For ei veke sidan var eg trygg på å ha sett ein uslåeleg personleg rekord i ironisk bloggkommentering (og dét seier ikkje lite). Det var etter offentleggjeringa (omsider) av forliket mellom IFLA og den avsette generalsekretæren, der det heiter at «Contrary to rumors, Gerald Leitner has never been found to be liable for any legal or contractual misconduct. No investigation has found any indication of fraud or harassment». Som står i oppsiktsvekkjande kontrast til i mars då berre éitt medlem av hovudstyret motsette seg oppseiinga av mannen. Og etter to interne utgreiingar ifølgje blant anna Biblioteksbladet. Les også Mikael Böök her på bloggen.
Eg kutta ut Facebook for eit år sidan (og mista ein god del relativt faste lesarar, men skitt au). Altså blei Twitter ein viktigare kanal, på kontoen https://twitter.com/frilanders. Men så kom det store eigarskiftet der, så eg veit ikkje enno, men denne halvdelen av bloggredaksjonen vil frå no av forsøke seg også på Mastodon. Dette er ei open kjeldekode sosialt-medium-plattform som ingen skal kunne kjøpe opp og som skal vere fri for reklame og algoritmemisbruk. På Mastodon kan du velje mellom ulike tenarar, og eg hoppa på ein norsk, snabelen.no. Mastodon-kontoen min heiter då https://snabelen.no/web/@frilanders.
Eigensitat frå førre veke, då det handla om det kulturelle valprogrammet til den danske nettstaden SøndagAften: «Rundt omkring eksperimenteres med lokalt funderede alternativer til Facebook. Ingen er flyvefærdige, men PubHubs, Mastodon og Friendica forsøger sig frem. Understøttes sådanne forsøg af et dansk biblioteksvæsen, kan vi både påvirke og udvikle. Bibliotekstanken er i princippet open source – længe før begrebet blev opfundet. Bibliotekerne kan fascilitere og formidle de lokale samtaler» (mi utheving).
Svenskane har fått ny blå-brun (meiner mange) regjering, rett nok utan ministrar frå ytre-høgrepartiet Sverigedemokraterna (SD), men med dei som støtteparti i sterk posisjon etter å ha blitt nest størst i Riksdagen.
Det første kulturutspelet frå regjeringa er sterkt SD-påverka, nemleg forslaget om at offentleg tilsette, slik jo bibliotektilsette er, skal rapportere folk som ikkje har opphaldsløyve. Som så kan bli utviste av landet. Protestane er omfattande.
Men så kom det «snille» forslaget om å etablere ein nasjonal kulturkanon. I regjeringsplattforma heiter det at «Ett uppdrag ges att tillsätta fristående expertkommittéer i syfte att inom skilda kulturformer ta fram förslag på svensk kulturkanon. Tillsättningen av ledamöter i expertkommittéerna ska utgå från konstnärlig kompetens i respektive fält».
Men denne tilsynelatande oppbyggjelege folkeopplysingsideen har møtt sterk motstand frå ulike hald, blant anna frå bibliotekarar. Nokre døme:
Ein biblioteksjef til MagasinK: «Mitt drömscenario är att lärarna (och om vi har tur, eleverna) ska tänka själva och förenklade listor är väl motsatsen?».
Ein bibliotekar til Göteborgs-Posten: «… nationell kanon har blivit signalpolitik på samma vis som språktester för asylsökande har blivit det».
Forfattarforbundet til Expressen: «En litteraturkanon är till för osäkra politiker».
Sosialdemokraterna til Svt.se: «Kulturkanon är en nästintill kostnadsfri reform …».
I Noreg har vi ingen offentleg kanon av denne typen, berre nokre lister og bokseriar på initativ av forlag og festivalar. Men i Danmark utvikla dei ein omfattande kulturkanon rundt 2005, også der på initiativ av ei borgarleg regjering. Då var også kritikken omfattande, men det mest synlege resultatet av debatten var ein del alternative kanonar.
Ifølgje Wikipedia er det giftig grønfarge i Woman Embroidering av Georg Friedrich Kersting (1812)
ALL THAT JAZZ. Nasjonalbiblioteket overgår seg sjølv heile tida med spennande utstillingar og arrangement. No handlar det om musikkjournalisten Randi Hultin. Opningsarrangement 10. november for fysisk utstilling, digital utstilling av fotografi ho tok, og bok kjem det også. Underteikna si, ikkje face-to-face, men ganske spesielle Randi Hultin-oppleving står det om lengst nede i denne bloggposten.
DEI GIFTIGE BØKENE. Ein blogg til kunnskap, men ofte også glede er Ebla to E-Books av Kathleen McCook (også kjend frå arrangementet vårt i Stocholm i mai). Direkte glede skaper rett nok ikkje fortellinga om den giftige grønfargen som blei vanleg på bokband frå rundt 1800. Fleire nye fargestoff på denne tida inneheldt arsenikk, og særleg ein av desse, Scheele’s Green, blei populær. Han var billeg å produsere, heldt seg bra og gjorde seg godt estetisk. Men mange med stort forbruk av dette grøne døydde, og mot slutten av Viktoriatida førte dette til at grønt generelt blei lite brukt.
TWITTER, FACEBOOK OG BIBLIOTEKET. Vi har tidlegare problematisert den omfattande bruken av Facebook for å nå brukarane. Og no kjem Twitter/Elon Musk-debatten for fullt. Men finnest det alternativ? Til valkampen i Danmark laga kulturnettstaden SøndagAften eit eige valprogram. Der heiter det i punkt 12: «Rundt omkring eksperimenteres med lokalt funderede alternativer til Facebook. Ingen er flyvefærdige, men PubHubs, Mastodon og Friendica forsøger sig frem. Understøttes sådanne forsøg af et dansk biblioteksvæsen, kan vi både påvirke og udvikle. Bibliotekstanken er i princippet open source – længe før begrebet blev opfundet. Bibliotekerne kan fascilitere og formidle de lokale samtaler».
Éin ting er å seie lure ting om bibliotek og bibliotekarar, men ein annan å seie det på rett tidspunkt! Som forfattar Nora Dårsnes i går då ho takka for Nordisk Råd sin pris for beste barne- og ungdomsbok under utdelinga i Helsingfors. Blant anna nettstaden Bok365 fekk det med seg: «Dåsnes hyllet også bibliotekenes rolle i dagens urolige verden i sin takketale: – Når verden er som hardest, er det vel så viktig å ha et bibliotek å gå til. Takk til alle Nordens bibliotekarer».
Nokre av oss hugser Dag Solstad sin takketale då han fekk Nordisk Råds Litteraturpris i 1989. Han retta også mykje av takken til biblioteka. Nokre høgdepunkt: «Takket være gratis bibliotek kunne til og med en slyngel som jeg bli opplyst»… «jeg vil gjerne påpeke at folkebiblioteker er til nettopp for slyngler i 17-årsalderen.» Og vidare: «Til tross for at 1950-tallets radio var svært systemtro, og biblioteket i min hjemby ikke akkurat utmerket seg ved å føre de dristigste bøker, førte likevel idéen om folkeopplysning til at slyngelen uforvarende kunne stusse ved å høre en uvant tanke bli framført, eller ved at en scene i en roman stilte spørsmål ved selve grunnlaget for samfunnet».
Etter klagar på generalsekretær Leitner frå tilsette i IFLA blei han «løyst frå stillinga si» 8. april. Dette var då «the only possible solution to the current situation». Men ifølgje forliket som IFLA offentleggjer i dag blir han regelrett lovprist av hovudstyret på punkt etter punkt. Og han får framleis ha kontroll med finansane i stiftinga SIGL, eit samarbeid med Bill Gates Foundation, som han har bidratt sterkt til.
Ikkje rart at styret vel å ikkje seie éitt ord offentleg.
Svenske Biblioteksbladet er eitt av veldig få som har ein kommentar til dette i dag. Dei har vore omtrent aleine om å ha dekka denne saka, i tillegg til denne bloggen.
Dei som låner bøker på desse språka på biblioteket i Borås, vil nok gå fri.
Det blei blåbrun styring i Sverige nyleg, der ytre-høgrepartiet Sverigedemokraterna (SD) var den store vinnaren og for første gong med innverknad på ei regjering. SD har lenge sagt at kulturpolitikken er viktig for dei, slik vi alt har sett på kommunalt nivå, der dei direkte har markert seg i medievalet i bibliotek der dei har vore i maktposisjon. Og no har dei kome i slik posisjon i mange fleire kommunar.
Til no etter valet har dei ikkje tona flagg på slike område som mange hadde venta, men i regjeringserklæringa har dei fått gjennomslag for «att kommuner och myndigheter måste informera Migrationsverket och Polisen – om de i sin verksamhet upptäcker personer som vistas i Sverige utan tillstånd». Og: «Genom informationsplikten ska möjligheterna att leva i landet utan tillstånd försvåras».
Regjeringa har ymta om unntak frå denne regelen, men dei vil neppe gje etter for motstanden frå alle fagfelta der organisasjonar har protestert. Frå bibliotekhald er dei fleire. Til MagasinK, bladet til DIK-forbundet, seier ein fleirspråkbibliotekar i Borås: «Enligt lag ska vi vara ett öppet rum dit alla får komma – då kan man samtidigt inte ange folk som kommer hit. Det går inte ihop». Til Biblioteksbladet seier ein høgskolebibliotekar: «Vi som arbetar på biblioteken måste lova varandra detta: Vi vägrar ange».
Åmås og Aftenposten trumfar dei andre kulturavisene i dag
Fritt Ord-direktør Knut Olav Åmås er i Aftenposten i dag og i det store formatet, under overskrifta (men bak betalingsmuren) «Ro er den nye rocken». Han opnar slik: «Folkebiblioteket rister folk sammen i et av de siste fellesrommene der du kan være bare borger og ikke bruke en krone som forbruker. Det vil nok mange oppdage at de trenger på vei inn i en tid med svekket økonomi. Flere vil ikke ha råd til kulturtilbud som koster mye lenger. Flere vil søke seg til bibliotekene, som alltid er gratis og åpne for alle. Det norske folkebiblioteket er en usannsynlig stor suksess».
>> Tysdag denne veka skreiv vi om krisa for det billettbaserte kulturtilbodet.
Det høyrast jo oppløftande ut for biblioteka, men den tidlegare statsekretæren i Kulturdepartementet veit betre: «Kutt som kommer» er den første mellomtittelen hans. Han spør seg om «politikere lokalt og nasjonalt ser det, eller om en svak sektor blir kuttet enda svakere i trangere tider som starter nå. Sannsynligvis skjer det siste. … Satt opp mot helse og eldreomsorg taper bibliotekene alltid. Statistikkene viser at utgiftene til alle kulturområder har økt kraftig – bortsett fra bibliotekene som står om trent stille».
Vi kan ikkje sitere alt, men han får blant anna fram kvalitetane ved Deichman i Bjørvika, men også at «Det er svære forskjeller fra kommune til kommune. Det utfordrer likhetsprinsippet som er så viktig i Norge». Og han set spørjeteikn ved at bibliotek overtar så mange andre oppgåver lokalt, og viser der til Siri Lindstad i Forskerforum denne veka.
Åmås har grunn til uro:
Vi gjer eit søk i Retriever for den siste veka og finn blant anna noko vi har skrive om før; planane om kortare opningstider i Oslo på grunn av straumprisane. Og om naudskrik frå Nordre Follo: «En rasering av bibliotektilbudet», om at «Biblioteket vil [om budsjettforslaget går gjennom] ha mistet en fjerdedel av stillingene sine siden kommunesammenslåingen i 2020». Og i Ås blir den einaste filialen vekk, i Lindesnes skal det bli «effektivisering» av bibliotek/innbyggertorg og i Levanger blir det «en rekke kutt for å komme i budsjettbalanse. Stillinger holdes vakante også her. Bokbussen for Åsen og Ekne fjernes, og biblioteket reduserer skranketjenester».
