Slik fekk vi i ettermiddag vite at nokon er blitt fornærma og rapportert ting frå bloggen som vi har delt på bloggens Facebookside. Dei som anten ikkje blir krenkte, eller som toler det, kan i staden tinge nyheitsbrevet vårt, på linje med p.t. 828 andre. Sjå her nede til høgre >>
Vi har hatt Plan S på blokka eit par veker, etter at bomba sprang om at det europeiske forskingsrådet ERC i juli trekte seg frå heile planen. «Uforståeleg», sa direktør i Forskingsrådet, John-Arne Røttingen. Før han annonserte overgang til Utanriksdepartementet som «global helseambassadør». Så kom det nokre lesarinnlegg på Khrono.no der norske Plan S-skeptikarar gav – høfleg – inntrykk av ei viss letting. Men i dag har nettstaden eit innlegg av tre tilsette ved UiT, blant anna bibliotekdirektør Johanne Raade, med tittelen «Plan S: Snøballen som må rulle». Dei avsluttar likevel med eit atterhald i den siste setninga: «Det er på høy tid at forskerfellesskapene og institusjonene sørger for at flere seriøse tidsskrift går over fra kommersielle forlag til åpne plattformer. Fordi det er den veien snøballen ruller, og må rulle videre, med eller uten hjelp av Plan S».
I ein artikkel i Nature frå midten av juni kan vi lese om auka vilje til å publisere og dele forsking om koronapandemien og at særleg fagfellevurdering og dermed publisering har tatt mykje kortare tid enn før. Men samtidig er nokre i tvil om dette vil halde fram og bety …
På Biblioteksentralen sin kanal Bibbi-nytt klinte dei nyleg til med tankevekkjande sommarunderhaldning i form av ein tekst om «Emner i skjønnlitterære sjangre». Det handlar om statistikk i tabellform over bruken av emneord til bøker i sjangrane «kriminal, spenning, science fiction, fantastisk, grøsser, kjærlighet eller chick lit». Til dømes: Når emneorda i kriminallitteratur er namn på fiktive personar kjem Hercule Poirot klart på topp føre Sherlock Holmes og med Varg Veum hakk i hæl. Mens «Vampyrer» er like suverene når det gjeld fantastisk litteratur, med «Trolldom» på andreplassen.
Men så skriv dei at statistikken omfattar «de siste seksti årene». Men nokre av oss som har vore med ei stund, om enn ikkje seksti år i yrket, vil hugse debattar på midten av 1980-talet om emneord i det heile tatt burde brukast på skjønnlitteratur. Underteikna var på eit møte der representantar for særleg barnebokforfattarane var verkeleg opprørte over dette. Argumenta imot var at skjønnlitteraturen ikkje måtte setjast i båsar og at katalogbrukarane då berre ville bli informerte om eit subjektivt utval av kva bøkene handla om.
Tenkjer nokon slik i dag? Mange som er interesserte i bibliotekhistorie vil i alle fall finne dette skiftet interessant. Men har nokon der ute meir å melde om debatten? Til dét formålet har vi eit kommentarfelt nedanfor.
Etter relativt systematisk å ha spurt bibliotekfolk, når vi har snakka med dei sidan mars om dei har blitt beordra til «koronaoppgåver» utanom biblioteket, har positivt svar vore ganske vanleg. Sjølv i kommunar som ikkje lenger er særleg «raude». Og på heimesida til Bibliotekarforbundet i går fekk vi dette stadfesta. Og det har vore problem i samband med det. BF har hatt fleire saker av ulik karakter, men dei har også vunne fram fleire gongar når dei har konfrontert arbeidsgjevarane. Dei skildrar tre døme i oppslaget, frå at ordningar blir forlenga sjølv om smittetala er låge, til permitteringar det ikkje var grunnlag for. Éitt problem er også at tillitsvalde ikkje blir informerte.
Éin regel er at «omplassering betinger en helt ekstraordinær og akutt situasjon som begrenses til en midlertidig periode». Og ein føresetnad er sjølvsagt at folk melder frå. Anten til eigen tillitsvald eller til BF. Mykje av det same gjeld sikkert andre forbund.
I omtalen av boka «Bokhistorie. Bibliotekhistorie» 27. juli presenterte vi Øivind Bergs artikkel om presten og folkeopplysaren Jacob Nicolai Wilse og framtidsfabelen hans frå 1779, «Philoneus, eller Eftertiden i Norge», om eit underjordisk bibliotek og museum som skulle vise samfunnet i år 2000. Her nemner Berg også eit ikkje utgitt handskrift av Wilse, «Nogle Mærkværdigheder forefundne i et underjordisk Bibliothek», som delvis føregreip «Philoneus» alt i 1765. Sjå faksimilen av første side av teksten (takk til Eirik Juel, bibliotekar og lokalhistorikar i Spydeberg).
No har faktisk Øivind Berg transkribert den gotiske handskrifta frå notisboka og gitt oss løyve til å publisere dette, sjå nedanfor.
Vi har tidlegare varsla om det USA-baserte bibliotekkonsortiet OCLC si forsking på koronaviruset si overleving på ulike typar materiale som er i bruk i bibliotek. No har resultata kome i form av tre delrapportar:
På papir og ulike typar papir- og tekstilbaserte bokomslag kan viruset halde seg levande i tre dagar. Alle typane kjem faktisk under «faregrensa» LOQ (kom gjerne med ei god forklaring på norsk i kommentarfeltet) på under eitt døgn, men etter tre døgn skal det vere heilt trygt.
Sjå også kommentar nedanfor (27.8.)
Her inngår også «DVD case», men vi vel å tolke det som DVD-omslag av papir, for testen av ulike plastbaserte omslag og konvoluttar viser levande virus i fire dagar og litt meir for enkelte typar. F-skapen «held ut» lengst, nemleg fire dagar, på DVD-omslag i plast.
For meir «glossy» omslag på magasin og liknande er fire døgn ein regel å halde seg til.
PS:
Dette betyr ikkje at all omgang med denne typen materiale som kan ha fått virus på seg vil føre til sjukdom og/eller fare for vidare smitte. I NBF/BF sin «Smittevernveileder for bibliotek» heiter det rett nok at ….
Det handlar om ei innbyding til debatt om ein statleg kulturpolitikk i Danmark. Initiativtakar er Danmarks Biblioteksforening ved leiaren Steen Bording Andersen:
«Danmark har en række delstrategier men ikke en overordnet plan for kulturen. Det er omkring 20 år siden vi sidst fik en redegørelse, der satte kulturpolitikken ind i et større perspektiv. Der er sket utroligt meget på kulturområdet siden årtusindeskiftet, og ikke mindst corona-krisen har vist os alle, at kulturen spiller en vigtig rolle i det danske samfund».
Frå ein video på 86 sekund om øydeleggingane og gjenoppbygginga av biblioteka i Beirut. Lenke i biletet
Frå eit innlegg på ei IFLA-liste i dag: «The explosion that took place at the Port of Beirut on 4 August 2020 also hit the 3 public libraries of the municipality of Beirut managed by ASSABIL. Two out of the three libraries were severely damaged and are out of service. Their rehabilitation needs to start immediately before the beginning of winter.
These libraries are public facilities that provide free services to more than 30,000 beneficiaries annually, and with the current economic crisis and all the challenging events that are happening in the country, the need for these libraries will inevitably increase. Please contribute: https://www.givingloop.org/assabilassociation».
Tidl. soppherja bibliotek. Villaen i Tønsberg blei restaurert etter utflyttinga i 1992. Foto: Krg /Wikimedia (CC BY-SA 4.0)
Aslak Borgersrud skriv, på sitt vis, om «Navn i nyhetene» for Dagsavisen, og fredag kom turen til soppekspert Nina Berge. Eit fast spørsmål går på lesevanar, og vi får vite at ho «selvfølgelig [har] lest mye science fiction. Det er jo underholdningslitteratur, men får deg til å tenke.
Nedvurdering av scifi, har vi ikke vokst av oss det ennå?
– Jo. Jeg oppdaget det da jeg begynte å lese skolebiblioteket, fra A. Jeg kom til Bing og Bringsværd og fant science fiction.
Hvor langt kom du i biblioteket?
– Jeg kom i hvert fall til D, for jeg husker jeg leste Dumont. Men det var et lite bibliotek, altså».
Bibliotekutsikt i Tromsø, via reol med glass-gavl. Breivika VGS, 2009
På Khrono i dag finn vi eit debattinnlegg av førstebibliotekar Lars Figenschou og seksjonssjef Marianne Løkse ved universitetsbiblioteket ved UiT med tittelen ovanfor. Dei tar utgangspunkt i eit innlegg om faktasjekk av to tilsette i Faktisk.no.
Eit innlegg UiT-bibliotekarane meiner var «meget godt», men som likevel ikkje førte til debatt. Det er kanskje ikkje så lett å få til når ingen sjølvsagt er ueinige og samtidig dei fleste på UH-ane er opptatte av algoritmisk karaktersetting, fadderfesting og identitetspolitikk. Men blant lesarar av denne bloggen er det sikkert folk som kan løfte temaet informasjonskompetanse endå meir opp og fram.
Biblioteket ved UiT har utvikla to nettbaserte læringsressursar: «En for 1. klassingene på videregående skole og deres lærere og en for de som allerede er blitt studenter i høyere utdanning», som begge er fritt tilgjengelege for alle».
Når no store delar av verda, med negativ vinkling, har markert 75-årsdagen for USA si atombombing av Hiroshima og Nagasaki, når vi no her på bloggen forsøker å få IFLA og nasjonale bibliotekorganisasjonar til å engasjere seg mot atomvåpen og når vi framleis er engasjerte for Assange og andre forkjemparar for ytringsfridom, kan det passe å lenke til nettstaden Derimot.no si omsetting av ein artikkel av Nozomi Hayase, «Krigsbrotsverk, imperiet og forfølginga av den frie pressa», opprinneleg publisert på den viktige nettstaden Consortium News.
Libraries lost domain to commercial streaming. Is IKEA next, if they only turn spines out?
>> August 16: Shared by British site PublicLibrariesNews under International News
This April members of the European library organization EBLIDA were invited to take part in a survey on the conditions of libraries during the Corona. Now they have prepared a – premilinary – report: «A European library agenda for the post-Covid 19 age»(pdf), where they not only summarize the survey, but invite to debate around five fields where the corona has changed the conditions for library operations:
Exponential social distancing: a well-connected two-meter library;
Technologies are mutating and shaping libraries in new ways;
Uncharted economic territory: review the library budget composition;
Library governance at central and local levels;
Do not forget the climate change opportunity and threat.
Much of the content of the first two points will be well known by members of the library communities since March but in the new report we think item 3 is most important, especially because it has not been much on the agenda yet. This is the wording of the executive summary on this point, plus some other quotes (the emphasis are ours): Les mer «Will European public libraries be set back tens of years from 2021?»→
«To ganger i uken vil tvillingtårnene fortsette å styrte i grus». Flickr (CC BY 2.0)
Carsten Jensen skriv i dag i kronikken i Klassekampen om koronaen i USA med utgangspunkt i Daniel Defoe sin roman (eller er det sakprosa?) «Pestens år». «A Journal of the Plague Year» kom ut i 1772, men handlar om den siste store pesten i London i 1665. Jensen skriv om situasjonen i London:
«De fattige passer jobbene sine med «et dyrisk mot», som Defoe kaller det. Han forstår at de ikke har noe valg. Ellers venter sulten og nøden. Slik er det ikke i de europeiske velferdsstatene. Men slik er det i dagens amerikanske markedsøkonomi, der arbeidere, selv når de vet de er smittet, må gå på jobben i kjøttfabrikkene i Midtvesten».
Finn ikkje ut kor vi har dette frå. Ironisk meint?
Som bibliotekbloggar burde ein ha gått grundig inn i desse debattane, men det får eventuelt bli utpå hausten. Og i utgangspunktet er jo folkebiblioteket soleklart for fri meiningsutveksling.
Når dét er sagt, er det grunn til å dele intervjuet Dag og Tid hadde med Rune Slagstad om desse tinga. Han «avviser kategorisk scenenekt som strategi», også når han blir møtt med påstanden at Sian (Stopp islamiseringen av Norge) «ikkje [skal] få ytre seg på offentlege bibliotek fordi andre brukarar kan verte redde». Men intervjuet tar utgangspunkt i boka til Fosli, der Slagstad er klar på at bokmeldinga burde ha blitt trykt i Prosa. Men samtidig påpeiker han at bladet har «bidrege med gratis PR til ei bok som alt har selt om lag 2500 eksemplar». Men les heile.
Ikkje domenetap til IKEA, får vi håpe (bokryggane innover!)
Google Scholar-søket «»public library» AND (corona OR covid)» gir i dag 7 500 treff. Dette skal stort sett vere seriøse artiklar og rapportar. I tillegg kjem alt som er skrive på ulike sosiale media. Temaet har sjølvsagt engasjert sterkt og vil og skal gjere det i lang tid framover.
Det aller meste handlar om praktiske spørsmål og om kreativitet og ofte spontan innovasjon. Vi kom til dømes over ein diger artikkel på Wikipedia med tittelen «Impact of the COVID-19 pandemic on the arts and cultural heritage», også med eit avsnitt om bibliotek. Og NAPLE har gjort ein rapport om gjenopninga: «Public Libraries in Europe and COVID-19: Re-opening Strategies Findings from NAPLE Members May-July 2020» (NAPLE er organisasjonen for nasjonale folkebibliotekadministrasjonar; typisk NB her i landet).
Men utan studiar av post-korona-kapitalismen og nytenking omkring strategi vil 2021 bli ei stor negativ overrasking for bibliotekfeltet, i alle fall folkebiblioteka. Sånn sett må noko av det viktigaste vere det den europeiske bibliotekorganisasjonen EBLIDA driv med (og som vel medlemsorganisasjonane følgjer opp?; dei er fire i Noreg, alle i Oslo). Korleis unngå store domenetap til private konsern som Google, Amazon og Netflix (men også IKEA? Sjå fotoet)? Og korleis finansiere bibliotekdrift framover?
Har biblioteka nokon gong tidlegare vore i ein slik situasjon? Neppe. Under tilbakeslaga under depresjonen på 1920-talet og fleire tilsvarande på 1800-talet var standarden så låg at fallet ikkje blei så stort. No er det mykje å tape.