Det blei blåbrun styring i Sverige nyleg, der ytre-høgrepartiet Sverigedemokraterna (SD) var den store vinnaren og for første gong med innverknad på ei regjering. SD har lenge sagt at kulturpolitikken er viktig for dei, slik vi alt har sett på kommunalt nivå, der dei direkte har markert seg i medievalet i bibliotek der dei har vore i maktposisjon. Og no har dei kome i slik posisjon i mange fleire kommunar.
Til no etter valet har dei ikkje tona flagg på slike område som mange hadde venta, men i regjeringserklæringa har dei fått gjennomslag for «att kommuner och myndigheter måste informera Migrationsverket och Polisen – om de i sin verksamhet upptäcker personer som vistas i Sverige utan tillstånd». Og: «Genom informationsplikten ska möjligheterna att leva i landet utan tillstånd försvåras».
Regjeringa har ymta om unntak frå denne regelen, men dei vil neppe gje etter for motstanden frå alle fagfelta der organisasjonar har protestert. Frå bibliotekhald er dei fleire. Til MagasinK, bladet til DIK-forbundet, seier ein fleirspråkbibliotekar i Borås: «Enligt lag ska vi vara ett öppet rum dit alla får komma – då kan man samtidigt inte ange folk som kommer hit. Det går inte ihop». Til Biblioteksbladet seier ein høgskolebibliotekar: «Vi som arbetar på biblioteken måste lova varandra detta: Vi vägrar ange».
Leave a Reply