisasjonens formål er ikke tilstrekkelig som argument for å nekte dem lokaler med denne begrunnelsen.»
Vitskapsjournalist Bjørn Vassnes i Klassekampen har i dag ei dobbelside der han oppsummerer forskinga rundt skjerm versus papir og korleis dei har ulik innverknad på lese- og dermed skriveevna og dermed kognitive, sosiale og fysiske evner. Og dermed på demokratiet. Undervegs er det ikkje fritt for at han då må kritisere mykje pedagogisk og politisk praksis rundt landet, der iPaddar og liknande har fått dominerande innpass i skoledagen.
Bibliotekarane i Lom er, trass i ung alder, alt klassikarar sjølve både som pionérar innan litteraturblogging på 2000-talet og som Årets bibliotek i 2012. Og no er det dette store lille biblioteket som har innbode andre bibliotek til kampanjen som dei på lista biblioteknorge i går kalla Nye, norske klassikarar (nettstaden er ikkje klar enno).
Spennande! Dei har fått litteraturkritikarane Bernhard Ellefssen, Janneken Øverland, Bjørn Ivar Fyksen og Merete Røsvik til å kåre ei liste med tjuefem «nye klassikarar», presisert til «moderne, norsk kvalitetslitteratur».
Men titlar og forfattarar får vi enno ikkje vite. Blir det dei som alt har fått alle prisane og som vi alt kjenner relativt godt? Eller kjem det også overraskingar? Vi blir skuffa om ikkje.
God litteraturformidling kan sjølvsagt gjerast med hundre ulike utgangspunkt og måtar. Og alle dei hundre har biblioteka råd til å ta i bruk. Til skilnad frå … Les mer «Nyklassisisme frå Jotunheimen»→
«Nye tall fra Studiebarometeret er nå lansert. I årets undersøkelse har vi for første gang spurt studentene om hvordan de opplevde overgangen fra videregående opplæring til høyere utdanning. Mange trekker fram at de er for dårlig forberedt for akademisk skriving, tekstforståelse og evne til kritisk tenkning.»