
Dette er ei overskrift på forskning.se frå førre veke (takk til peterals). Bak dette står ein fersk doktorand ved Bibliotekshögskolan i Borås. Den glade bodskapen gjeld heilt presist berre «killar mellan 18 och 20», men forfattaren seier også at «det könsmässiga glappet krymper» generelt. Når det gjeld lydbøker.
Trur vi at i desse koronale digi-lese-tider kan denne sjansen til eit maskulint leseløft også presse fram betre lydbokordningar for fokebiblioteka? Neppe, kjenner vi bokbransjen rett.
Og i Morgenbladet (for abonnentar) har Kaja Korsvold ein kronikk denne veka, Beinhard kamp om lydbøkene, der også biblioteka har fått relativt stor plass, men utan noko lys i tunnelen. Vi siterer:
«Åtte måneder etter at kulturminister Trine Skei Grande fikk presset frem en avtale om levering til bibliotekene, nekter flere av de store forlagene fremdeles å selge dem dit. Situasjonen er i tillegg vanskelig for bibliotekene fordi avtalen med forlagene gjør innkjøp av e-lydbøker langt dyrere enn papirbøkene. Når et bibliotek kjøper inn en lydbok, kan den lånes ut bare seks ganger. «Vi har fått en utrolig dyr løsning», sier Heidi Hovemoen som er leder for digital tilgang i Norsk bibliotekforening».

I Klassekampen onsdag 15. januar (på nett berre for tingarar) var bodskapen som på ingressbiletet her til høgre. Saka er omsett frå danske «Information», og journalist Rasmus Bo Sørensen startar med sine eigne lesevanar og meiner «alt var betre før»:



Dette seier
Klassekampen held fram med serien om Lesing i Bokåret, der vi i går fekk høyre korleis barn og unge har mista
I