Oppsnappa veke 35

Høgare utdanning etter koronaen: Debatt i dag om digital versus fysisk undervisning på Khrono.no: «Førsteamanuensis Oddveig Storstad droppet all digital undervisning etter pandemien og mener det gjør undervisningen bedre. Pedagogikk-nettverk frykter at akademia går for raskt tilbake til slik det var før». Helge Høivik ved OsloMet skuldar i kommentarfeltet på «krisedigitalisering 2020-22».

Bilateralt bibliotek. I småbyen Stanstead i Quebec, Canada, som faktisk henger saman med Derby Line, Vermont, USA, går nasjonsgrensa tvers gjennom det lokale biblioteket (sjå foto nummer to frå toppen).

Bra bibliotekblekker. Den aktive svenske bibliotekbloggaren Peter Alsbjer har planar om pensjonering og vil no dele ressursane han bruker med lesarane sine. Ein nyleg bloggpost har tittelen «Omvärldsbevakning: 18 vetenskapliga bibliotekstidskrifter (Open Access)». Underteikna repliserer med ein solid blogroll, sjå lengst nede her på sida, til høgre.

Oppsnappa veke 29

Franske bokryggar har både anna retning på ryggtittel og annan farge – kvit. Her franske og – under – svenske bøker i Stockholms stadsbibliotek

Sommar og sol, ikkje sant? Då er det passande å lenke til eit intervju med ei som meiner det er betre med bokryggar som er vridne motsols enn medsols. Og mens alt no handlar om berekraft, også når det gjeld bibliotekdrift, siterer vi ein bibliotekbloggar som meiner dette er eldgamalt nytt. Elles litt om bruk av illustrasjonar på heimesider og om verdien av lesing.

Les om dette:

Les mer «Oppsnappa veke 29»

Oppsnappa veke 24

Laptopklubben i Åsane. Frå eit lesarinnlegg i Bergens Tidende: «Ved en ren tilfeldighet ble jeg oppmerksom på at hjelp og støtte i «den digitale verden» er et tema biblioteket har meget god kompetanse på. Der hjelper man svært mange som er «langt bakpå» til å bli mindre engstelig for å prøve og feile». Ein tanke: Han skriv «Ved en ren tilfeldighet … ». Vi ser info om seniorsurf på heimesider og sosiale medium, men kanskje dei aktuelle gruppene må bli informerte på «gamlemåten», gjennom papiraviser og plakatar på stader der dei vanlegvis går? (men kan godt hende dei gjer dét i Åsane).

Internetts økosystem. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) lanserer no høyring av ein rapport om nemnde system. «Rapporten belyser de økende bekymringene knyttet til rollen til plattformer som Google og Facebook innen internettøkonomien». Innhaldet: «Hvem skal betale for internett? / Hva er problemet? / Debatten er ikke ny / Bli hørt i debatten / Rapporter og dokumenter / Hva er nettverkseffekt?» Her på bloggen grupperer vi relaterte artiklar under bl.a. «Internett» og «Sosiale medier».

Først i kuttekøen. Ifølgje The Guardian vil særleg bibliotek, skolebygg og svømmehallar måtte tole store kutt når kommunane i nærmaste framtid må takle auka straumprisar, løner og p.t. 9 prosent inflasjon. Og dette kjem i tillegg til den allmenne nedbygginga av folkebibliotek i Storbritannia.

Oppsnappa

I Sellebakk i Fredrikstad auka valdeltakinga blant unge. Her frå biblioteket som blei Årets bibliotek i 2021

Demokratiguiding

Dette er ein type tiltak vi kan lese om blant anna i Kommunal Rapport i dag: «Ved de to siste valgene har de [Fredrikstad kommune] engasjert i overkant av ti ungdommer som demokratiguider i kommunen. Med oransje vester og kommunens logo har demokratiguidene snakket med innbyggere, informert om valget og inspirert dem til valgdeltakelse».

Fredrikstad og Tankesmien Agenda skal vere inspirerte av liknande tiltak i Sverige. Der er lokale bibliotek og bibliotekforeininga involverte. Om guidinga slår om seg her i landet innan valet neste år, bør biblioteksektoren melde seg på her også.

«Jeg har ikke mødt nogen, der har sagt: «Hvorfor skal vi det her med verdensmål?»»

Dette er orda til ein avdelingsleiar ved biblioteket i danske Esbjerg, ifølgje Kulturinformation.dk. Ja, frå IFLA via nasjonale bibliotekforeiningar og ned til lokale bibliotek sluttar fagmiljøa unisont – og ukritisk -opp om FN sine 17 berekraftmål. Esbjergingen med fleire har ikkje lese dette vi blogga om i fjor: The Library and Sustainability: Passive Consensus and no Debate? Og som i tillegg kvalifiserte til publisering hos Nordisk Netværk for Voksnes Læring.

Korleis kunne det skje?!

Åsne Høgetveit, førstebibliotekar ved UiT, er fast spaltist i Khrono og skreiv 6. juni om Digital amputasjon av lærarstudentar! Overgangen frå trykte til digitale læremiddel har sjølvsagt store fordelar, men ikkje for lærarstudentane: «Stort sett er lisensane til dei nye digitale læreverka veldig avgrensande og strenge, med personleg tilgang. Det gjer det ganske vrient når studentane kjem ut i praksis. Dei kan ikkje på lovleg vis låne pålogginga til andre, slik dei kunne låne ei trykt lærebok, og det er omfattande og dyrt å skulle opprette påloggingar til alle studentane. I tillegg er det ikkje berre ute i praksis at lærarstudentar treng å kunne bruke læremiddel, det treng dei i samband med dei andre delane av studiane òg, som til dømes oppgåveskriving. … Eg har dei siste månadane snakka med fleire om dette, og det ser ikkje ut til at nokon kan gjera greie for korleis dette kunne skje. Og ingen ser ut til å vita heilt kven det er som eig problemet og som har ansvar for å rydde opp».

Oppsnappa

Bibliotekargata

I Harlem i New York er gateskiltet Pura Belpré Way no avduka på hjørnet av 109 St. og Lexington Avenue. Men ingen får dette som heimeadresse, då skiltet «berre» er ei markering av at her gjekk den første Puerto Rican librarian of color til og frå jobben i mange år. Det er no hundre år sidan ho blei tilsett. Det er også oppretta ein pris i namnet hennar.

Freda reoloppstilling

Det er ikkje ofte eit ikkje-bibliotekfagleg tidsskrift har ei større skrytesak om bibliotek på høgde med oppslaget om Haugesund bibliotek i Fagbladet denne veka. Brått blir dette eitt av landets mest kjende, då bladet har eit opplag på 390 000. Utgivaren, Fagforbundet, organiserer mange bibliotektilsette, men særleg 1960-talsromantikarar og folk med tilknyting til byutvikling og arkitektur vil no merke seg dette biblioteket. Av artikkelen og biletstoffet kan ein få inntrykk av at fredinga er total på 1967-nivå, då blant anna også oppstillinga av reolane er absolutt, men bileta deira på Fjesboka (klikk «Se alle») viser høgst moderne løysingar på andre område. Sjå også den eigne inventarlista! (Bloggaren har ikkje vore der på førti år, men må av geriatriskstatistiske grunnar ikkje vente i nye førti).

Biblioteklærebok nr. 1

Vi tenkjer på «Advis pour dresser une bibliothèque» (1627) av franske Gabriel Naudé (1600-1653). Dette var slett ikkje den første how-to-boka om å mekke bibliotek, men ifølgje Joacim Hansson i førordet til ei svensk digital utgåve frå 2006, «bryter han mot flera av tidens normer dels genom att presentera bibliotekariens yrkesroll som självständigt strategisk i beståndsutvecklingen, dels genom att lyfta fram böckernas funktion och innehåll på bekostnad av yttre attribut som storlek och bokband». Dette er vår mann! Og vidare: «Hyllorna ska inte vara högre än att man kan nå de översta raderna utan att riskera att ramla ner och slå ihjäl sig, något som under 1500- talet inte hade varit en helt ovanlig dödsorsak bland bibliotekarier».

Her i landet finst det visst berre ei utgåve på engelsk frå 1876, på UB Bergen. I Oria.no er det fire oppføringar av originalen, men ingen av dei med lokalisering til noko bibliotek. Ei dansk omsetting frå 1970 ser også ut til å ha gått tapt? Men på svensk kom altså boka elektronisk i 2006. Med fri tilgang. Og Naudé jobba faktisk i Stockholm ein periode, på det dronninglege slottsbiblioteket, jamfør Hansson. Men det blei berre eit drygt halvår: «Den 20 maj 1653 påbörjade han resan tillbaka till Paris. Han skulle dock aldrig komma fram. Det svenska klimatet hade försvagat honom och han dog i Abbeville, där han också fick en enkel begravning».

Originalen er p.t. til sals i eit US-amerikansk antikvariat for $35 000, og dét har ho vore i alle fall sidan 21. januar i fjor. Til same prisen. Så ho er kanskje prutbar, om du fekk igjen på skatten?

Oppsnappa

Boklukt

I overgangen frå papirboka til e- og lydbøkene går blant anna også lukta tapt; lukta av papiret, limet og trykksverta. Som mange, med god grunn, assosierer med bibliotek. Ifølgje Svt.se har ein svensk luktforskar også kome til at «många förknippar doften av ny bok med att få en present».

Eit søk i Oria.no viser at av bøker om lukter i norske bibliotek er 110 av 159 trykte. Enn så lenge.

Bakka

Vi ser ikkje mange riksavisomtalar av pensjonerande bibliotekarar, andre enn éin og annan på direktørnivå. Men i Klassekampen i dag skryt journalist Anne Kari Hinna uhemma av Pål Hermod Bakka på SV-bibl på UiBergen, som nyleg gav seg som lønsmottakar. Hinna, forstår vi, er ei av dei som har hatt han som «sin bibliotekar». For han har hatt like stor omsorg for studentane som for å halde liv i faglege debattar i bibliotekmiljøet pluss pluss. Hinna baserte seg også på eit lengre intervju med han i Studvest.

Brødskive

Minst like sjeldan som riksavisomtalen ovanfor er nok intervju i US-amerikanske riksmedia med sosialistiske (det har aldri skjedd før) presidentkandidatar til bibliotekforeininga ALA med deira 50 000 medlemmar. No snakkar vi ikkje om hovudstraums media, men Jacobin er ein av dei klart mest lesne blekkene på venstresida over there. Kandidat Emily Drabinski har røynsler frå lønskampar og fagforeiningsverksemd, budsjettnedskjeringar og kampen mot ytre høgre sin sensur av «uønska» litteratur i biblioteka. Kjend Drabinski-sitat: «Labor struggle is a struggle. It is not a sandwich». Les og forstå samanhengen (valet vil vere avgjort når du les dette).

>>PS 11.4.: Denne siste parentesen er feil. Fristen for å stemme var 7.4., men som ved andre val i USA Tar Teljing Tid.

 

Oppsnappa

Overlevd: Flatøybok.

Politikarkurs

Danmarks bibliotekforenings tidsskrift Danmarks biblioteker har laga ein «mini ABC» for «nyvalgte kommunalpolitikere».

Meiropnare blir det ikkje

Ifølgje The Guardian var ein datafeil grunnen til at inngangsdøra stod ope i eit bibliotek på New Zealand på nasjonaldagen. Dei ansvarlege oppdaga feilen etter nokre timar, men då hadde 380 personar vore innom og hadde hjelpt seg sjølve med utlånsregistrering av 147 bøker. Ingenting var stole eller øydelagt.

PS: «The most important asset of any library goes home at night – the library staff». – Timothy Healy

Sagalitteratur og sjeldne dyr

Kva er likskapen mellom eit ukjent mellomalderverk og ein ukjend dyreart? Ifølgje ein ny studie, referert i Scentific American, kan statistiske modellar som forskarar bruker til å estimere mangfaldet og storleiken på tapte dyrepopulasjonar også brukast på andre felt: «Eit dokument er som eit spesifikt dyr, mens eit verk er som ein art – og ein art blir ikkje rekna som utdøydd før alle dei levande representantane døyr. Då forskarane brukte modellen på mellomalderlitteratur, fann dei at 68 prosent av desse verka truleg har overlevd til i dag» (vår omsetting). Og overlevinga av både dyreartar og verk har vore noko større på relativt isolerte øyer, som Irland og Island.

«Drinker og heftige dansetoner»

«Vårt Oslo» melder: «Nye planer viser at gamle Deichman på Hammersborg kan bli bar og nattklubb». Eventuelle gullkorn om motseiinga bibliotek – festlokale går vi glipp av takk vere betalingmuren. Men underteikna har faktisk røynsler med den omvende prosessen; frå pub til bibliotek! I 1980 flytta Vestby folkebibliotek, avdeling Son, inn i dei tidlegare lokala til «Naustet», puben etter underhaldningsartisten Elisabeth Granneman. Vi fekk med på kjøpet mange dusin halvliterskrus, ein pizzaovn og fleire «spanske boger» som hadde skilt dei intime sitjegruppene. Men dette var i ein underetasje. Nokre år seinare flytta biblioteket til mykje betre lokale.

Oppsnappa

Noko å fortelje barnebarna om

I demo for å organisere seg. Foto: SEIU Local 73. Utsnitt.

Bladet American Libraries har ei sak om korleis det er for bibliotektilsette i USA å organisere seg. Dette er blitt ein aukande trend, for det er jo dyrtid, og pandemien har ofte gjort arbeidstilhøva dårlegare. Men i USA er det slik, også i det offentlege, at om ein vil opprette ein lokal klubb, må dei spørje arbeidsgjevaren, til dømes ei universitetsleiing, om lov. Éin stad måtte 130 tilsette gå i demonstrasjonstog for å understreke alvoret. Og dei må gjennomføre avrøystingar og vise at eit fleirtal går inn for organisering. Ein fersk fagorganisert ved eit universitet seier at hos dei var dei trass alt heldige, for andre stader, og ofte i folkebibliotek, går arbeidsgjevarane aktivt imot organisering. Éin set ord på kor glad ho er for at det gjekk i orden: «Dette er noko å fortelje barnebarna om!».

Under armen

John Le Carré sin aller siste spionroman, Agent Running in the Field, eller En fri agent i norsk omsetting, blei ein svært god éin. Her får vi i tillegg eit døme på kor viktig det er med bibliotek! Hovudpersonen skal utføre det gode, gamle klandestine kontaktsignalet å bere ei bestemt avis …

Les mer «Oppsnappa»

Bibliotekhistorie oppsnappa

Bibliotekarar på hesteryggen. Klikk for større foto

Irene Vallejo, forfattaren av «Evigheten i et siv» i intervju med Klassekampen 26. februar: «Det er ikke Aleksander den store, med sine megalomane visjoner om et bibliotek som rommer alle verdens bøker, som er den virkelige protagonisten … Det er bibliotekarer og lærere som har spredt bøker og muligheten for lesing, som kvinnene som på 1930- og 1940-tallet reiste rundt på hesteryggen i Appalachene i Kentucky med bøker i saltaskene».

Den framifrå kulturarv- og bibliotekbloggaren Kathleen McCook på Substack: «Montaigne had a magnificent library and it was his throne: «At home I betake me somwhat the oftner to my Librarie, whence all at once I command and survay all my houshold … There is my seate, that is my throne». Montaigne, Essais III.3, ‘Of three kinds of relationships.

Ny bok om gamalt – «The Library – A fragile history». Biblioteksbladet intervjuar forfattar Arthur der Weduwen (medforfattaren er Andrew Pettegree): «Vi berättar också bokproduktionens historia, om hur boken har förändrats, från papyrus till den tryckta boken till den digitala teknologin. Den utvecklingen har förstås också påverkat biblioteken väldigt mycket och kampen har alltid funnits där, den mellan att bevara det gamla och att introducera det nya. Att man alltid tror att det nya också är det bästa, det är ett stort hot mot biblioteken».

Oppsnappa om bibliotek

Serendipitet i nb.no: Suksessen til Sigmund Falch med dei humoristiske bilettekstane i fleire små bøker, starta med at han leita etter bilete av Ibsen i Nasjonalbiblioteket sin base. Men, ifølgje Norsk Tidend: «- Eg vart særleg sitjande med eit bilete av kong Haakon som går på ski. Han snur seg liksom mot kameraet og ser snurt over skuldra si. «Kva er det som skjer her?», tenkte eg. «Er det nokon som har sagt noko feil?»

For moro skuld skreiv han ein liten tekst om at det var nokon som hadde fnist litt akkurat i det Haakon byrja å gå. Det fungerte. Det var morosamt. Så han prøvde seg med nokre til».

Biblioteket i vinden! (REAL breaking news) Åstad: Århus (vi har fået kæft for å halde fram med å skrive Århus og ikkje Aarhus, som bystyret deira vedtok i 2010. Men vi er på linje med Dansk sprognævn, som held på «bolle-å’et» (!))

«- Hva er et liv, og hva er et bibliotek? For et lesende menneske er det ikke nødvendigvis atskilt». Kari Løvaas i Klassekampen 22. januar: «Hun er bokaktuell, for i disse dager kommer essayet «Skapelsens sukk og klage», hvor hun drøfter menneskesynet i vår høyteknologiske kultur».

Dårleg timing? 15. januar 1940 blei endeleg Statens bibliotekskole oppretta … Som elles må vere skolen med landets mest omfattande endringshistorie? Men høyrer ikkje den noverande institusjonen til her??