Den US-amerikanske bibliotekforeininga ALA arrangerer no ein serie webinar om «Best Practices from Around the World in the Time of COVID-19». Torsdag 11. juni klokka 10 til 11 a.m. US Central Time (det blir vel klokka 17 norsk tid?) får vi sjå korleis dei har ordna seg i bibliotek i korona-annleis-landet Sverige. Det er folkebiblioteka i Helsingborg og Mjölby som skal i elden (hugs påmelding til webinaret).
I Helsingborg har dei halde ope heile perioden, men 6. april innførte dei grenser for kor mange som kan vere inne til kvar tid. I småbyen Mjölby ser vi at alle arrangement er avlyste, men elles ingen restriksjonar? Ved ein filial er det meirope tilbodet «ur funktion», men berre «tillfälligt». Mjölby inngår i Götabiblioteken, og om dei har same tilbod som i Linköping 20 kilometer austafor, har dei berre hatt nokre små restriksjonar, jamfør denne videoen. Som vi ser held dei avstand, men dei gjer ikkje reint tastaturet mellom to brukarar.
Leave a Reply