Der minibibliotek er det einaste tilbodet

Skjermbilde 2020-08-10 kl. 18.23.58
Bibliotektilbodet på Galapagos. Sjøløva er ikkje registrert lånar. Foto: Edgardo Civallero, CDF

Bibliotekbloggar-kollega Peter Alsbjer i Örebro delte her om dagen ein lesbar og eksotisk tekst av Edgardo Civallero om korleis det er å vere bibliotekar på Galapagos-øyene. Han jobbar på Charles Darwin Foundation Library and Archive og er for tida den einaste fagutdanna bibliotekaren i denne ecuadorianske provinsen.

Edgardo er ein gamal kjenning for følgjarane våre, og ein verkeleg pionér når det gjeld bibliotektenester til urfolk. Trass i Thor Heyerdahls undersøkingar i 1952 er det tvil om det har vore fastbuande der før spanjolane kom over frå Sør-Amerika. Indianarar har vel drive i land ved uhell og anten døydde ut eller returnerte då dei ikkje fann ferskvatn der. Då Edgardo kom dit i 2018 var det knapt eitt fungerande folkebibliotek der, men han starta eit «traveling library» i form av koffertar med bøker som han flyttar rundt. Der pakkar han også ned … Les mer «Der minibibliotek er det einaste tilbodet»

Ny rapport: Blir folkebiblioteket sett tiår tilbake etter koronaen?

Skjermbilde 2020-08-10 kl. 11.41.09
Biblioteket anno 1990 – og 2021?

I april skreiv vi om at medlemmane av den europeiske bibliotekorganisasjonen EBLIDA tok del i ei kartlegging av tilstanden i biblioteka under koronaen. No har dei laga ein – førebels – rapport, «A European library agenda for the post-Covid 19 age» (pdf), der dei ikkje berre oppsummerer kartlegginga, men innbyr til debatt rundt fem felt der koronaen har endra vilkåra for bibliotekdrift:

  1. Exponential social distancing: a well-connected two-meter library;
  2. Technologies are mutating and shaping libraries in new ways;
  3. Uncharted economic territory: review the library budget composition;
  4. Library governance at central and local levels;
  5. Do not forget the climate change opportunity and threat.

Innhaldet i dei to første punkta kjenner vi godt igjen frå den norske utviklinga sidan mars, blant anna skildra i mange punkt her: «Kreativitet mot korona». Men i den nye rapporten synst vi punkt 3 er aller viktigast, særleg fordi det ikkje har vore på dagsorden enno. Fritt omsett: «Det ikkje-kartlagte økonomiske feltet; ein ny gjennomgang av bibliotekøkonomien». Nedanfor ei like fri og høgst uoffisiell omsetting av dette punktet i samandragskapitlet («executive summary»), pluss nokre andre sitat. Vilkåra for finansiering av lokale bibliotek er altså sterkt endra (våre uthevingar):  Les mer «Ny rapport: Blir folkebiblioteket sett tiår tilbake etter koronaen?»

Ingen beredskap mot den økonomiske pandemien?

Skjermbilde 2020-08-07 kl. 12.25.51Kommunal rapport siterer i dag KS-leiar Bjørn Arild Gram som er «misfornøyd med at arbeidsgruppen som skal vurdere hvordan koronakrisen har påvirket kommuneøkonomien, ikke er kommet i gang. Nå starter organisasjonen i tillegg egne utredninger».

Tre månader etter at kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H) kunngjorde at han ville setje ned ei arbeidsgruppe som skulle gi «en faglig vurdering av hvilke typer inntekter og utgifter som blir påvirket av koronakrisen», har ingenting skjedd.

Til Klassekampen 12. juni sa Gram om dei borgarlege partia sin manglende garanti for kommuneøkonomien: Les mer «Ingen beredskap mot den økonomiske pandemien?»

Google: Frå kunnskap til BIG business

Skjermbilde 2020-08-06 19.37.40Vi har alle opplevd det, at vi må leite stadig lengre ned i Google sine trefflister for å finne noko som ikkje er reklame eller oppslag i dei aller mest populære media (til dømes om du søkjer på eit stadnamn i Sverige er sjansen stor for at du først kjem til IKEA). I ein artikkel på nettstaden Bloomberg 13. juli er dei også uroa over at den auka kommersialiseringa gjer det vanskelegare for andre enn dei verkeleg store å marknadsføre produkt og tenester. Ifølgje interne kjelder skal det ha vore usemje om denne linja, der dei plasserer fire og ikkje lenger «berre» tre annonsar på topp.

Der det er muleg. Til og med eit så spesielt søk som «kortreiste topper» (frå tittelen på ei viss toppturbok som bloggaren er medskuldig til) får skarp konkurranse av «skulderløse» og «puff ermede» toppar. Truleg svært lite kortreiste.

Ifølgje Bloomberg-journalisten var det alt i 2004 at Google-leiinga ignorerte eit spørsmål frå den US-amerikanske anti-trust-komiteen om … Les mer «Google: Frå kunnskap til BIG business»

Sein heilomvending

Skjermbilde 2020-07-29 17.52.28Den britiske statsministeren i fire periodar i siste halvdelen av 1800-talet, William Gladstone, er hylla på mange vis dei siste halvanna hundre åra for leiinga av det Britiske Imperiet. Men no vaklar statuane av han, for det er blant anna sett fokus på at han lenge var imot å oppheve slaveriet. Til BBC 11. juni uttalte Gladstone’s Library at han innan 1850 hadde gjort heilomvending.

Men i dag er dei på heimesida si klare på at dei ikkje kjem til å motsetje seg fjerning av statuar og liknande av grunnleggjaren sin, om det skjer etter eit demokratisk vedtak. Dei meiner no at det nærmest ville vere i den demokratiske ånda hans å gjere det.

Jaggu er dei ikkje blitt tilhengarar av #BlackLivesMatter også. Men er det blitt med slike som med konsern som går i Pride-tog med regnbogeflagg og firma-logo? Dei skriv det på konto for PR-utgifter og kan trygt kalkulere med vinning.

Bibliotekdrift og avdrift i USA

Skjermbilde 2020-07-29 17.41.35
Bærum bibliotek har laga ei leseliste for ungdom om BLM. Klikk og kikk.

I Washington Post finn vi to urovekkjande oppslag om bibliotek denne veka: I hovudstaden har folkebiblioteka opna igjen, men raskare og meir uforsiktig enn dei fleste andre stader. Trass i fleire klagar er ikkje biblioteksjefen einig i dette. Blant anna meiner han det ikkje er naudsynt å informere personale eller publikum når ein tilsett har fått påvist smitte, fordi «tilsette ikkje er meint å kome nærare enn seks fot frå kundene meir enn ein augneblink». I tillegg viser han til dei tilsette sitt personvern. Han seier han «forstår uroa blant dei tilsette, men meiner innbyggjarane må kunne kjenne seg trygge når dei kjem for å låne bøker».

Og i Douglas County, Nevada, vil ikkje sheriffen svare på eventuelle naudtelefonar frå biblioteket, fordi dei har erklært at dei stør #BlackLivesMatter….

Norsk forsking på koronasmitte i kontorlandskap og møteplassar

Skjermbilde 2020-07-29 15.08.21
Uproblematisk møteplass

Khrono.no skriv i dag om at «Forskere ved Forsvarets Forskningsinstitutt finne ut hvor smittefarlig kontorlandskap og fellesarealer er». Det handlar om dråpesmitte og spesielt små dråper som kan halde seg svevande i lufta lenge. FFI veit alt ein del om dette: «Vi oppdaget at større dråper enn det man tror, kan holde seg svevende og bli transportert med strømningene i lufta. Det kan gjelde dråper på opptil 50 mikrometer. Altså kan dråper fra pusten din holde seg svevende i et rom i flere timer». No vil dei undersøke konkret kva dette har å seie «i kontorlandskap og på kritiske arbeidsplasser som sykehus og flyplasser». Dei skal blant anna sjå nærmere på kontordesign og ventilasjonsanlegg.

Alle biblioteka har denne typen areal, med mange menneske ut og inn og på kross og tvers heile dagen. Vi har skrive om liknande ting før, då med utgangspunkt i planlegginga av dei nye regjeringskontora i Oslo. Blant anna også i USA er bibliotekforeininga svært opptatt av koronaen og biblioteket som møteplass.

