Bibliotek i kjøpesenter – kor lurt er det no?

Skjermbilde 2019-03-27 23.39.28

Frå historias beste kjøpesenterfilm. Klikk og kikk

Eigarane og dei tilsette på norske kjøpesenter er einige om to ting: At det går dårlegare for kjøpesentra – og at løysinga er «fleire opplevingar». Ut over ekstasen ved å shoppe, sjølvsagt. Nyleg skreiv E24 om Lagunen i Bergen, der ein ny kino skal gjere susen. Og i dag i fagforbundet Handel og Kontor sitt organ HK-nytt nr. 3/19 (berre på papir) kan vi lese at på senteret Fornebu S i Bærum har dei, i påvente av eit eventuelt kommunalt bibliotek, «fått et område i underetasjen til å lage et byttebibliotek.»

Etter det vi kan sjå er ein Bærumfilial på Fornebu lite aktuelt før etter 2035, i beste fall. No skal dei endeleg ruste opp Rykkin, etter fleire år med nedleggingstrugsmål. Og til dømes Ski bibliotek flytter om fire år ut av dei berre 17 år gamle lokala i Ski storsenter. Dei noverande er dårleg eigna for arrangement og som møteplass.

Og imens held suksessen til netthandelen fram og framtida til i alle fall privatbilbaserte sentra har vore ein god del lysare enn i dag. I USA er kjøpesenterdøden (Dead Malls) omfattande. Kor bra er det å vere bibliotek i eit kjøpesenter der butikkar – og folk – blir færre?

Ein del norske folkebibliotek er solid integrerte i kjøpesentra. Til dømes …tre filialar i Bergen, biblioteket i nabokommunen Fjell (om eit år storkommunen Øygarden), i Ski kommune, Madla filial i Stavanger, Lambertseter og Stovner filialar i Oslo, Nordby filial i Ås og sikkert fleire. Lørenskog bibliotek låg i eit kjøpesenter, mens det nye (2011) er i eit bygg ved sidan av eit anna kjøpesenter. Og vi kjem på Hjørring i Danmark (dei med det raude «bandet» på kross og tvers) og Esbo og mange andre i Finland, høyrer vi.

Skjermbilde 2019-03-27 22.30.14

Teikneserieboka Ski-Fi : Solnedgangen som forsvant av Jenny Jordahl. Om Ski storsenter i med- og motgang

PS: Følg bloggen via epost, saman med p.t. 753 andre: Gå til kolonna til høgre og skriv inn e-postadressa di.

 

3 Trackbacks to “Bibliotek i kjøpesenter – kor lurt er det no?”

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: