
Det førebels siste innlegget på fagforumet biblioteknorge er frå 30. april, og Nasjonalbiblioteket som står for tenesta har per i dag ingenting å melde om bakgrunnen. Dei bør snart gjere det, til dømes på eit anna forum dei har på biblioteutvikling.no.
>> Nytt 5.5. kl 12.24: No er lista oppe igjen. Bra!
Her på bloggen skal vi prøve å halde fram med temaet korona og biblioteka, der det alt er over seksti innlegg. Men om biblioteknorge ikkje blir opna igjen blir det også slutt på innlegga våre fredag morgon med oppsummering av veka som gjekk. Då er det ei løysing å teikne seg for nyheitsbrevet, sjå i kolonna nede til høgre her, der ein får epost kvar gong det er noko nytt. Elles er vi både på twitter og på facebook.


Denne 

Når biblioteka opnar igjen (det skjer no enkelte stader i landet) vil det vere med ganske omfattande smittevern-tiltak, men likevel kan ikkje den nye «bibliotek-normalen» bli på langt nær som før koronaen. Blant anna fordi 

Biblioteksbladet har i dag to saker om verkeleg alvorlege korona-hendingar i den svenske hovudstaden. I påska
Bloggaren, eller meir presist frilansjournalisten, har i dag ei sak i Bibliotekarforbundet sitt tidsskrift «Bibliotekaren» nummer 1/2020, og i nettutgåva: