I eit debattinnlegg i Aftenposten i dag (og på Periskop) går leiarar og representantar for ti institusjonar og organisasjonar på kultur- og kunnskapsfeltet til frontalåtak på forslaget til ny opplæringslov. Fordi utvalet foreslår å «fjerne begrepet skolebibliotek i loven, erstatte det med bibliotek og dermed gi kommunene større frihet til selv å finne lokale løsninger».
Denne typen «fridom» er som kjent éin av den nyliberale staten sine metodar for å kutte i offentlege utgifter og omdanne samfunnet etter marknadslogikken.
Det norske skolebiblioteket har alltid vore ein kasteball på alle forvaltingsnivå, heilt ned på den enkelte skolen. For tjue år sidan danna fleire av dei same organisasjonane Bibliotekaksjonen, der skolebibliotek og tilbodet til barn var heilt sentralt. På Bibliotekmøtet i Stavanger i 2002 presenterte dei nokre gode føredøme, blant anna det nybygde, flotte skolebiblioteket ved Slevik skole i Fredrikstad. Eit par månader seinare tok eg, som journalist, kontakt med skolen med tanke på å gjere ein reportasje, men då … Les mer ««Fridom» for skolebiblioteket …»

Marion Stokes, radikal bibliotekar, forkjempar for sosiale rettar, tv-produsent, feminist og Apple-fan, starta 4. november 1979 opptak av US-amerikanske tv-program. Og slutta ikkje før ho gjekk ut av tida trettitre år seinare. Det blei 71 716 VHS-kassettar. Bakgrunnen hennar for denne private «pliktavleveringa» var uro over falske fakta i media.

I USA var (vel?) BCALA (The Black Caucus of The American Library Association) først ute på bibliotekfeltet med ei fordøming av 



For eit drygt år sidan blogga vi, indignert, om krimforfattarar som lar detektivane sine 
Det er fredag og lov å ikkje vere heilt seriøs (sjølv om mange meiner denne bloggen er det heile tida, altså useriøs). Men til saka: Det er eit problem at debattane om innkjøps- ordningane, om formidlinga av litteratur og kunnskap versus kakeformer og fiskestenger, ja, om heile innretninga på det moderne folkebiblioteket, sjeldan eller aldri blir grundige. Debattane blir berre korte blaff.
Dei fleste lesarane av denne bloggen kjenner godt til historia om korleis det nyleg stengde hovudbiblioteket på Hammersborg i Oslo var blitt «umoderne» før det opna i 1935. Det bygde på ein elitistisk og lite fleksibel trapp-og-søyle-dominert bibliotekarkitektur som elles var forlate, til dømes fjorten år før i Stockholm då dei opna det nye hovudbiblioteket sitt.