Atekst snart berre for dei rike

unnamed-2
Gamle aviser må vel trykkast opp igjen no? Her ei viss 50-årsjubileumsutgåve

For eitt år og fire dagar sidan skreiv vi om krisa for Atekst når nokre aviser trekker seg og stadig fleire aviser innfører embargo på artiklane sine på ei veke eller meir. No har dette stått på eit år, og ved inngangen til 2020 har Retriever/Atekst valt ein ny betalingsmodell som for dei fleste vil bety ein sterk prisauke. Så mykje dyrare blir det, meiner i dag NBF-nestleiar og bibliotekdirektør på OsloMet Lars Egeland på Khrono.no, at fleire bibliotek må seie opp avtalane.

>> 31. januar: Retriever støttar delvis Egeland, men skuldar på avisene.

OsloMet forlenger avtalen med same sum som i fjor, men alt utpå våren vil pengane ta slutt, då den nye betalingsmodellen går på forbruk, artikkel for artikkel. Det blir ein prisauke på 170% om dei skulle halde fram med like mykje bruk som i fjor. Det same valet har UiO, UiB, UiT og NTNU gjort.

Kritikken til Egeland er skarp; han skriv blant anna at «avisarkivet er en monopolist som nå presser prisene oppover samtidig som folks mulighet til å kunne søke i gamle avisartikler i høyeste grad er av stor demokratisk betydning». Men han foreslår også konkrete løysingar baserte på røynslene med Lovdata i året som gjekk: Les mer «Atekst snart berre for dei rike»

Nettguiden?!

Då Lasse Christensen pensjonerte seg etter ei årrekke frå Bærum bibliotek avslutta han med at han var «glad for at nettguiden kanskje kan bli videreført i en eller annen form, ett eller annet sted. Hva som skjer, vil tiden vise». Men no er den søkk vekk. Dei mange biblioteka som lenker til Bærums guide må no fjerne lenkene.

Dette var ei raus deling av ressursar i mange år, og Bærum bibliotek skal først og fremst ha takk og ros så lenge det varte. Det einaste rimelege ville vere at Nasjonalbiblioteket vidareførte tenesta.

Veit nokon noko meir? Det var nyleg ein konferanse om referansearbeid og kunnskapsformidling i Tønsberg. Var saka oppe der?

Bruk kommentarfeltet.

Hugs tidsskrifta: BLFT!

blft_2019_01_2xBarnelitterært  forskningstidsskrift (BLFT) er eit av desse som kjem med eitt «nummer» i året, men som på nett publiserer enkeltartiklar når det passar dei. Alt er Open Tilgang (OA). Utgjevar er Norsk barnebokinstitutt, i samarbeid med Universitetsforlaget.

Blant artiklane i år:

  • Konsentrasjonsleir som metafor i skandinaviske bildebøker, av Tatjana Kielland Samoilow
  • Climate Fiction in Nordic Landscapes, av Lykke Guanio-Uluru
  • «Moltemyrene våre skal få stå gule». Økologi og kultur i Birger Jåstads barnebøker

Fleire bloggpostar i serien «Hugs tidsskrifta».

«Tidsskrift – ei uåpna skattkiste»

Skjermbilde 2019-11-27 22.36.10Dette er tittelen på eit programpunkt på Bibliotekmøtet i 2012 (der bloggaren ikkje var) og ein samtidig artikkel på Tidsskriftforeningen.no. Som vi alt saman oppdaga no. Her ser vi kor mange opne dørar vi eigentleg slo opp då vi tidlegare i år først spurde, pessimistisk
«Tida over for tidsskrift i folkebibliotek?», og så starta serien «Hugs tidsskrifta». For dette hadde kanskje hundrevis av bibliotekfolk lytta til og diskutert på møtet for sju år sidan. Utan at det dermed skjedde så mykje. Så ein reprise skada nok ikkje.

I artikkelen hos Tidsskriftforeningen blir det vist til ein faktaboks med «ti tips til bibliotekarer som vil synliggjøre sine tidsskrift». Men faktaboksen er ikkje der. Derimot blir det vist til at artikkelen opprinneleg sto i Bok og bibliotek nr. 3, 2012. Og her finst artikkelen og faktaboksen på sidene 52 – 53.

