Bibliotekets dilemma i tekst og foto

“Det norske biblioteket” er ein ambisiøs tittel på ei bok. Men denne boka, med Jo Straube sine fotografi og Frode Grytten sin tekst, lever mykje meir opp til tittelen enn andre illustrerte bøker og nettsider om norske bibliotek, som stort sett er arkitektoniske skrytealbum.

Eg har uvana å lese ei bok frå side ein og ut, og eg les heller ikkje andres bokmeldinger før eg sjølv skriv ei. Så las eg og såg eg fotoa uhilda; kva meiner dei to med denne boka? Straube sine foto er verkeleg rå realisme. Han viser mange fleire baksider av medalja enn framsida. Han viser særleg dei små biblioteka som såvidt har overlevd dei to-tre siste tiåra sine kommunale bibliotekslakt, og som igjen vil vere truga når blant anna kommunefusjonane slår til. Dei biblioteka der interiørarkitektane og designarane aldri kjem. Han stadfestar dette i eit etterord: “Biblioteket er et siste «fuck you» til en ellers enerådende kapitalisme. Sammen med lærerne er bibliotekarene noen av de viktigste kulturbærerne i landet. Men i hvilken grad lykkes de med å fylle den rollen?”

I tillegg til eit essay først i boka skriv Frode Grytten nokre små, ofte poetiske tekstar mellom fotografia, nokre av dei direkte kommentarar til fotoa. Men fotografen kjem også med kommentarar til fotoa i ein “index” sist i boka. Her utdjupar han, i blant anna korte intervju med biblioteksjefar, -tilsette og -brukarar, den uroa han og fleire kjenner for framtida til biblioteket. Med unnatak for mange av byane og dei større stadene, der “debattbiblioteket”, i ein god del nye eller opprusta lokale, i dag får eit relativt “løft” (men for kor lenge?)

Viktig for politikarane

Grytten sitt essay er noko av det beste om folkebiblioteket eg har lese på lenge, og bør lesast av fleire (hadde det vore rekneskapsmessig greit å bruke mediebudsjettet til eit eks til kvar av gruppeleiarane i kommunen som julegåve? Om ikkje, kunne biblioteket kjøpe eit eks og sirkulere – på tvangslån!).

Men Grytten problematiserer ikkje så rått og direkte som fotograf Straube. Grytten legg vekt på biblioteket sitt potensial for lesing, demokrati og personleg og kollektiv utvikling. Noko han faktisk seier seg lei for, for han ser sjølv at han er ein uforbetreleg bibliotekentusiast frå barndomen på Odda bibliotek, og dermed ein avvikar. Men også han skriv presist om trugsmåla: “Det er mange års røynsle med bøker som skapar biblioteket. Ein jobb gjort av mange, gjort av kvalifiserte folk, ein felles innsats bortanfor marknaden og den politiske tidsånda”.

Nokre ting hos Grytten kunne ein diskutere. Han er skeptisk til digitale bibliotek, for dei er så store og “har ikkje vore gjennom seleksjonsprosessen”. Men slik er det jo også med “papirbiblioteket” i dag. Outsourcing også av bokvalet blir meir og meir vanleg, ofte på grunn av tidspresset, og sjølvsagt fordi nokre på tilbydarsida har funne det opp, men kan hende også fordi bibliotekarane, og bibliotekpedagogane, i dag meiner dei har meir spanande nytt å vere opptekne av?

Dilemma

Eit stort dilemma for store delar av det norske folkebiblioteknettverket kjem tydeleg fram i denne boka: Fotograf Straube viser for det meste bibliotek av den typen berre sånne entusiastar som Grytten kunne bli jamlege brukarar av. Og vi får ein innblikk i kor mange desse biblioteka er og kor lett dei kan bli så dårlege at til og med ihuga bibliotekvenar i kommunestyret kan stemme for nedlegging. Då Grytten var ung var det ganske mange som han. Dei andre, dei mange andre, må i dag lokkast med kostbare verkemiddel som fort kan redusere basistenestene.

Eit døme frå Straube sin foto-indeks: “Biblioteket i Lødingen ligger på ungdomsskolen, i lokaler som tidligere var gymsal og svømmehall. Når kommunen går i gang med å bygge ny skole, skal biblioteket få et 60 kvadratmeter stort lokale der. Noen mener at dette blir fryktelig smått for et bibliotek, selv for en liten bygd som Lødingen, med 2000 innbyggere, og ønsker heller å beholde de gamle lokalene”.

Og eit siste: “Jeg tror nettet har overtatt folks oppmerksomhet. Men noen er veldig avhengig av biblioteket. Både jeg og mannen min må ha bøker. Stort sett leser jeg en eller to bøker om gangen, selv om jeg leser mest om vinteren. Stillingen min på 25 prosent er akkurat nok til at jeg får vedlikeholdt samlinga og registrert nye bøker. Men jeg vet ikke om jeg ville hatt større stilling, for det er en ensom jobb iblant.» (Sjefen ved Træna folkebibliotek).

13 Trackbacks to “Bibliotekets dilemma i tekst og foto”

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: