Biblioteket er blant anna omtalt som «nasjonens hukommelse». Men det gjeld ironisk nok ikkje biblioteket i Nasjonspalasset i Genéve. Torild Skard skriv i Klassekampen i dag om eit gedigent måleri av Henrik Sørensen som dei ikkje berre hadde «gløymt», men også rota vekk identiten til (les: metadataen 🙂 ). Men no er alt på plass. For bibliotekturistar: Location and Opening Hours.
I gårsdagens theguardian kan vi lese om stordatabaserte analyseprogram som ikkje berre kommersielle, men no også det offentlege tar i bruk for å kunne planleggje betre, meiner dei. Blant anna også planleggje kva for nedskjeringar som vil vere minst uakseptable for folk. Kor kjem biblioteket på lista då, etter helse, omsorg og skole?
Steffen Kverneland på bok365.no: Slutt «å mase på kunstnere om at de skal være «entrepenører». Og: «Gaveforsterkingsordningen … er skjult subsidiering av de superrikes smak.»
I Klassekampen i dag står Åse Dragland fram som «usynleg forfattar»: «Vi som gir ut bøker som aldri blir anmeldt. Som ikke finner igjen bøkene våre hos bokhandlerne. De ligger nemlig aldri i bunkene på utstillingsbordene». Skriv ho, før ho kjem med ei etterlysing: » … hadde det ikke vært OK med et lite bord i bokhandelen der du fant noe annet enn bestselgerne og alle dameromanene? Der det lå små bøker med titler du aldri hadde hørt om og forfattere du aldri hadde sett omtalt i avisene?»
Det vil ikkje skje der marknadskreftene rår, og særleg ikkje i Noreg med den vertikale bokbransjen sin. Til skilnad frå i det ikkje-kommersielle biblioteket. Som her i Århus. Norske bibliotek bør følgje opp.
20. juli er det altså 50 år sidan den første månelandinga. I ei sak på NRK.no i dag er det sørgjelege hovudpoenget at TV-opptaket frå sendinga frå Marienlyst er sletta. Då videobanda mange år seinare blei overførte til Nasjonalbibloteket i Mo i Rana, var blant anna eit program med Ingrid Espelid om brødbaking lagt «oppå» måneferda.
I tillegg får vi vite at historikaren Henrik Grue Bastiansen er ute med ei ny bok om det norske både medie- og språkhistoriske ved denne dagen, eller natta. Denne blir det interessant å sjå på etter kvart, men vi har sett på det NBs Bokhylla.no alt har. Det er mykje spennande å lese, men ikkje minst det språkhistoriske:
Ryggsekk, men for liten til aksjonistisk lån av 50 bibliotekbøker, som er maks-talet for heimlån i Sthlm.
I førre veke hadde vi ein on the spot reportasje om bibliotekkampane i Stockholm. Denne prosessen viser seg å ha fleire fasar. No midt i juli er ein låneaksjon i gang ved avdelinga Internationella biblioteket (IB), og denne får i dag god dekking i riksavisa Dagens Nyheter.
DN på Nett har betalingsmur, men med vener i bibliotekvesenet er slikt problemfritt. Vi les i oppslaget blant anna at bøker som ikkje har vore utlånte på fem år skal prioriterast i kasseringa som trengst når IB skal flytte til nokre mykje mindre lokale. Så svarer aksjonistane med å oppmode folk til å låne med seg akkurat desse bøkene.
I samband med søstrene Fredriksensaka eller skal vi seie Nasjonalmuseumsaka for ikkje å seie Skei Grandesaka nr. ørten i 2019, kjem dette med regjeringa si gåveforsterkingsordning opp igjen.
For at ingen skal vere i tvil, så slår vi fast at det er fullt lovleg for bibliotek å søkje og også hakket meir enn teoretisk muleg for bibliotek å få støtte. Men berre såvidt. Vi skreiv om dette i mai.
Dette er talet på dagens nedlastingar her på bloggen fram til klokka 23, altså på ein fredag midt i juli! Noko som viser at lesarane langtfrå berre er interesserte i faglege praktikalitetar, for dei to klårt mest nedlasta sakene i dag var om dei uvanleg store nedskjeringane i Stockholm og om den uventa breisida mot biblioteket i boka «Litteraturpolitkkens verktøykasse».
