Å kassere eller ikkje kassere

Vi framsnakka ein bibliotekblogg i går, og då tar vi ein til med det same, ein som passar bra på ein fredag, nemleg bloggen «Trangt i hylla», med undertittelen «Kassering med glimt i øyet». Utgjevarar er Vikengeriljaen*, med ei viss Jannicke Røgler som sjefsbloggar.

Innlegget vi stoppa spesielt opp ved handlar om boka «Analyse og vurdering av norske biblioteksystemer. Strategisk IT-analyse for folkebibliotek 1995-2005». Men denne skulle dei då ikkje kassert, tenkte vi, for dette er jo bibliotekhistorisk viktig! Men så fann vi henne i Nettbiblioteket. Då får det vel gå.

* Vi hadde verkeleg ikkje trudd at rebellar som den tidlegare Buskerudgeriljaen så lett hadde kapitulert for Sanner sitt Sanselause Samanslåingsstrev! Dei kan umuleg ha fått med seg østfoldingar på dette 😉

Raja set kulturfondet på vent

Berre den museale bibliotekbiten blir styrka. Frå inngangen til eitt av sikringsmagasina til Nasjonalbiblioteket i Rana

Hovudsaka på kultursidene til Klassekampen i dag handlar, sjølvsagt, om statsbudsjettet, og overskrifta er «Ingen hjelp til bokfolket». Det går på forfattarane, men også biblioteka, for kulturfondet gjeld i stor grad begge gruppene. Vi siterer like godt frå faktaboksen:

  • «Norske forlag og forfattere fikk i sommer kuttet sine utbetalinger fra innkjøpsordningen for ny norsk skjønnlitteratur.
  • Bakgrunnen for kuttet er et økende antall påmeldte bøker.
  • Bransjen har bedt om 17 millioner kroner til å reversere kuttene, men det ligger ingen økning i budsjettet for 2021».

Mens kulturminister Abid Raja svarer: «Innkjøpsordningen er ett virkemiddel, som vi kommer tilbake til når vi innretter stimuleringsordningen». Dei har også ei evaluering av innkjøpsordninga på gang.

Elles seier han ubeskjedent: «Vi styrker bibliotekene, den kulturelle skolesekken, barne- og ungdomskulturen og litteraturhusene, altså infrastrukturen i hele litteraturfeltet».

Styrkinga i biblioteka er ein ny fjellhall hos NB i Rana, og dét i ein situasjon som krev korona-omstilling.

Frå formidlingsfronten

Fleire såg sikkert nyleg at Frode Bakken ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN) var på Biblioteknorge-lista (ja, ho lever!) med lenke til programmet til «Lørdagsbiblioteket». Då snakkar vi om samarbeid mellom USN og åtte folkebibliotek i regionen, der USN låner ut forskarar som held populærvitskapelege føredrag. No har også Khrono.no vore på saka.

Og litt lenger sør i lendet, i Risør, har dei ifølgje iRisør.no måtta innta den store kinosalen for å kunne gjennomføre konseptet «Boka jeg vil dele». Dette er inspirert av tv-programmet «Brenners Bokhylle».

Solberg straffar dei «ulønsame»

Etter dette vil mange samanslåtte kommunar gå frå lovnader om å bevare alle biblioteka (her Stavanger).

Det kommersielle kulturlivet har fått ein del statsstøtte for å overleve, men ikkje biblioteka, for dei har jo ikkje hatt inntekter å tape under Koronaen. Heilt i starten etter lukkinga var kulturministeren raus, trudde vi, men som NBF-leiar Vidar Lund skriv på Facebook i dag var støtta til e-bøker berre ei omdisponering av NB sine prosjektmidlar (og ikkje kompenserte dei for meir enn éin månads normalt utlån heller). 

Og for 2021 er desse prosjektmidlane uendra, om vi ikkje fram til budsjettvedtaket får på beina tidanes bibliotek-opprør, som i Finland på 1990-talet.

Vi må i alle fall krevje at Nasjonalbiblioteket lyttar til grasrota og bruker pengane klokast muleg utfrå at folkebiblioteka står framfor ein heilt ny type omstilling. Frå norske og internasjonale nettstader samla vi nyleg 19 korona-relaterte utfordringar dei kan tyggje litt på. Ein kan også spørje seg om NB «må ha» endå eitt fjellmagasin til 120 millionar no?

Men regjeringa Solberg er ikkje veldig fortvila over dette, for med FrP på slep har dei lenge ønska å jekke ned den offentlege velferden. Og det var faktisk inga fascistisk britisk regjering som gjennom 26% kutt til kommunane blant anna «oppnådde» at 4 av 10 stillingar for barnebibliotekarar blei vekk og opningtidene blei reduserte med 11 prosent.

