I desse tidene då vi må ty til elektronisk kunskap og kultur, kan tweets frå Oslo Poesikammer vere noko å lese og dele.
Og med det same, i desse fake news-tidene vil vi minne om ein av tidenes beste medie- og politikar-ironiske sketsjar, ein «oomkullrunkelig klassiker» (!), som no også inngår i ein omfattande podcastserie frå SVR.
Biblioteksongdiktar Tore Berger syng i eit bibliotek
Det er helg og ein må inniblant slappe av oppi alt Korona-alvoret. Med biblioteksongar. Lesarane av denne bloggen kjenner til mange songar, dikta av bibliotekfolk med lyriske talen … ambisjonar. Dei aller fleste svært bibliotekpolitisk korrekte. Men faktisk har også seriøse artistar prøvd seg i sjangeren. Her kjem tre av dei; to norske og ein svensk.
Lenge gjekk «Du må ha ei bok for å finne gleden» for å vere landets beste biblioteksong, men denne er også ganske prydeleg og trad. Finn Evensen (Bjelleklang) gjorde låta, men Trond Granlund gjorde henne kjent under opninga av Lørenskog bibliotek sine nye, flotte lokale i 2011. De finn teksten på side 9 i Bibliotekforum nr. 5 frå 2011.
Men så tipsar medbloggar og bibliotekaktivist Mikael Böök meg i dag om ein skikkeleg lang og god bibliotekballade!: «Upplands Väsby bibliotek 1887 – 2015». Ex-proggrockar Tore Berger er ansvarleg for tekst, melodi og framføring. Her får vi ein spydig versjon av heile livshistoria til eit konkret bibliotek i ein forstad til Stockholm! Utgangspunktet for songen er at biblioteket har visse problem, blant anna med kombinasjonsbibliotek og at lokala er på andre høgda, i alle fall var dei det i 2015. Og det ser ut til at dei i dag berre delvis har kome ned på gateplan.
I desse tider skjer ting som var utenkjelege for eit par veker sidan, som at den spanske staten nasjonaliserer alle private sjukehus. Og i ein fersk video på The Intercept minner Naomi Klein om at det same skjedde i endå større målestokk i USA for 80-90 år sidan.
Norskspråklege lydbøker handlar stort sett om krim og bestseljarar. Samfunnsviktig, for ikkje å seie samfunnskritisk (!), og dermed smalare litteratur, står langt bak i køen. Men kva om Abid Raja og gjengen gav nokre millionar til lydbokisering av slike titlar. På vilkår av at dei også skulle vere tilgjengelege gjennom biblioteka, på mykje betre vilkår enn i dag. For dei vil jo elles ikkje vere god butikk for forlaga og dei kommersielle appane.
Vi gjentar kva NBFs Heidi Hovemoen sa til Morgenbladet i førre veke:
Tidenes mest originale erstatning for ikkje innleverte bøker har nok Kjell Aukrust stått for. Foto: Rigmor Dahl Delphin.
Vi les at det har kome ut ei bok om «hundreåringen» Kjell Aukrust, ganske overraskande på eit forlag «nær oss». Men då er det også tid for å minne om at Aukrusten var ein av tidenes største bibliotek-forbrytarar!
Men han gjorde opp for seg. Før Deichman på Hammersborg renoverast til nye formål må arkeologar slippe til i lokala til musikkavdelinga. I dette intervjuet eg gjorde for NBF i 2014 med tidlegare Deichman-sjef Liv Sæteren finn de denne historia.
I USA må bibliotektilsette no kjempe for å få stengt biblioteka, og så for å ikkje miste lønna. Her eit opprop frå fagforeininga ved University of Pittsburgh.
På Bok365.no kan vi i dag lese om at «Litteraturhusene i Oslo, Bergen, Fredrikstad, Skien og Trondheim, har gått sammen om et brev til kulturdepartementet hvor de ber om tiltak mot den akutte situasjonen som har oppstått».