På Khrono går debatten om Plan S vidare. Leiaren av Forskerforbundet, Guro Elisabeth Lind, var på banen i går og forsvarte CC BY NC-lisensen versus Plan S sin CC BY. I dag repliserer NTNU-professor Alex Hansen og Khrono oppsummerer i ingressen at han «er glad for at Forskerforbundets ståsted med hensyn på åpen publisering er klarere. Inntil nå har hans inntrykk vært at de hadde plassert seg på de døende dinosaurenes side.»
Her på bloggen har vi gitt stor plass til bibliotekkrisa i Storbritannia og til nedturen i Danmark. Men så lenge det veks opp fantastiske nybygg som i Århus og Helsingfors og i Bodø og snart i Oslo, så kan det vel ikkje vere så gale, tenkjer mange? Og den godt over hundre år gamle og internasjonalt nærmast mytiske Scandinavian Public Library Model må vel stå trygt?
Men så kjem det skremmande signal frå Stockholm. Store kutt og endå større til året. Og med ein kulturråd som skandaliserte seg sjølv i manges auge med forslag om konkurranseutsetjing av biblioteket, noko han rett nok blei pressa av sine eigne til å dementere.
Då tar vi ein tur til Stockholm, rett og slett. Det er jo også ljuva mittsommarn på gang og betre vêrmeldingar enn heime.
På veggen i eit litteraturhus, House of Foundation i Moss. Men lite å sjå til konflikt med biblioteket tjue meter unna
>> 15.7. Sjå viktig kommentar under.
Dette er overskrifta på eit debattinnlegg av Ragnar Audunson i Klassekampen i dag (les heile teksten nedanfor, med godkjenning av forfattaren). Bibliotekprofessor Audunson imøtegår oppslaget laurdag om boka «Litteraturpolitkkens verktøykasse», der forfattarane reiser ei motseiing mellom bibliotek og litteraturhus og annan påstått «direkte konkurranse» mellom offentlege og private litteraturformidlarar. Den private sida og «dens profesjonelle aktører» kan «utkonkurreres».
Vi har enno ikkje fått noko leseeksemplar og har ikkje meir å melde, anna enn at forfattarane av denne boka på Pax forlag ikkje er kven som helst, nemleg medieprofessorane Tore Slaatta og Helge Rønning, der førstnemnde er i permisjon frå jobben som generalsekretær i Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFFO) for å skrive boka. Her ligg det altså prestisje frå bokbransjen si side, så det er ingen grunn til å slå seg til ro på bibliotekhald. For ikkje å seie bibliotekbrukarhald.
Audunson kan forhistoria både hundre og eit lite tiår attende. Dermed blir det eit spark også til nasjonalbibliotekar Sira Myhre. Men les heile innlegget hans: Les mer «– Folkebibliotekets gamle rolle»→
For ein som aller helst stør seg på personleg tillit og kontakt når det gjeld å finne noko lesbart i flaumen av bøker, er denne nyvinninga frå Dovre folkebibliotek noko av det beste vi har sett i den virtuelle verda.
Bibliotekaktivistar i Bristol, og snart over heile landet, set Theresa May på plass på Twitter etter at ho fekk The Telegraph med på eit rett nok litteraturvenleg stunt, men som sår tvil om kva eit bibliotek er. Lagre og følg hashtaggen #NotALibrary på twitter.
Det er laga eit hefte på fleire språk, blant anna norsk bokmål, som rettar seg mot barn og unge for å gjere dei meir medvitne om tryggleik og personvern på Nettet.
Det er fritt fram å skrive ut eller trykkje pdf-heftet og dele det ut gratis. Men det er muleg å gje utgjevaren økonomisk støtte.
Hovudsida ved biblioteket er at det fremjer kunsten og litteraturen
«Staten skaper ubalanse» heiter det i dagens Klassekampen. Med ein del sterke påstandar frå forfattarane av boka «Litteraturpolitikkens verktøykasse», som at « … bibliotekene er i ferd med å ligne mer og mer på kulturhus. – Det er i utgangspunktet ikke noe galt i dette, men sett opp mot lokale litteraturhus og litteraturfestivaler, oppfatter jeg en vending hvor offentlige institusjoner med statlige midler kan utkonkurrere organisasjoner og det private næringsliv, sier Helge Rønning som er professor emeritus ved Universitetet i Oslo.»