Stillingsprosentspøkelset

Normale opningstider i Steigen (Wayback Machine 2019). Under Korona berre onsdag frå 13 til 17

Nynorsk pressekontor (NPK) har fanga opp biblioteksjef Maria Almli i Steigen sitt forslag i Nationen 21. september om ein nærbibliotekreform. I eit intervju som til no står bak betalingsmurane i tre lokalaviser, men ope i LNK-Nytt (Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) si nettavis), utdjupar ho noko av dette:

«Når vi veit at utdanningsnivået til foreldra på bygdene er lågare enn i byane, må vi satsa desto meir på biblioteka for å jamna ut forskjellane, elles vil skilnadene berre bli forsterka. Biblioteka er ein viktig plass for å visa at kunnskap er viktig og kult».

Om ressursane seier ho: «Eg trudde biblioteka hadde eit romsleg rom til å gje folk ei lik teneste i landet overalt. Men eg oppdaga ganske fort at slik var det faktisk ikkje. Veldig mykje er kanalisert gjennom utlysing og pottar som du må søkja på. Men for å få tak i desse midlane, må du ha ein viss stillingsprosent slik at du har tid til å søkja på dei … Biblioteksjefen fekk seg også ei overrasking då ho nyleg tenkte å søkja på midlar Nasjonalbiblioteket i desse dagar lyser ut til formidling for biblioteka. – Der kan ein søkja i tre ulike kategoriar, ein kategori for folkebibliotek, ein for storbybibliotek og ein for fylkesbibliotek. Eg tenkte at her er det moglegheiter, men då eg finlas utlysinga, oppdaga eg at ein også i potten for folkebibliotek vil prioritera folketette kommunar. Då fell jo dei minste kommunane ut».

Ikkjeeksisterande landsomfattande institusjon

Fiskeri- og sjømatminister Odd-Emil Ingebrigtsen valde altså å presentere 2021-budsjettet i Stormen bibliotek i Bodø. Elles har dette svært liten relevans til biblioteka her i landet (sjølv om det kunne ha hatt det for tretti år sidan). Men Nordland, nærmare bestemt NB si avdeling i Rana, står for det mest synlege om bibliotek i budsjettet til Kulturdepartementet. Dei får 120 millionar til endå eitt sikringsmagasin.

Elles er vi mest imponert over at regjeringa si oversikt «Statsbudsjettet fra A til Å» framleis manglar temaet «bibliotek».

Viktig bibliotekblogg

Det finst mange bibliotekbloggar som handlar om pushing av bøker og forfattarar, men ikkje lenger så mange som bryr seg med dei større spørsmåla, om bibliotekpolitikk med eit anna ord. Men Migrasjonsbibliotek-bloggen er ein slik. Dette er biblioteket til Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) i Oslo og definerer seg som «et spesialbibliotek som har litteratur innen feltet migrasjon». 

Men i praksis, i alle fall på bloggen, breier dei seg godt inn på tilgrensande felt. Sjå illustrasjonen av ordskya deira. Du finn skye i høgre kolonne på bloggen.

Overdriven jubel

Inn til det verkelege biblioteket på Rjukan (sjå fotoserie)

Vi har stor sans for Rjukan bibliotek, både for det segnomspunne Røde biblioteket, for den respektfulle bevaringa av interiøret, for at så mange vidgjetne bibliotekarar har vore sjefar der, for den føredømelege artikkelen i bibliotekhistoria på Lokalhistoriewiki.no og for at dei har klart å halde på namnet, trass i at kommunenamnet alltid har vore Tinn (det må vel vere det einaste i landet? Protestar er velkomne i kommentarfeltet).

Men no har Rjukan Arbeiderblad eit jubeloppslag om at «den store mikrobokbølgen [har] nådd Hovin». Det handlar om eit skap med plass til 40 bøker som «alltid [står] åpen for alle som måtte ha lyst til å berike livet sitt med litteratur». Og vi får vite at «Det er godt, for Hovin bibliotek (etablert i 1893) ble lagt ned i 2018».

I kommunen finst det, eller er det planar om, fleire. På campingplassar og i parkar kan dei vere positive som inspirasjonskjelder til lesing og bibliotekbruk, men bygda Hovin ligg pluss minus éin time med bil frå Rjukan og 2 timar og 18 minutt med buss. På sommarføre. Då er ikkje eit skap med 40 bøker grunn til å juble så høgt, etter vår meining. Men mikro- eller mini«biblioteka» har utruleg godt mediatekke, jamfør alt vi tidlegare har skrive om dette fenomenet her på bloggen.

Eller for å sitere ein bibliotekaktivist vi kjenner i London: «Ikke hva som helst er bedre enn ingenting» (side 4-7).

«Sterkere og bedre, men innadvendt»

I danske bibliotek har mange bøker standardiserte, spesiallaga bokryggar. Og innbinding?

