Tidsskriftet Bibliotekaren nr. 1/2019 har nærmare tjue sider og seks artiklar om ytringsfridom, debattar i bibliotek, utleige av møterom til ulike “ubehagelige eller utålelige” organisasjonar. Aller viktigast er nok redaktør Bergans gode oppsummering av korleis biblioteka har takla det redaksjonelle, juridiske og praktiske i samband med utlån av møterom til “vanskelege” organisasjonar.
Det har vore lite dramatikk samanlikna med … blant anna USA, der blant anna den rasistiske valden er daglegdags. Dette kjem fram i ein omsett artikkel derfrå og når Bergan oppsummerer dei interessante linjeskiftene det siste året i ALA, den US-amerikanske bibliotekforeninga,
Vi synst Bergan og Bibliotekarforbundet har lukkast med den nye publiseringsstrategien med meir nettpublisering og reduksjon til fire papirnummer per år. Men desse numra er solid tematiske, noko som gjer det umuleg å leggje dei i ein bunke for seinare, ofte mykje seinare lesing.
PS. Bloggaren har heller ingenting imot å slippe til som frilansar i Bibliotekaren nr. 1 med det andre temaet, Plan S og Open Access.
PS: Følg bloggen via epost, saman med p.t. 747 andre: Gå til kolonna til høgre og skriv inn e-postadressa di.