Tidsskriftet Bibliotek i samhälle, med undertittelen Biblioteksdebatt från vänster, har i nr. 1/2019 meldt ei US-amerikansk bok om referansearbeid i bibliotek: Reference Librarianship & Justice frå det interessante forlaget Library Juice (vi har gjennom åra skrive om fleire av bøkene deira).
Vi siterer frå bokmeldinga:
«Frågor som diskuteras rör sig kring referensbibliotekariens identitet i förhållande till det sammanhang hen verkar i: vilken roll har hen i arbetet för ett mer inkluderande och rättvist samhälle, hur kan hen verka?»
Også i det svenske LO-tidsskriftet Arbetet er nedskjæringane på biblioteket i Stockholm eit tema. Her blir Hans Zetterberg, ein konservativ tidlegare sjefredaktør i Svenska Dagbladet, sitert:
«I Sverige har vi trott att det mest onödiga, politik och ekonomi, är det enda nödvändiga. Konst, naturvetenskap, litteratur, religion, moral, allt detta har ansetts oviktigt.»
Zetterberg såg och kritiserade hur svensk höger försökte använda marknadens logik på allting, trots att den egentligen bara passar i näringslivet. Överallt annars gör vi ju i allmänhet saker av helt andra skäl än för att tjäna pengar.»
Bibliotekarar i USA drikk kaffi av slike krus. Sjå ALA Shop
Under bibliotekdelen av Litteraturfestivalen på Lillehammer for ei dryg veke sidan var ytringsfridom hovudtemaet. I dei siste par minutta av den generelle paneldebatten (video) handla det om utspelet til næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) i Klassekampen 20. mai om behovet for ein ny ytringsfridomskommisjon. Paneldeltakarane på Lillehammer var skeptiske, men dette var berre rundt tjuefire timar etter Røe Isaksen sitt utspel. Men så i kronikken i Klassekampen i dag (for abonnentar) svarer medievitar Helge Rønning i eit større format.
Ministeren sitt poeng er at førre gjennomgang var tjue år sidan. I mellomtida har vi fått Internettets allmenne gjennomslag, med sosiale media og polarisering, hat-kultur, falske fakta osv. Men Rønning meiner situasjonen ikkje er prinsippielt ny og konkluderer: «Spørsmålet er altså om å nedsette en ny kommisjon er noen løsning? Viktigere ville det være å handle nå for å sørge for at forutsetningene for den åpne og opplyste offentlige samtalen styrkes.» (les heile, det er bra).
Det han viser til her er det nye sjette punktet til § 100 etter revisjonen av grunnlova i 2004: «Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte.»
Læt det kjent? Jau, det er unisont med den nyaste versjonen av §1 i biblioteklova: «Folkebibliotekene skal være en uavhengig møteplass og arena for offentlig samtale og debatt.»
Røkke fekk ikkje endre kulturhusplanen i Molde med gåva si. Sjå også nrk.no.
I mars åtvara vi mot å leggje bibliotek til kjøpesenter. Kor lurt er dét, sa vi, når kjøpesentra slit fleire stader? Når butikklokale blir ståande tomme og heile kjeder må stengje fordi netthandelen overtar stadig meir. Og når mange bysentrum blir mindre tilgjengelege for privatbilen.
Vi har i vinter, for tidsskriftet Bibliotekaren, skrive om den relative krisa i danske folkebibliotek. Eit symptom på dette kan det også vere når den utmerka danske kulturpolitiske nettstaden gjennom faktisk tjueto år, Søndag Aften, ikkje har meir enn dette å melde om biblioteket i valkampen som pågår:
«Kristendemokraterne er det eneste parti, som nævner bibliotekerne som en del af sin kulturpolitik. Ønskerne til bibliotekerne nærmer sig dog det selvfølgelige, samarbejde med uddannelsesinstitutioner, bibliotekarer skal kunne rådgive brugerne om både trykte og onlinematerialer. Der skal dog gøres en særlig indsats for at bevare biblioteker i landdistrikterne.»
Vi delte nyleg ein sak om dei 100 romanane som er minst kasserte i verdas bibliotek. Med eit anna ord klassikarar på eit vis. Og vi har alle merka oss biblioteket på Lom sitt no landsomfattande prosjekt Moderne klassikarar. Ei imponerande liste med 25 romanar. Og mange av dei vil truleg «overleve» og på ein måte bli klassikarar.
Klassekampen har i nokre oppslag sett på effektane av den blåblå regjeringa si gåveforsterkingsordning, ei ordning for å «stimulere til økt privat finansiering av kunst og kultur gjennom pengegaver. Pengegavene utløser en gaveforsterkning til mottakeren på normalt 25 prosent av gavebeløpet.»
Hovudsaka for Klassekampen er at mangemillionærar har fått mest. Fleire av dei har fått «store beløp til kulturformål som de selv har grunnlagt eller tatt initiativ til, og som på grunnlag av disse overføringene fikk utløst millionbeløp fra regjeringens gaveforsterkningsordning.»
No vil næringsminister Røe Isaksen få utgreia konsekvensane av konkurranse- tilpassing av hittil offentlege tenester, og det ved hjelp av eit konsulentfirma som er kjent for å vere spesielt privatiseringsvenleg. Vi har tidlegare nemnt Hjelmeng-utvalet som Solberg I sette ned i 2016 for å sikre «like konkurransevilkår for offentlige og private aktører.» Kort fortalt må kommunale symjehallar, treningsentra og liknande vere førebudde på å tilpasse seg vilkåra for kommersiell drift.
Men bibliotek ser ut til å gå fri, fordi dei er gratis. Om den nye utgreiinga vil vri søkjelyset over på biblioteket, er ikkje sikkert, men vi må ikkje tru at slike juridiske subtilitetar er nok til å tryggje bibliotek mot konkurranseutsetting. Sjå berre korleis ekspansive britiske og svenske firma no spesialiserer seg på å drifte bibliotek. Og det utan slikt juridisk påtrykk. Vi har eit stikkord for artiklane våre om sånt: Privatisering.
Privatisering og konkurranseutsetting vil Solberg, Jensen, Skei Grande & co. svært gjerne kome lengre med innan Stortingsvalet om to år. Ganske mykje lengre. Helst så det ikkje kan reverserast.
Debattreol i biblioteket i Kulturhuset i Stockholm
Hovudoppslaget på kultursidene i Klassekampen i dag handlar om to bøker der forfattarane på ulike vis blei råka av meetoo-rørsla, men der dei no altså forsvarer seg i bokform. Dei same to bøkene er tema i ein kronikk av kulturredaktøren i GP – Göteborgs-Posten. Her er naturleg nok haustens Bokmässa i fokus, eit årvisst arrangement i Göteborg med lang tradisjon, dit også mange norske bibliotekarar finn vegen. Men, skriv kulturredaktøren, i år «undviker Bokmässan att sticka ut och skapa debatt för att få fler besökare.» Dei to bøkene «syns inte röken av på de officiella scenerna.» Kommersen rår.
Og frå før veit vi at ingen svenske forlag ville gje ut boka til den uthengde og no yrkesforbodne journalisten Fredrik Virtanen, så eit norsk forlag måtte trå til.
I ei bok med verdas 1400 beste sitat handlar berre eitt om biblioteket: «If truth is beauty, how come no one has their hair done in the library?» Ifølgje stand-up-komikar Lily Tomlin.
No inneheld boka berre sitat som kan tvitrast, altså med 140 teikn eller mindre. Jau, det er vanskeleg å yte biblioteket full rettferd i slik kortform. Så det finst minst 3 723 438 bøker med bibliotek som emneord, og 2672 filmar.
Og om du følgjer bloggaren på Twitter kan du lese mykje om bibliotek.
NRK Beta har sett nærmare på Norsk Helseinformatikk (nhi.no), den mest brukte helsenettstaden både av helsepersonell og oss andre. Men kritikken er ikkje nådig: «Mennesker i en sårbar situasjon utnyttes, mener Forbrukerrådet som kaller annonsepraksisen for et tillitsbrudd. NHI sender også besøksdata til Facebook.»
NRK Beta har intervjua ein advokat med moderne annonseteknologi som spesiale, som seier at «NHI har den mest utstrakte bruken av annonseteknologi jeg har sett, også i internasjonal sammenheng.» Og vidare: «Det er overraskende at NHI ikke har reflektert mer over hvilken informasjon de gir fra seg om brukerne sine, spesielt siden de har så mange aktører inne og sporer aktiviteten på sidene sine.»
Kva med å lenke til Helsebiblioteket på biblioteket si heimeside? Og skrive ut og leggje fram faktaarka deira i biblioteket? Og e-ressursar kan faktisk leggjast i katalogen.
Endetida er nær. Google si indeksering av verdsveven sviktar, melder ein nettstad med namnet Bleepingcomputer.com.
Men som tingar på nyheitsbrevet eller tweetane frå denne bloggen, kan du snike deg unna den kollektive gravferda. Gå til den høgre kolonna her, og litt ned, og skriv inn epostadressa di.
Biblioteket i finske Kuopio har slutta å plaste bøkene. Slitasjen er gjennomsnittleg liten, så det er pengar og tid å spare. Også når bøkene skal resirkulerast. Og så har vi miljøet, sjølvsagt.
Eit relativt heitt tema for bibliotekarar på universitet, forskingsinstitusjonar og høgskolar i desse dagar er systematiske oversikter og -søk. Retta mot forskarar først og fremst. Ein ganske omfattande artikkel har funnest på norsk Wikipedia alt i fleire år, og i eit prosjekt på UBO deler dei viktig kunnskap, særleg rundt dei medisinske biblioteka, men også samfunnsfaga kjem med.
Men her på bloggen meiner vi ein bør tenkje slik også når det gjeld folkebibliotek og brukarane deira. Kompliserte prosessar av ulike slag er i dag blitt vanlege i store og små kommunar, der både fagfolk, politikarar, lokalpresse og innbyggjarar vil ha nytte av gode tematiske litteraturlister på nett. Og kven andre enn biblioteket, … Les mer «Systematiske litteraturoversikter – også for folkebibliotek»→
Truleg ei av dei pliktavleverte norske bøkene frå 2019
Sist oppdatert 24.5.19 kl. 00.16.
Nasjonalbiblioteket annonserer i desse dagar: «Som følge av at pliktavleveringsloven ble endret og forskrift om avleveringsplikt for allment tilgjengelege dokument trådde i kraft, vil det bli åpnet for en prøveordning for digital tilgang i Nasjonalbibliotekets nettbibliotek for forsknings- og dokumentasjonsformål.»
Dei viktigaste avgrensingane ligg i orda med feite typar ovanfor. Fleire avgrensingar går fram av eit brev 2.7.2018 frå Kulturdepartementet til Nasjonalbiblioteket (pdf): For det første at berre fire brukarar får tilgang samtidig og «en karantenetid på to timer etter at aktiv bruk av dokumentet er avsluttet, samt at materialet ikke kan lastes ned.» Her gjeld altså ikkje tidsgrensa for bokhylla.no, som p.t. er ved utgangen av år 2000.