Trettebergstuen, igjen

Ein skikkeleg luring, ho her, det er lett å sjå. Foto: Arbeiderpartiet (CC BY-ND 2.0)

Her handlar det faktisk ikkje om «inhabilitet i utnevnelsen av venner til maktposisjoner i kulturlivet». Bård Nylund, Tina Stiegler og Renate Larsen har fått kvart sitt «bein» takk vere den tidlegare kulturministeren, men ingen av dei i biblioteksektoren. For her har vi ei heilt anna sak, men som burde interessert fleire gravande medium enn denne skærve bloggen:

Då Anette Trettebergstuen la fram forslaget til den nye boklova i august 2022 var ho og departementet skråsikre på å ville innføre leveringsplikt av lydbøker til folkebiblioteka. Men i mars 2023, då berre eit halvt år hadde gått, og utan noka offentlegheit om det, hadde ho snudd tvert om.

Det mystiske er ikkje at den kommersielle bokbransjen har gode lobbyistar, men kvifor ho faktisk var på biblioteket si side i utgangspunktet, altså i forslaget?? For i god tid hadde utgreiarane hatt «bred dialog med bokbransjen. I perioden november 2021 til mars 2022 gjennomførte departementet i overkant av 50 møter med organisasjoner og aktører i bransjen«.

I eit blogginnlegg 16. mai i fjor leverte eg fem teoriar om korleis dette kan ha skjedd.

Sjå også denne tidslinja som viser korleis vi forsøkte å ta tak i boklovsaka under vegs:

Mossemetoden for videoutlån i 2024!

Mange folkebibliotek har framleis gode samlingar av film på dvd. Nokre kjøper faktisk inn nye (gamle?), har vi høyrt. I Moss har bibliotekar Kristoffer Tangård pønska ut ein metode for å auke utlånet av samlinga deira: SMARTLÅN. Det handlar om videoar som IKKJE FINST PÅ STRØYMETENESTENE. Desse leiter Kristoffer fram på tenesta JustWatch, der du kan avgrense til norske strøymetenester.

Han har laga éin større og to små utstillingar rundt i biblioteket og har slått opp ein plakat med informasjon, sjå nedanfor.

Kristoffer Tangård med den eine av utstillingane

>> OG: Moss bibliotek skal 20.2. arrangere heilaften kino & samtale: INSOMNIA – med gratis pizza!

Finner du denne lappen i DVD-coveret holder du etter all sannsynlighet en film i din hånd som for øyeblikket ikke er tilgjengelig på noen av strømmetjenestene dine. 

De siste ti årene har verden bevitnet et enormt trendskifte, hvor film i større grad blir konsumert via strømming. I bibliotekverdenen er dette tatt til følge via tilbydere som Filmoteket.no, hvor du kan strømme opptil flere filmer i måneden med ditt nasjonale lånekort. 

Men nettopp fordi porteføljen til giganter som NetflixDisney+ m.fl. har blitt så rik og omfattende er det lett å glemme at mange filmer fortsetter å være utilgjengelige eller innehar en uforutsigbar tilgangsstatus både her og andre steder i strømmesjiktet. 

Dette er en av grunnene til at Mossebibliotekene fortsetter å prioritere disk – DVD og blu-ray – til sine lånere. Og derfor har vi også satt i gang kampanjen SMART-LÅN – for at du skal kunne føle at du ikke låner en film forgjeves!