Dette må ein jo ha sympati for, men, som vi før har skrive, «biblioteka sine gratis tenester betyr jo ikkje økonomiske tap for nokon, så der er det ingenting å kompensere for i denne situasjonen. Men korleis skal Noreg få biblioteka på beina igjen etter at dette er over, når kommunekassene er endå meir slunkne?»
Les blant anna kva Oslo sin byrådsleiar, Raymond Johansen, seier i Klassekampen i dag (for abonnentar):
Kerteminde, DK: Book en online-bibliotekar « … i op til en halv time over telefonen». Dette er ikkje noko nytt tilbod i danske folkebibliotek, men ekstra viktig no.
Härnösand i annleislandet Sverige: «Självklart har vi öppet som vanligt, men man ska inte behöva besöka biblioteket för att kunna låna eller återlämna om man är orolig för corona».
Montana, USA: Biblioteka reserverer no 3D-printarane sine for produksjon av masker for helsepersonell.
Risør var vel først ute (sjå nedanfor), men per 26.3. har sju andre bibliotek i Agder starta opp, pluss Skien i Telemark (og Vestfold, som det no skal heite). Og Hole i det såkalla Viken. Der Klassekampen var på reportasje 27.3. Her eit googlesøk, som kanskje vil vise endå fleire i morgon. OBS: Kartet og boksen på toppen er misvisande.
Nasjonalbiblioteket har lansert digitalt nasjonalt lånekort med BankID-registrering o.l., men i Luxembourg kan du få digitalt lånekort i tre månader ved berre å sende namn og adresse osv. i ein e-post.
Australske folkebibliotek stårfritt til å halde eventyrstunder og liknande på nett under pandemien ifølgje ein avtale med bokbransjen og forfattarane.
Lydbokløft for smale titlar? Kva om Abid Raja og gjengen gav nokre millionar til lydbokisering av slike titlar. På vilkår av at dei også skulle vere tilgjengelege gjennom biblioteka, på mykje betre vilkår enn i dag.
Mange bibliotek set no i gang med opplesingar og eventyrstunder på nett. Camilla C. og Asbjørnsen og Moe og dei har ikkje krav på vederlag lenger, men med tanke på forfattarar som var med oss i 1950 og frametter har Forfattersentrum publisert eit Anbefalt midlertidig rammeverk for digitale opplesninger. Vi skreiv meir om vernetid og sånt i januar i år.
Bergen offentlige bibliotek har ei god side med lenker til Frie e-bøker.
Danske Faktalink.dk har sjølvsagt ein fyldig artikkel om epidemien, i tillegg til at dette er verdas beste (?) elektroniske kunnskapsportal med eit folke- og skolebibliotekarisk utgangspunkt. Noko vi har blogga mykje om. Men for å lese alt i alle artiklane må ein abonnere.
The Internet Preservation Consortium’s (IIPC) Content Development Group (CDG) jobbar for å sikre nettressursar for framtida om blant anna også Koronaviruset og påfølgjande kriser. IIPC Members are organizations from over 45 countries, including national, university and regional libraries and archives. Nasjonalbiblioteka i NO, SE og IS er medlemmar.
Vi er usikre på om dette kan lesast av andre enn dei som er innlogga, så vi siterer heile greia, og med nokre uthevingar:
Tekst: Aslak Sira Myhre, nasjonalbibliotekar
Alle landets bibliotek holder nå stengt. Det betyr at Norge står uten et fysisk bibliotektilbud, både for elever, studenter, forskere og allmennpublikum. Nasjonalbiblioteket har gjennom nettbiblioteket den eneste infrastrukturen som kan kompensere noe for de stengte bibliotekene. Men vi har ikke rettighetene til materialet i samlingene våre sjøl, de er regulert av lovverk og avtaler med rettighetshavere. Vi kan derfor ikke bare åpne samlinga for er bruk uten videre. Men vi jobber med flere konkrete tiltak.
Vi jobber for å gi tilgang til det pliktavleverte materialet som bibliotekene har kunnet gi tilgang til i sine lokaler. …
Det kan fort oppstå rykte om kva tilsette gjer etter stengetid. Klikk og kikk
Det hadde vore interessant å vite kva bibliotektilsette gjer når dei no er fri for «dei j… brukarane»? Gjer dei arbeid som elles har blitt liggande? Endeleg kome ajour med klargjering? Har dei nytta høvet til å ruste opp det digitale? Leggje inn digitalt materiale i katalogen? Lage podcasts? Er dei permitterte? Er dei kommanderte til andre kommunale oppgåver?