Dei som hadde ansvar for programpunktet om tidsskrift på Bibliotekmøtet var Bente Riise, leiar i Norsk tidsskriftforening, Eva Haga Rogneflåten, rådgjevar i Nasjonalbiblioteket og Line Fallan Sørensen, rådgjevar i Norsk kulturråd. Dåverande, i alle fall.

Vil ikkje ha fancy bibliotek

Det Bostonbaserte magasinet The Atlantic har sett på bibliotek ved colleges i USA og oppsummerer at studentane er meir opptatte av tradisjonelle bibliotektenester som sikrar dei kunnskap heller enn slikt som «interior-design updates and building renovations, or into “glitzy technology,” such as 3-D printers and green screens, that is often housed in “media centers” or “makerspaces».»

Reprisetimen (3)

For to år sidan var bloggaren i Chicago på den US-amerikanske bibliotekforeninga sin årskongress, og heldt blant anna dette foredraget. Men noko av det viktigaste var intervjuet med Michael Gorman med tittelen «Bibliotekets varige verdier.» I ingressen heiter det at han «er mest kjent som «faderen» til AACR2, de internasjonale katalogiseringsreglene gjennom de siste par generasjonene. Men fokuset i hans nyeste bok, Our Enduring Values Revisited (2015), er på bibliotekpolitikk og -etikk og er en vass polemikk mot nye, fancy trender på bibliotekfeltet.»

Forskarar til folkebiblioteket

Skjermbilde 2019-09-11 21.16.17
Foredrag av Chris Anderson om å halde foredrag. Klikk og kikk (ikkje USN dette)

Kunnskapsbiblioteket i praksis: Formidling av foredrag av forskarar har Universitetet i Sørøst-Norge (USN) og folkebiblioteka i Buskerud, Telemark og Vestfold alt halde på med nokre år: «Folkebibliotekene er selv ansvarlige for å gjøre en avtale med den aktuelle foredragsholderen. Universitetet i Sørøst-Norge betaler et honorar til foredragsholder, mens bibliotekene selv må betale eventuelle reiseutgifter og opphold for foredragsholderne de lager avtaler med.»

Sjå video-opptak frå nokre av foredraga.

Andre som har liknande tilbod og samarbeid kan skrive om det i kommentarfeltet nedanfor. Og gjerne om røynslene i folkebiblioteka.

Går lærarar og NAV-tilsette på biblioteket?

Skjermbilde 2019-09-06 12.21.06I det nyaste nummeret av Norsk sosiologisk tidsskrift finn ein artiklar som bør interessere folk i desse yrkesgruppene, til dømes «Du vil ha behov for ytterligere arbeidstrening». En studie av begrunnelser i arbeidsavklaringsprosess» og omtale av boka «Elevenes psykososiale miljø. Gode strategier, harde nøtter og blinde flekker i skolemiljøarbeidet.»

Ein enkel digital og/eller trykt plakat om dette i biblioteket vil: Les mer «Går lærarar og NAV-tilsette på biblioteket?»

Bibliotekstrategiar under kapitalismen

scotts snake
Ein strategi frå den amerikanske borgarkrigen. Ingen bør kjenne seg trefte, for å finne ein illustrasjon her var ikkje enkelt. Kjelde: Library of Congress

Den nasjonale bibliotekstrategien for 2020-2023 blei lansert måndag under namnet Rom for demokrati og dannelse. Følgjarane på denne bloggen forstår at tittelen slår an her i garden. Men korleis blir innhaldet og gjennomføringa, for å spørje som dommarane i kunstløp? Det avheng sjølvsagt av pengane på begge, eller alle tre, budsjettnivåa. Og av viljen og evna til å omsetje vyane i konkrete tenester for bibliotekbrukarane.

Men først (og kanskje viktigast, skal ein døme etter tittelen ovanfor): Dette er framleis, som den førre, aller mest ein statleg strategi for det statlege Nasjonalbiblioteket. Og så dryp det litt på kommunane og folke- og skolebiblioteka deira. Slik er og må alle slike statlege strategiar vere i vår tid, også medrekna den svenske av året, berre at dei får mykje meir pengar til bibliotekopprusting i kommunane enn her (sjå fotnoten nedanfor med litt historisk og anna utdjuping).

I den norske nasjonale bibliotekstrategien blir vi presenterte for ei liste med seks tiltak innan formidling (dei to andre «hovedlinjene» er samarbeid og utvikling og infrastruktur, men dei lar vi liggje no). Her er dei tre første og etter vår meining viktigaste formidlingstiltaka: Les mer «Bibliotekstrategiar under kapitalismen»

Hugs tidsskrifta (3)

tfk_2019_03_2xPå denne bloggen er vi opptekne av seriøse norske tidsskrift, særleg kulturtidsskrifta, men også fagtidsskrift med relativt brei appell. Vi meiner folkebiblioteka bør formidle dei meir aktivt, noko også leiaren i Norsk Bibliotekforening signaliserte i Dagsnytt18 nyleg.

Det aller ferskaste på tidsskriftportalen Idunn.no er Tidsskrift for kjønnsforskning, nr. 3, 2019. Statistikkane fortel oss at ein del fleire kvinner enn menn er bibliotekbrukarar, og kan hende er dei også i overtal når det gjeld interesse for kjønnsforsking og innhaldet i dette nummeret; kjønnsbalanse i politikken.

Så kvifor ikkje lage ein plakat i biblioteket, digital og/eller analog, om innhaldet i dette nummeret, og gjerne med forteikninga over innhaldet: Les mer «Hugs tidsskrifta (3)»

Nye verktøy for demokratibiblioteket

24 P
Gå ned og «Les videre» for forklaring på denne illustrasjonen

Det norske folkebiblioteket har i biblioteklova fleire føringar for å fremje opplysing, debatt m.m., og dermed demokrati. Det meste av dette skjer med utgangspunkt i digitale eller trykte åndsverk, for å seie det slik, tekstar og anna frå forlag og redaksjonar. Men også på andre nivå finst det viktig informasjon for demokratiet, blant anna i korrespondanse osv. registrert i postjournalar.

Den enkelte statsborgaren har rett til innsyn i myndigheitene sin bruk av sine eigne personopplysningar, men ålmenta har også rett til innsyn i mykje av dokumenta i dei politiske og byråkratiske prosessane. Og biblioteket må kunne informere og sikre at folk får nytta desse rettane, spesielt når myndigheitene sjølv, eller pressa, sviktar. Mulegheitene til unnaluring er mange, frå å «gløyme» å journalføre ein pinsam e-post til Elf Aquitaine-skandalane som Eva Joly brukte år på å avsløre.

Dette er så viktig at innsyn lenge har vore ein lovbestemd rett i Noreg og dei fleste landa vi samanliknar oss med (men vi skal ikkje bli kjepphøge; i ei fersk kartlegging kjem Oslo dårlegare ut enn … Les mer «Nye verktøy for demokratibiblioteket»

Den gode snublinga

tidsskrift lørenskogDebatten om kulturtidsskrifta, som vi tok fatt i for ei veke sidan, går no vidare på debattsidene i Klassekampen, men med vekt på om honorara for bokmeldingar i tidsskrift må følgje satsane til Norsk kritikerlag. I går svarte Therese Bjørneboe på eit innlegg om dette, men her på bloggen tar vi fatt i eit anna spor i debatten, nemleg om framtida til papirtidsskriftet. Bjørneboe avsluttar slik:

«De som ønsker omlegging til bare digitale formater, vender det døve øret til undersøkelser som viser at folks lesevaner endrer seg. Man bruker langt mindre tid på artikler på nett. Hva angår tidsskrift, har ting som publiseres på nett det med å «forsvinne». Når man blar i eldre årganger i hylla hjemme, eller på et bibliotek (apropos nedleggingen av innkjøpsordningen), snubler man over helt andre artikler enn man ville søkt etter på nettet. Anmeldelser som formidler noe om tidsånden, eller den nære idéhistorien. Tidsskrift har en annen historisk dokumentasjonsfunksjon på papir.»