PS 30.10.: Med nokre års mellomrom kjem Åmås med store bibliotek-kronikkar i Aftenposten. I 2008 skreiv han om «Blålys for biblioteket», som var med på å skaffe han Norsk Bibliotekforenings pris i 2010. Les dei gjerne i rekkjefølgje. Noko har skjedd på fjorten år, men …
Frå ei bokutstilling om fred og konfliktløysing på Nye Deichman i mai i år
Kva skal til for at pressa skriv om bibliotek? Eit søk på Retriever gir fjorten tusen treff dei siste 365 dagane på «Kultur og underholdning» og sju tusen på «Fritid», men (heldigvis?) berre 641 på «Kriminalitet og rettsvesen». Tjuveri og bråk i biblioteket utgjer det meste her, men i denne gruppa kjem i desse dagar også Bibliotekarforbundet med verkeleg god dekning for saka dei køyrer mot Oslo kommune om å ta del i avgjerder om arbeidstida.
Nrk.no melder at «Kulturlivet rammes igjen»: Ei undersøking viser at det blir 40 prosent lågare aktivitet i år, og ifølgje ein prognose kan billettsalet ved norske kulturhus «falle med så mye som 65 prosent, sammenlignet med 2019».
Utan å kunne vise til nokon statistikk, vil bloggaren påstå at høgare billettprisar har ein del å seie.
Men dette kan bety eit løft for folkebiblioteka, som ikkje er kjende for dyre arrangement, faktisk gratis inngang ofte. Sjå fotoet frå ein presentasjon av ei ny lokalhistorisk bok på Moss bibliotek i førre veke. Stappfullt hus!
For ein sommar sidan annonserte vi her på bloggen seminaret ”Biblioteket – en ljuspunkt?” i Stockholm i månadsskiftet mai-juni. Biblioteket-tar-saka-bloggarane, finske Mikael Böök og underteikna, var arrangørar saman med Maria Bergstrand frå Världsbiblioteket i Stockholm og Lena Lundgren frå BiS. Sistnemnde har no oppsummert seminaret i Bibliotek i samhälle nummer 3, 2022 og på heimesida deira.
Skuggekonferanse? Jo, konferansen ”Stockholm +50” var ei oppfølging av FNs første miljøkonferanse i Stockholm for femti år sidan. Og, som i 1972, blei det no paralellt arrangert ein skuggekonferanse, ”Folkets forum för miljö och global rättvisa”, ein alternativ «grasrotkonferanse». Der meinte vi det var sjølvsagt med eit bibliotekinnslag.
I ingressen til BiS-artikkelen heiter det: «Tre internationella och tre svenska gäster hade olika infallsvinklar på temat men vid programmets slut kunde ändå en vacker båge skönjas. Den intressanta frågan om vad ett bibliotek är avser BiS att ta upp igen». Så går Lena grundig gjennom kva som skjedde, både på Zoom-delen og den fysiske delen.
Frå BTS-bloggen si side kan vi leggje til at det var ei stor glede å kunne introdusere Emily Drabinski for første gong i Europa. Den erklærte sosialisten er 2023–2024 års president-elect for ALA, den US-amerikanske bibliotekforeininga.
MagsinK, bladet til svenske DIK (forbund for bibliotektilsette ++), har ei sak om at «Så har Meröppet förändrat bibliotekariernas arbete». Dei intervjuar tilsette som stadfestar dette. Ikkje minst handlar det om at dei må leggje meir til rette for folk. Og dei må til skilnad frå før avvise spørsmål frå folk som er der før biblioteket opnar, då dei har rutinar som må utførast før opninga: «– En del verkar tänka att ”om du ändå är på plats kan du väl hjälpa mig”. Då får man förklara att ”jag är upptagen med att förbereda en sagostund som jag ska ha snart” eller vad det kan vara».
Tidsskriftet intervjuar også ein universitetslektor frå Lund som har studert meirope sidan starten. Ho oppsummerer: «– De grupper som tillgängligheten ökar för är de som är fullt friska, har rätt ålder och är vana vid bibliotek. Därför är det viktigt att hela tiden fundera kring vilka som riskerar att stängas ute och hur man kan underlätta för de grupperna».
PS: Vi har etter kvart mange artiklar om meirope her på bloggen.
PS: Vi skreiv nyleg om politiske signal i Oslo om reduserte opningstider ved biblioteka på grunn av stramsparing. Kva då med meirope?
Ambrosius av Milano skal ha vore den første i Vesten som las «stille».
Tenk deg at du bur i ein kommune med berre éin bokhandel (det er 92 slike i Noreg, og 182 utan éin einaste) og der denne helst frontar bøker frå forlaget/forlaga som eig bokhandelen. I Noreg har vi jo fått ei slik «vertikal» organisering i denne bransjen, men du kan trass alt få alle slags bøker om du spør. Og/eller tryglar. Men i lydbokhandelen, i strøymetenestene, er det mykje tettare skott, og tettare skal dei bli, ifølgje Bok365.no nyleg: «Stadig flere uttrykker nå uro over effektene av de forlagsdominerte strømmetjenestene».
I ein slik situasjon kunne det ikkje-kommersielle, uavhengige folkebiblioteket vore Problemløysaren! Om det berre hadde fått god tilgang til lydbøker…
Nokre har godt håp om lydbok-betring for biblioteka med den komande boklova. Vi får sjå.
Meir optimisme (men ikkje for skodespelarar): TV2.no har ei sak denne veka om ein ny type kunstig intelligens som bør gjere det lønnsamt å produsere teknisk gode lydbøker av mange fleire titlar, også for den vesle norske marknaden: «Det kan tenkes at dubbing av filmer og opplesing av lydbøker slutter å være et yrke for mennesker».
Vi skreiv nyleg om folkebiblioteka i UK som førebur seg på å bli varmestover for folk som ikkje har råd til å fyre heime. Sjølv om bustadene her i landet stort sett er betre isolerte, er kulda strengare, og biblioteka våre blir nok også brukt slik. Utan at det har vore snakk om eigne tiltak (?).
Så las vi om ein fersk plan for straumsparing i Oslo. Ifølgje NTB er planen i to delar: «I den første delen av planen skal innetemperaturen i kommunale kontorer settes ned til maks 20 grader. Også på skoler, i barnehager og i flerbrukshaller skal temperaturen ned. Men her er 20 grader minimum». Det går ikkje fram om dette også gjeld bibliotek (vi finn ikkje originalen nokon stad og har ikkje tilgang til Aftenposten, som skal ha skrive meir). Uansett frys du ikkje ved 20 grader, så det går vel bra.
Men del to av planen betyr «reduserte åpningstider i kulturbygg og biblioteker».
Det blir ein stor overgang særleg for brukarane av nybiblioteket i Bjørvika, dominert, som det er i dag, av folk som sit der lenge og jobbar med studium og anna. Då blir biblioteket som møteplass, den store nye trenden på 2000-talet, ein skugge av seg sjølv. Og kva då med meirope? Høyrer vi demonstrasjonstog?
Høgskulen i Volda har godt nytt for alle dei bibliotekarane som på interne postlister og ulike forum spør om råd av typen «Hjelp! Eg treng tips om gode bøker på nynorsk for [sett inn lesargruppe]». Det er Nynorskbok.no frå Nynorsksenteret som Lanserer ny og betre nettside for nynorske bøker.
Dei har no omtalar av rundt 1000 bøker. Og «det finst bøker i ulike kategoriar – alt ifrå krim til biletbøker».