Bruk kommentarfeltet nedanfor eller send e-post om det til frilanders (at) gmail.com.
På nettstaden iRisør les vi at «Risør Bibliotek tar del i dugnaden ved å stenge Risørhuset. De har i stedet opprettet «Bok-Take-Away» sånn at barn og voksne fortsatt kan låne bøker på en sikker måte.
– Det beste for oss er om folk bestiller bøkene via vår nettside. Du kan også sende epost eller ringe 37 14 97 77 mellom 11-13. For å bestille på nett må du ha nasjonalt lånekort og en pinkode. Du kan hente bøkene mellom 11-13 mandag til fredag».
Liknande og andre oppfinnsame metodar kan du fortelje om i kommantarfeltet nedanfor.
Dette er ei overskrift på forskning.se frå førre veke (takk til peterals). Bak dette står ein fersk doktorand ved Bibliotekshögskolan i Borås. Den glade bodskapen gjeld heilt presist berre «killar mellan 18 och 20», men forfattaren seier også at «det könsmässiga glappet krymper» generelt. Når det gjeld lydbøker.
Trur vi at i desse koronale digi-lese-tider kan denne sjansen til eit maskulint leseløft også presse fram betre lydbokordningar for fokebiblioteka? Neppe, kjenner vi bokbransjen rett.
Og i Morgenbladet (for abonnentar) har Kaja Korsvold ein kronikk denne veka, Beinhard kamp om lydbøkene, der også biblioteka har fått relativt stor plass, men utan noko lys i tunnelen. Vi siterer:
«Åtte måneder etter at kulturminister Trine Skei Grande fikk presset frem en avtale om levering til bibliotekene, nekter flere av de store forlagene fremdeles å selge dem dit. Situasjonen er i tillegg vanskelig for bibliotekene fordi avtalen med forlagene gjør innkjøp av e-lydbøker langt dyrere enn papirbøkene. Når et bibliotek kjøper inn en lydbok, kan den lånes ut bare seks ganger. «Vi har fått en utrolig dyr løsning», sier Heidi Hovemoen som er leder for digital tilgang i Norsk bibliotekforening».
Kommunal Rapport siterer i dag KS som har rekna ut at «bortfall av foreldrebetaling [vil] for barnehage og SFO kunne gi kommunene et bortfall av inntekter på anslagsvis 700 millioner kroner pr. måned».
Regjeringa gir no oljefondpengar til næringsliv, kulturliv og idrett, men biblioteka sine gratis tenester betyr jo ikkje økonomiske tap for nokon, så der er det ingenting å kompensere for i denne situasjonen. Men korleis skal Noreg få biblioteka på beina igjen etter at dette er over, når kommunekassene er endå meir slunkne?
Leiar for Seksjon for fysisk og digital samling, Ellen Aabakken, seier til Kulturbyen Oslo i dag: «Vi ser at de mest populære titlene raskt blir lånt ut, og derfor bruker vi større deler av mediebudsjettet enn planlagt på å øke kapasiteten, fortsetter hun og forteller videre at Deichman kjøper inn minst 300 nye titler til appen eBokBib denne uka. Her kan du låne både e-bøker og e-lydbøker på norsk. Tilbudet er allerede iverksatt, og lånerne vil få økt tilgang til flere titler den nærmeste tiden».
Når p-biblioteket er stengt, må vi utnytje det elektroniske maksimalt. Bergen offentlige bibliotek har ei flott liste på heimesida si over «Frie e-bøker». Dette hjelper ikkje på dei tapte utlånstala i bibliotekstatistikken, men hadde eg vore bibliotekheimesideredaktør, hadde eg kopiert og limt uhemma frå denne lista og gjort henne godt tilgjengeleg frå mi eiga startside. Eller enkelt og greitt lenke til Bergen.