Lesetips veke 31

Skjermbilde 2020-07-28 23.31.06Det er Olsok 29. juli og 990 år sidan Heilag Olav blei heilag. Nærmare bestemt sidan han la grunnlaget for heilagskapen sin ved å stupe på Stiklestad denne dagen (meir presist var det Kalv Arnesson og Tore Hund som sytte for stupinga). Det tok eitt år og fem dagar for Olav å bli helgen, men det kan ha vore verdsrekord (Peter av Verona slog ham i 1253 då han fekk tittelen alt etter 337 dagar). Mykje er skrive om Olav sidan Snorre og frametter, men lesetipset denne veka er likevel «Nidarosdomen : En biografi om Norges nasjonalmonument og menneskene som bygde det» av Atle Næss. Fordi det er ei sabla god bok og fordi levningane etter Olav skal ha havna der. I Domen. Etter kvart. Etter først å ha lege i Klemenskirka og så i Olavskirka. Seier soga.

Fotoet er av det fine museet om Klemenskirka, men som blei grave ut på andre sida av Krambugata, altså til venstre på fotoet. Museet stod ferdig i 2019. I bakgrunnen ser vi Trondheim folkebibliotek, der dei elles fann restene etter Olavskirka under utbygginga som var fullført i 1989. Ruinane kan sjåast i overgangen mellom det nye og gamle biblioteket. God Noregsferie.

Utsøkte glimt frå norsk bok- og bibliotekhistorie

jubileumsbokJuli betyr færre nyheitssaker og dermed tid til langlesing. Men i bokhaugen ligg det også titlar vi lenge skulle ha omtalt på bloggen, til dømes ein overliggar frå i fjor: «Bokhistorie. Bibliotekhistorie : en jubileumsantologi fra Norsk bok- og bibliotekhistorisk selskap». Dette er den fjerde publikasjonen NBBS står som utgjevar av. Men dei kvite flekkane på dette kartet er mange, så foreininga hadde fortent meir støtte både med økonomi frå institusjonane og frivillig kompetent innsats. Bloggaren har no meldt seg inn, med ambisjon å skrive litt om dei når dei fortener det.

No fortener dei det. Det er blitt ei fin bok på fleire måtar. Ein del av emna i boka er vi kjende med, men, som det står i baksideteksten: «Utgivelsen presenterer både velkjente temaer i nytt perspektiv og emner som det tidligere ikke har vært skrevet om». Underteikna har faktisk vore på Bibliothèque Nordique i Paris (i 1997), men først no lese meir enn fem linjer om institusjonen. Og om «Rokokkoen i norsk typografi», «Dekorert papir» og tidsskriftet «Magazin for Naturkundskab» visste vi tidlegare ingen ting.

Det er inga stor bok, men dei 131 sidene er innhaldsrike og avdekker eit stort tematisk mangfald. Geografisk spenner det frå Christiania/Kristiania/Oslo via Spydeberg (eigentleg Enebakk) og Trondheim til Paris, og i tid frå 1600-talet til nesten i dag. 

Dei to innleiande kapitla handlar om … Les mer «Utsøkte glimt frå norsk bok- og bibliotekhistorie»

Lesetips for veke 30

Ei heit sak i desse tidene er kampen om vaksinar for å hindre eller kurere visussjukdommen Covid-19. Blant anna skal Trump ha tilbode eit tysk firma ein milliard dollar for å sikre USA ein vaksine. Og i India er svartebørsinga i full gang. Då kan ein til dømes ta fram igjen klassikaren «Den tredje mann» av Graham Greene. Der det handlar om svartebørshandel med penicillin i eit krise- og kald-krig-ramma Wien i 1948. Både spennande og avslørande.

«Revolusjon» godt i gang

Skjermbilde 2020-07-17 13.44.15
Ikkje fallen betalingsmur, men ruin av bygdeborg. Frå ei bok der to kapittel er «open access». Klikk og kikk 🙂 

Dette er ein mellomtittel fra Khrono.no sitt intervju med direktør i Forskingsrådet, John-Arne Røttingen. Det handlar om at «Frå 2021 får norske forskarar ikkje lenger pengar frå Forskingsrådet dersom dei gir bort opphavsretten til tidsskrift og forlag».

Røttingen seier blant anna: «Forskaren og institusjonen skal ha opphavsretten, og dermed retten til å arkivere og gjere artiklane tilgjengelege. Vi trur dette er noko alle tidsskrift må og vil akseptere. Vi er i tett dialog med redaktørane for dei største tidsskrifta, og forlaga har sagt at dei ønskjer å finne gode modellar for å vere i samsvar med Plan S».

I dag følgjer Khrono opp med to litt ulike synspunkt frå to forskarar: «Meiner forskarar må ha rett til å «klippe og lime» frå publiserte artiklar».

Det er fredag

«Lei kona? Lei kano!». Ein gong på ironiens 1990-tal kunne vi lese dette på eit reklameskilt for kano- og kajakkutleige i ein østfoldby på fire bokstavar. Tretti år seinare, når no pendelen har slått motsett ut, til dei lett-krenkelege sin fordel, er slagordet sjølvsagt blitt umuleg. Og burde vore dobbelt umuleg for bibliotek som måtte innføre det same tilbodet. Om dei då ikkje vel å bryte gratisprinsippet. For å seie det slik.

Retten til å lese opp og sitere? Og leggje ut – for kor lenge?

Skjermbilde 2020-03-25 21.13.49>> Nytt 17.7.: Norsk Bibliotekforening melder på lista biblioteknorge at dei «har teke initiativ til eit møte med Forfattarsentrum m.fl. rett over ferien» om desse spørsmåla. Bra!

«Strømmes for evigheten» var overskrifta i Klassekampen i går då dei følgde opp saka frå tysdag om strøyming og påfølgjande nettpublisering av foredrag og liknande. Noko som kan undergrave nye oppdrag og dermed økonomien til forfattarar. Onsdag blei Nasjonalbiblioteket og Deichman intervjua, men eit gjennomsnittleg folkebibliotek vil ikkje alltid kjenne seg igjen i korleis dei to største biblioteka i landet løyser ting.

Det er på tide med ein gjennomgang av alt dette no når digitale arrangement må bli daglegdagse. Dette er ingen oppgåve for denne bloggen, men vi vil bidra til å spele ballen vidare.

Opphavsrett har aldri vore enkelt, og i faglege forum vedgår ofte bibliotekarar kor usikre dei er. Sjå til dømes denne tråden på Twitter, der den røynde biblioteksjefen i Lom, Rita Mundal, forsøker å få svar på følgjande: «Vi vil ikkje bryte lov og reglar. Er det lov å ha opplesingar i biblioteka utan å betale vederlag og avklare med forf. på førehand eller er det ikkje lov? Td lesestund for ungar, Strikk og lytt, litterær lunsj. Dette er reine opplesingar, ikkje bokpresentasjonar».

Forfattar Idar Lind engasjerte seg, men dei fleste andre fortalde mest om kva dei ikkje veit. Same kor mange gongar Rita gjentok og presiserte.

Det overraskar ikkje at Rita er frustrert. Ho starta tråden sin tre dagar etter at Norsk forfattersentrum hadde hatt ein twitterdiskusjon, der dei i ei seinare oppsummering på heimesida blant anna skriv: Les mer «Retten til å lese opp og sitere? Og leggje ut – for kor lenge?»

Digitale litteraturarrangement er så ymse

Skjermbilde 2020-07-14 15.01.23
Bokomtale og sitat er lovleg. Klikk og spol gjerne 25 minutt ut i sendinga 🙂

Dette er hovudsaka på kultursidene i Klassekampen i dag: «Er kritisk til digitalisering – Forfattersamtaler, foredrag og bokbad deles fritt på digitale flater. Det kan frata forfattere inntektskilder». Det er klart, men litterære arrangement kan vere så mykje, og sjølv om avisa kan påvise at eit (ikkje namngitt) bibliotek er blant syndarane, er det viktig no at bibliotek ikkje blir skremde frå å leggje ut og dele noko som helst.

Tore Renberg seier til avisa at digitalisering av slike arrangement « … er en blindvei. Under korona har det oppstått av nødvendighet, men om det er et vellykket eller interessant formidlingsmedium, er et annet spørsmål».

Ingvild Herzog, leiar av Norsk Forfattersentrum, er kritisk til at «arrangementer skal ligge ute uten tidsbegrensning. … det kan gjøre forfatterne mindre attraktive til andre arrangementer. … Når noe skal vare evig, må det koste mye. Hvis ikke tar vi knekken på forfatterøkonomien».

Vi nemnde dette på bloggen alt 25. mars, men samtidig viste vi til at bibliotek i Australia har fått på plass ein avtale om fri bruk av litteratur i digitale arrangement, på vilkår av at … Les mer «Digitale litteraturarrangement er så ymse»