Vi held fram med presentasjonar av den norske tidsskriftfloraen, for å vise at her er det mykje stoff å presentere for lånarar i kvart einaste folkebibliotek i landet (sjå berre på Facebook kor mange – også seriøse – interesser folk har!). I går kom Nytt norsk tidsskrift med sitt nr. 3 for året (dette er ikkje Open Access, men folk på UH-ane med passord i Feide, pluss dei med Norgeskorta sine registrerte på NB i Oslo eller Rana, har likevel tilgang).
Vi fokuserer her særleg på to artiklar blant mange svært interessante. Den første om noko som biblioteka fekk stor respons på i fjor i og med boka til Marte Michelet om jødetransportane frå Oslo, og den andre som grip midt inn i ein kjernediskusjon der UH-biblioteka er involverte: Les mer «Kva visste Quisling?»


Vi held fram med å promotere seriøse norske tidsskrift, for vi reknar med at folkebiblioteka no førebur seg på auka og betre formidling av denne typen aktualitetsinnhald, etter det leiaren i Norsk Bibliotekforening signaliserte
I Ekko på NRK P2 i dag (10.9. 2019) kom første innslag i ein serie om Google. Innslaget har namnet
Dette er ein undertittel i Vårt Land laurdag og gjev uttrykk for forfattar og bibliotekar Lars Petter Sveen si tolking av den nye 
I det nyaste nummeret av 
