Dei fleste lesarane av denne bloggen kjenner godt til historia om korleis det nyleg stengde hovudbiblioteket på Hammersborg i Oslo var blitt «umoderne» før det opna i 1935. Det bygde på ein elitistisk og lite fleksibel trapp-og-søyle-dominert bibliotekarkitektur som elles var forlate, til dømes fjorten år før i Stockholm då dei opna det nye hovudbiblioteket sitt.
Men no kan det vise seg at dei mykje omtalte opne løysingane i det nye biblioteket i Bjørvika som opnar 18. juni er så smitte- og helsefarlege at det vil haste med større endringar der også. Og ikkje berre der, men i svært mange, for ikkje å seie alle moderne bibliotek som har som prinsipp å få flest muleg innbyggjarar til å bruke lokala.
Bakgrunnen for denne påstanden vår er blant anna ein artikkel i dag i Khrona: Smitteekspert trekker fram åpent kontorlandskap som høyrisiko. Som byggjer på ei sak i Dagsavisen om tilsvarande utfordringar i det nye regjeringskvartalet. Ordet bibliotek finst ikkje i artiklane, men begge illustrasjonane til saka i Khrono viser bibliotekrom, ei arkitektteikning av eit myldreareal og typisk «møteplass» og eit foto frå ein lesesal.
« … koronaviruset ser ut til å ha spredt seg svært raskt nettopp i kontorbygninger der det finnes åpne kontorarealer og fellessarealer hvor mange oppholder seg». Dette seier professor i smittevern Bjørg Marit Andersen, tidlegare smittevernoverlege ved Oslo universitetssykehus Ullevål, og ho konkluderer med at: Les mer «Full ominnreiing av Nye Deichman?»

Når vi no sit i heil- eller halv-isolat på snart fjerde månaden og ser på desse seriane på strøyming eller tv, så spør vi oss før eller seinare: Korleis blir dei fiktive samtidsskildringane etter pandemien, inntil vaksina, må vi håpe, blir allemannseige? Kjem politi og røvar til å halde ein meter avstand eller to? Og kva med dei romantiske scenane: Kyssing og slikt alt etter første daten vil gje publikum heilt feil idear, så det må vel bli av typen: Det var hyggjeleg å treffe deg, kan eg få mobilnummeret ditt og sjå koronatesten din?
I Kommunal Rapport i går var den «store» nyheita at «Et stort flertall av kommunene tror koronakrisen gjør det nødvendig å kutte i budsjettet når det skal revideres før sommeren … 
Mens sjøormane i Loch Ness og Seljordsvatn er blitt ganske utvatna etter fleire resultatlause ekspedisjonar og sonarsøk, rår det no ingen tvil om bokormen i 
Kulturdepartementet nemnde i går biblioteka i ein tekst om
Forfattaren, den tidlegare kulturredaktøren og svenske PEN-leiaren 
I førmiddag kom ei litt uklar melding frå regjeringa om 