I Klassekampens Bokmagasinet i dag har Knut Nærum eit ironisk oppgjer med Konkurransetilsynets trugsmål om enorme bøter mot forlag som gjennom Bokbasen skal ha utveksla «konkurransesensitiv informasjon om blant annet fremtidige bokpriser og utgivelsestidspunkt». 

Nærum meiner å ha avslørt ein plan i fem punkt som K-tilsynet har i bakhanda. I det femte punktet heiter det: «Alle utgivelser får et standardisert design som demper leselysten. Her er det mye å lære av hvordan helsemyndighetene har regulert utseendet på sigarettpakkene. Alle bokomslag kan ha samme grågrønnbrune farge og forsynes med et fotografi som viser de skremmende følgene av prissamarbeid» (i same magasin har Bjørn Ivar Fyksen ein meir sakleg, men krass kritikk av K-tilsynet).

Alt dette for å kunne dryppe litt frå bibliotekhistoria. For det i dag håplause forslaget til Nærum er ikkje ulikt slik bibliotekbøker flest såg ut for femti-seksti år sidan:

Les mer ««Sterkere og bedre, men innadvendt»»

Bokhandel anno 2020-talet

Eskilstuna er slett ikkje berre idyll

Ikkje berre bokhandelen, men Amazon sin alt-muleg-netthandel er på god veg til Norden, nærmare bestemt no også med svensk og etter kvart norsk vareutval. Dei har eit enormt lagerbygg og ekspedisjon under oppføring i Eskilstuna. Byen har høgast arbeidsløyse i heile Sverige, så her kan dei gjere som elles rundt i verda; presse lønna og arbeidsmiljøet til eit minimum.

Dei manipulerer også kundane. Ein artikkel i Klassekampen i dag, opprinneleg frå danske Information, opnar slik:

«Forestill deg at du går gjennom gågata i en mellomstor distriktsby. Nesten halvparten av butikkene er eid av den samme kjeden, som selv setter prisene og stort sett alltid er billigst. Kjeden behandler ikke medarbeiderne spesielt bra, men du skal jo bare ha et par småting. Ved døra må du legge igjen navn, e-post og kontonummer. Og ved alle hyllene går det en bak deg og noterer alt det du ser på og kjøper, slik at kjeden daglig kan tilby deg ting som passer til dine innerste ønsker».

Tek.no les vi at «Det er grunn til å mistenke at Sverige blir utgangspunktet de skal forsøke å «ta» Norge og Danmark med».

Men kva kan dette ha med bibliotek å gjere? Klassekampen/Information har intervjua den verdskjende journalisten Günter Wallraff:

Les mer «Bokhandel anno 2020-talet»

Fleire forsvar for dei små biblioteka

6.10.: Etter ei veke er Saxi sitt innlegg det mest lese debattinnlegget på KR

Etter at biblioteksjefen i Steigen i Nordland nyleg gjekk ut med forslaget om ein nærbibliotekreform har dette blitt ein trend. Klassekampen var ute med ei åtvaring om at kommunesamanslåingane kan føre til nedleggingar av noverande filialar, men som var hovudbibliotek i randkommunar for berre eit år sidan.

Så kjem i dag Kommunal Rapport med eit debattinnlegg frå Kirsti Saxi (SV), fylkesråd for kultur, klima og miljø i Nordland, med tittelen «Smått e’ godt – folkebiblioteket som lokal samfunnsbygger» (var visst i papirutgåva 24.9.). Bodskapen hennar er den same, at også små samfunn treng bibliotek, men betre bibliotek enn dei ofte er i dag. Trass i «en klar konsensus at «bibliotek er bra», og «samfunnsnyttig». Det er dog ikke alltid like lett å få omsatt plussord i kroner og øre, og bibliotek har i mange år vært nedprioritert når budsjett skal flettes sammen, både på nasjonalt og kommunalt nivå».

Ho peikar spesielt på fylkesbiblioteka si rolle her. Ho viser til …

Les mer «Fleire forsvar for dei små biblioteka»

2 mill. til Digihjelp. Kva med biblioteket?

Men slik ser det ut i mange bibliotek i dag …

Kommunal- og modern- iseringsdepartementet (KMD) utlyser no «tilskudd til digital kompetanseheving for utsatte innbyggere under koronapandemien». Det står at det skal gå til å «iverksette tiltak», noko vi vel må forstå som oppstart av tilbod der det i dag ikkje finst.

Vi får vite at «det allerede finnes aktører som tilbyr grunnleggende digital opplæring i kommunen (f. eks. Seniornett, Pensjonistforbundet, Frivilligsentral, Røde Kors)», men biblioteka er ikkje nemnde, trass i kor omfattande innsatsen deira har vore på området i fleire ti-år. Men der ein ikkje alt er igang må det vel vere fritt å søke også for bibliotek. Men gjennom kommunen, forstår vi.

PS: I 2019 var det framleis 12 prosent av responentane i Innbyggerundersøkelsen som ikkje brukte internett dagleg.